Snøkrabbe er ein framand art i Barentshavet, og spreier seg hurtig vestover og nordover i fiskerivernsona rundt Svalbard. Den er vurdert til å utgjere svært høg risiko ved Svalbard, og potensielt høg risiko i sørlege delar av Barentshavet utanfor Finnmark og Troms. OBS: Nyere forskning viser at snøkrabbe likevel ikkje er ein framand art.

 

OBS: I Framandartslista 2018 blei snøkrabbe Chionoecetes opilio vurdert som ein framand art. Dette av di ekspertane den gongen meinte at den mest sannsynlege spreiingsmåten til Barentshavet var via ballastvatn. Ny forsking (genetiske studiar) av snøkrabbe frå Barentshavet styrkjer derimot hypotesa om at arten har vandra til Barentshavet sjølv (Dahle et al, submitted). Arten kan derfor ikkje lenger reknast som framand i norske havområde.

Snøkrabbe Chionoecetes opilio er ein stor krabbe som kan bli 15 år gammal og opptil 16,5 cm brei over skalet. Den har dei naturlege leveområda sine i det nordlege Stillehavet og havet nord for Beringstredet, samt på austkysten av Canada og vestkysten av Grønland. I 1996 blei fem individ funne i havet ved Novaja Zemlja, i russisk sone av Barentshavet. I 2015, berre 19 år seinare, blei det fiska 18 000 tonn av arten i det internasjonale farvatnet mellom norsk og russisk sone.

Biologien gir stort spreiingspotensial

Snøkrabbe har ein reproduksjon og eit levesett som gir den eit stort potensial for etablering og vidare spreiing. Hodyret har evna til å lagre sperma, og kan derfor gyte to gonger på ei paring. Enda viktigare er det at larvene i ein periode på opptil fem månader flyt rundt i dei frie vassmassane. Dei rekk dermed å bli førte over store avstandar og spreidde til nye område før dei slår seg ned på botnen.

Larvene til snøkrabben er ikkje avhengige av grunt vatn, men kan slå seg ned på ulike djupn. Også dei vaksne dyra lever i farvatn med varierande djupn, noko avhengig av livsstadium. Arten er arktisk og føretrekkjer kaldt vatn, helst kaldare enn 4°C. Evna til å utnytte ulike havdjupn og preferansen for kaldt vatn, gjer at det geografiske området der arten kan etablere seg er svært stort.

Vasstemperaturen kan samtidig setje grenser for den framtidige utbreiinga av snøkrabben. I dei sørlegaste delane av Barentshavet der temperaturane er noko høgare, som i havet utanfor Finnmark og Troms, vil den truleg aldri bli særleg talrik.

– For å illustrere snøkrabben sitt spreiingspotensial, er det nærliggjande å samanlikne med den meir berømte kongekrabben Paralithdodes camtschaticus, som også er ein framand art i Barentshavet. Kongekrabben er avhengig av grunne område, både i larvestadiet og i paringstida, og krev varmare vatn. Derfor har snøkrabben, som er for ein nykomar å rekne, allereie i dag ein mykje større biomasse i Barentshavet enn kongekrabbe som har vore i området i snart 50 år, seier Jan H. Sundet. Han forskar på kongekrabbe og snøkrabbe ved Havforskningsinstituttet.

Ei ustoppeleg delikatesse

Snøkrabbe er ein stor og velsmakande art, og fisket etter krabben er kommersielt viktig i dei områda den har naturleg utbreiing.

I Barentshavet blir snøkrabbebestanden forvalta av Russland og Noreg. Fisket etter arten starta i liten skala i 2012, men i løpet av kort tid utvikla eit betydeleg fiske seg i internasjonalt farvatn mellom russisk og norsk sone (Smutthullet). I toppåret 2015 blei det teke 18 000 tonn snøkrabbe. Den fyrste kvoten for snøkrabbe i norsk sone blei sett i 2017, og var på 4 000 tonn. Det er venta at kvotane vil auke betrakteleg i åra som kjem, etter kvart som mengda krabbe aukar.

– Snøkrabben representerer eit dilemma som minner om problematikken rundt kongekrabbe, seier Jan Sundet, og fortset:

– Næringsinteressene ser ein framtidig ressurs og verdifull eksportartikkel i arten, mens mange er bekymra for risikoen den utgjer for økosystema. Men det er ein viktig forskjell på dei to artane. Det er ikkje mogeleg å stoppe snøkrabben si spreiing og dominans i økosystemet med kommersielt fiske, slik ein med eit visst hell har klart det med kongekrabbe. Til det er områda der arten potensielt kan etablere seg for store og for lite tilgjengelege.

Kvar kom den frå, og korleis kom den?

Dei fyrste individa av snøkrabbe blei funne av russiske forskarar på Gåsbanken ved Novaja Zemlja i 1996, og i 2004 blei det funnet individ i norsk sone. Kvar krabbene i Barentshavet har opphavet sitt er framleis usikkert. Det mest sannsynlege er at dei har flytta seg frå havområda nord for Beringstredet, og vestover heilt inn i Barentshavet. Ein slik teori blir støtta av at det er gjort funn av snøkrabbe fleire stader langs nordkysten av Sibir.

Genetiske analysar viser at krabbane i Barentshavet er lite i slekt med krabbane i Beringhavet og Canada, og enda mindre med dyra på Grønlands vestkyst. Men det er mogeleg at snøkrabben har brukt så lang tid på vandringa si frå Beringhavet til Barentshavet at den har hatt tid til å endre seg genetisk undervegs.

Kvifor er så snøkrabbe definert som ein framand art, om den har flytt seg sjølv frå aust til vest i dei nordlege havområda?

– Det er fordi vi framleis ikkje har nok kunnskap om opphavet til snøkrabbane i Barentshavet, samtidig som det finst faktorar som gir rom for å tru at det dreiar som ein framand art. Vi har med andre ord vår tvil, seier Sundet.

– Russiske forskarar har ein teori om at larvar av arten kan ha blitt transporterte i ballastvatn på skip frå Canada til russisk sone i Barentshavet. Det er også noko spesielt med måten bestanden har utvikla seg på i Barentshavet. Det tok relativt lang tid frå arten fyrste gong blei oppdaga i russisk sone til den nærmast eksploderte i tal rundt 2010/2011. Ei slik lang såkalla latenstid er ganske typisk for bestandutviklinga hos innførte artar. Inntil vi har skaffa oss meir kunnskap må vi derfor per i dag ta høgde for at snøkrabben er ein framand art.

Snøkrabbe Chionoecetes opilio frå 246 meters djupn i Storbankrenna i Barentshavet, fotografert 26. oktober 2017.

Snøkrabbe som økologisk risiko

Bestanden av snøkrabbe har som nemnt eksplodert i Barentshavet etter at ekspansjonen fyrst tok av. I austlege og sentrale delar av havet er den no etablert, og det er forventa at krabben spreier seg vidare vest- og nordover inn i fiskerivernsona rundt Svalbard i åra som kjem. Allereie er det gjort enkeltfunn av snøkrabbe i havet rundt Svalbard, deriblant heilt oppe på nordvestkysten av Spitsbergen.

– Det er så langt ikkje gjort studiar av korleis snøkrabben eventuelt verkar inn på dei lokale økosystema i Barentshavet. Men arten lever av botndyr som muslingar, slangestjerne og krepsdyr, og i og med at snøkrabben er ein art som tar så veldig stor plass i økosystema der den etablerer seg, fryktar vi det vil bli endringar i botnfaunaen og dermed økosystema i dei nordlege havområda, avsluttar Jan H. Sundet ved Havforskningsinstituttet.

I 2012 blei snøkrabben i Barentshavet vurdert til å utgjere svært høg risiko. I 2018-vurderinga har ein valt å gjere ei vurdering for Fastlands-Noreg, i realiteten norsk økonomisk sone utanfor kysten av Finnmark og Troms, og ei vurdering for havområda rundt Svalbard.

Det er funne spreidde eksemplar av snøkrabbe i havet utanfor Finnmark. Likevel er det grunn til å tru at arten ikkje vil bli talrik i dette området på grunn av for høg vasstemperatur. Snøkrabbe er derfor vurdert til kategorien potensielt høg risiko for Fastlands-Noreg.

Ved Svalbard, det vil seie i fiskerivernsona, blir det forventa at krabben dei kommande åra vil etablere seg og bli talrik. Den er derfor vurdert til å utgjere svært høg risiko i dette området.