Orientgran er eit middels stort tre frå Kaukasus og nordaustlege Tyrkia. Arten er innført til Noreg som prydtre i parkar og hagar og er funnen frøforvilla nokre få gonger.

Orientgran liknar mykje på gran med nålverk som er jamt grønt.

Kjenneteikn

Orientgran blir truleg ikkje særleg høgvaksen i Noreg. Unge kvistar er håra. Nålene er firkanta i tverrsnitt, blankt grøne, mjuke og med lite synlege striper av spalteopningar på alle sider. Dei er butte og ganske korte, 0,6–1,0 cm (oftast ca. 1,0 cm) lange. Dei står ut på undersida av kvisten, men er meir tiltrykte og framretta på oversida av kvisten. Konglene er 5–10 cm lange og smale, og kongleskjela er tjukke, avrunda og heile i toppen. Orientgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Nålene hos orientgran er butte og dei er kortare enn hos nokon annan gran-art i Noreg.

Kromosomtal

Orientgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Orientgran er innført som prydtre og vart først rapportert som forvilla i Noreg i 1959 frå Os i Hordaland og ca. 1960 frå Bergen (sjå Nedkvitne 1960). Seinare er ho ikkje offisielt rapportert som forvilla, men ho er truleg ein del oversett. Vi har til dømes funne ho som frøforvilla i arboretet på Øverland i Bærum, Akershus, så seint som i 2020.

Orientgran er heimleg i fjellområda i nordlege Tyrkia og Kaukasus ved Svartehavet. Ho er truleg hardfør i nemoral og boreonemoral sone, men ikkje i dei meir nordlege boreale sonene.

Kommentarar

Orientgran er eit viktig tømmertre i dei områda der ho er heimleg.

Forvekslingar

Orientgran kan bli forveksla med andre artar av gran. Ho er som ein mellomting mellom gran Picea abies og serbargran Picea omorika i vekstform, men skil seg frå desse i dei korte, butte og noko tiltrykte nålene. Ho har dei kortaste nålene av Picea-artane med grønt nålverk.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Franco, J do Amaral (1993). Picea A. Dietr. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Nedkvitne K (1960). Inførde bartreartar som sår seg på Vestlandet. Tidskrift for skogbruk 68: 29–33.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Orientgran Picea orientalis (L.) Peterm. www.artsdatabanken.no/Pages/285834. Lasta ned <dag.månad.år>.