Fjellhemlokk er innført som skogstre og prydtre. Arten kjem frå vestlege Nord-Amerika, der han er eitt av dei viktigaste treslaga i fjellskog. Han er førebels lite forvilla i Noreg.

Fjellhemlokk kan bli et stort tre. Her eit mindre tre i Øverland Arboret i Bærum.

Kjenneteikn

Fjellhemlokk blir berre eit mindre tre i Noreg, men kan bli opptil 40 m høg i Nord-Amerika. Toppskotta er mindre tydeleg nikkande enn hos dei to andre artane. Nålene sit til alle sider på kvisten. Dei er mjuke og flate. Oversida av nålene er gråleg grøn med ei renne med striper med spalteopningar, medan undersida har band av 4–9 striper med spalteopningar. Konglene er sitjande, og dei er meir avlange enn hos dei andre artane og oftast 3–7 cm lange. Fjellhemlokk spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Oversida av nålene hos fjellhemlokk er gråleg grøn med ei renne med striper av spalteopningar.

Undersida av nålene hos fjellhemlokk er bleike med breie band med spalteopningar (sjå nålene øvst i bildet).

Nålene hos fjellhemlokk står til alle sider på kvisten (ulikt dei to andre hemlokkartane omtala her). 

Kromosomtal

Fjellhemlokk er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Fjellhemlokk er innført, truleg oftast som skogstre. Arten vart først registrert som forvilla med frø i 1960 (Nedkvitne 1960). Førebels er han berre kjend som forvilla i Hole i Buskerud, Stord og Voss i Hordaland og Saltdal i Nordland, men finst truleg fleire stader. Han er knytt til dei boreale sonene.

Den heimlege utbreiinga ligg i vestlege Nord-Amerika og strekkjer seg langsmed Stillehavskysten og innover til Rocky Mountains frå Sør-Alaska sør til Midt-California.

Kommentarar

Fjellhemlokk er eit bartre som lett kan etablere seg i subalpin og nordboreal bjørkeskog, om han får sjansen. Arten kan vere etablert fleire stader enn vi veit om i Noreg.

Forvekslingar

Fjellhemlokk kan bli forveksla med andre hemlokkartar. Her i landet er det snakk om vestamerikansk hemlokk Tsuga heterophylla og kanadahemlokk Tsuga canadensis. Fjellhemlokk har nåler som sit kring heile kvisten, i motsetnad til dei to andre som har nåler i to rekkjer på sidene av kvisten, og han har spalteopningar både på over- og undersida av nålene, som difor verkar grågrøne, medan dei to andre har ingen eller svært få spalteopningar på oversida, og som difor verkar reint grøne.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Tsuga_canadensis.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Nedkvitne K (1960). Inførde bartreartar som sår seg på Vestlandet. Tidskrift for skogbruk 68: 29–33.

Taylor RJ (1993). Tsuga (Endlicher) Carrière. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 362–365.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Fjellhemlokk Tsuga mertensiana (Bong.) Carrière. www.artsdatabanken.no/Pages/305093. Lasta ned <dag.månad.år>.