Mariesedelgran kjem frå Japan. Ho er truleg lite dyrka i Noreg, har vore freista forstleg, men utan mykje hell, og ho er så vidt funnen forvilla i Noreg.

Kjenneteikn

Mariesedelgan blir eit mellomstort tre opptil 25(–30) m høgt. Ho er mykje meir småvaksen enn den næraste slektningen, stillehavsedelgran A. amabilis. Unge stammar har grå til lilla bork som sprekk opp og mørknar nedst med alderen. Unge kvistar har grunne furer og er tett raudhåra. Knoppane er håra og med harpiks. Nålverket er mørkt grønt på oversida. Nålene er tettstilte, av om lag lik lengde, og dei overlappar. Alle nålene på oversida av kvisten er framoverretta og dekkjer kvisten. Nålene er 1,5–2,5 cm lange og butte eller utranda i enden. Oversida er mørkt grøn og utan spalteopningar. Undersida har to kvite band, kvart med ca. 12 striper med spalteopningar. Harpikskanalane er epidermale. Eit særtrekk hos denne arten er at nålene luktar ingefær når dei blir knuste. Konglene er 6–9 cm lange. Mariesedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kromosomtal

Mariesedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Mariesedelgran er berre dokumentert frå éin stad i norsk natur, forvilla frå prøveplanting ved Tømte i Nannestad i Akershus og rapportert frå 2007 frametter.

Den heimlege utbreiinga er begrensa til fjell på dei midtre og nordlege delane av den største japanske øya, Honshu. Her veks mariesedelgran i blanda eller nokså reine bestandar opp mot skoggrensa, og ho er den edelgran-arten som veks høgast oppe i Japan.

Kommentarar

Charles Maries (1851–1902), ein engelsk botanikar, vart sendt av gartnarfirmaet James Veitch & Sons til Aust-Asia for å finne plantar ein kunne introdusere til britiske hagar. Han fann denne edelgran-arten i 1878. Arten fekk si vitskaplege beskriving ut frå hans materiale, og vart namnsett etter han.

Systematisk høyrer mariesedelgran til seksjonen Amabilis, ein liten seksjon med berre to artar: mariesedelgran og stillehavsedelgran Abies amabilis frå Stillehavskysten i Nord-Amerika. Seksjonen er eit eksempel på ein nokså vanleg disjunksjon (oppsplitting) i utbreiing, mellom nordaustlege Asia og vestlege Nord-Amerika.

Forvekslingar

Mariesedelgran kan bli forveksla med nokre andre edelgranartar. Ho er truleg mest lik artane i Balsamea-seksjonen med mykje harpiks i knoppane, nemleg balsamedelgran Abies balsamea, fjelledelgran Abies lasiocarpa, koreaedelgran Abies koreana, sakhalinedelgran Abies sachalinensis, sibiredelgran Abies sibirica og veitchedelgran Abies veitchii. Mariesedelgran har epidermale harpikskanalar i nålene, medan alle artane i Balsamea-seksjonen har mediale harpikskanaler.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Mariesedelgran Abies mariesii Mast. www.artsdatabanken.no/Pages/285855. Lasta ned <dag.månad.år>.