Surbær i vid forstand er her delt på to slekter: Aronia, som inneheld dei opphaveleg viltveksande artane frå Nord-Amerika med nokre kultivarar, og hybridslekta xSorbaronia, som inneheld både spontane og kunstig framstilte hybridar mellom Aronia og rogn- og asalartar.

Surbærslekta Aronia kjem opphaveleg frå midtre og austlege Nord-Amerika og inneheld to artar og den spontane hybriden mellom dei. Artane har noko ulike tyngdepunkt i utbreiinga; svartsurbær er meir nordleg og austleg, medan raudsurbær er meir sørleg og vestleg. Storsurbærslekta ×Sorbaronia er ei hybridslekt som inneheld både naturlege og kunstig framstilte hybridar mellom Aronia og rogn- og asalartar. Surbær, både artane og kultivarar dels danna frå kunstige hybridiseringar med rogn og asal (×Sorbaronia), er i handelen som bær- og prydbuskar. I Noreg har storsurbær ×Sorbaronia mitschurinii, ein komplisert hybrid mellom svartsurbær Aronia melanocarpa og rogn Sorbus aucuparia, vorte nokså vanleg som forvilla (sjå Elven og Hegre 2023).

Artane i slektene er buskar med skruestilte blad som elles i rosefamilien. Dei er oftast omvendt eggforma i Aronia og elliptiske i ×Sorbaronia mitschurinii, med tydelege tenner og oftast med ein svartraud kjertel i spissen (noko mindre utprega hos storsurbær). Langsmed oversida av midtnerven og ofte litt ut på sidenervane sit det talrike, svartraude og tappforma kjertlar, ein spesiell karakter som skil både Aronia og ×Sorbaronia frå andre buskar, både i rosefamilien og elles. Blomane er kvite og sit i nokså diffuse halvskjermar i Aronia og i meir kompakte hos ×Sorbaronia mitschurinii. Fruktene (bærepler) er relativt små hos Aronia, det vil seie om lag 0,5 cm (opptil 0,7 cm) i diameter, medan dei er større, det vil seie rundt 1 cm i diameter, hos ×Sorbaronia mitschurinii. Frøa vert spreidde med fugl som et dei saftige bærepla.

Dei tappforma kjertlane på hovudnerven (og dels på sidenervene) på bladoversida er eit trygt teikn på at bladet tilhøyrer anten Aronia eller ×Sorbaronia, det vil seie ei surbær i vid forstand.

Buskane får små bæreple som er raude eller, som til dømes her hos svartsurbær, svarte.

Kjelder

Brand MH, Obae SG, Mahoney JD og Connolly BA (2022). Ploidy, genetic diversity and speciation of the genus Aronia. Scientia Horticulturae 291, 110604.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Hegre H (2023). Surbær i Norge har vært misforstått. Blyttia 81: 99–111.

Hardin JW (1973). The enigmatic chokeberries. Bulletin of the Torrey Botanical Club 100: 178–184.

Leonard PL, Brand MH, Connolly BA og Obae SG (2013). Investigations into the origin of Aronia mitschurinii using amplified fragment length polymorphism analysis. HortScience 48: 520–524.

Mahoney JD, Hau TM, Connolly BA og Brand MH (2019). Sexual and apomictic seed reproduction in Aronia species with different ploidy levels. HortScience 54: 642–646.

Pankhurst RJ (2014). Aronia Medikus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.), Flora of North America North of Mexico 9. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=1&taxon_id=102649

Sennikov AN og Phipps JB (2013). Atlas Florae Europaeae notes, 19–22. Nomenclatural changes and taxonomic adjustments in some native and introduced species of Malineae (Rosaceae) in Europe. Willdenowia 43: 33–44.

Skvortsov AK og Maitulina YuK (1982). On distinctions of cultivated black-fruited Aronia from its wild ancestors. Bjull. Glavn. Bot. Sada AN SSSR 126: 35–40. [På russisk.]

Skvortsov AK, Maitulina YuK og Gorbunov YN (1983). Cultivated black-fruited Aronia: Place, time, and probable mechanism of formation. Bjull. MOIP. Otd. Biol. 88: 88–96. [På russisk, omset av I. Kadis 2011.]

Stalažs A (2021). ×Sorbaronia mitschurinii: from an artificially created species to an invasion in Europe: repeating the fate of invasive Amelanchier ×spicata, a review. Journal of Plant Research 134: 497–507.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Surbærslektene Aronia og ×Sorbaronia. www.artsdatabanken.no/Pages/366664. Lasta ned <dag.månad.år>