Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til småriddarsporeslekta Consolida

Dei tre Consolida-artane som er funne i Noreg, er framande og er eittårige, nære slektningar til dei fleirårige riddersporane i Delphinium. Dei er sjeldsynte, tilfeldige, og dei har truleg aldri vore bufaste i Noreg. Dei karakterane som skil desse tre artane finn ein i støtteblada i blomestanden, i blomefarge og i hårklednad på fruktblada. Slekta er lett kjenneleg på at blomane er monosymmetriske og med éin lang spore, eit trekk ho berre har sams med Delphinium, men ho skil seg frå Delphinium i at det berre er eitt fruktblad (som utviklar seg til ein skolmkapsel) i kvar blome.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.