Blåveis er kanskje den kjæraste vårblomen av alle. Slekta inneheld berre ei dryg handfull artar på verdsbasis. Nokre av desse vert dyrka som prydplantar.

Blåveis, eit kjært vårteikn, her avbilda seint i mars på Frosta i Nord-Trøndelag.

På verdsbasis er det om lag sju artar i blåveisslekta Hepatica. Desse er heimlege i Europa (nordlege og sentrale delar), Asia og austlege Nord-Amerika. I Noreg omfattar ho berre éin art, blåveis Hepatica nobilis. Han blei av Linné rekna som ein Anemone i 1753, A. hepatica, men etter opprettinga av slekta Hepatica av Miller i 1754 vart arten ført over dit av Schreber i 1771. Arten og slekta skil seg frå Anemone-slekta i eit anna grunnkromosomtal, i tillegg til stengelblada som sit heilt oppunder blomen som eit «falskt beger». Dersom ein vel ei vidt avgrensa Anemone-slekt, vil Hepatica gå inn her att.

Artane har tokjønna blomar med blå (oftast), rosa, lilla eller kvite, kronbladliknande (petaloide) begerblad. Kronblad manglar. Oppunder blomen sit tre grøne sveipblad som eit beger. Blada sit ved grunnen, er léraktige, vanlegvis grunt treflika (trelappa) og vintergrøne.

Eit par andre Hepatica-artar vert dyrka og kan verte funne forvilla: ungarsk blåveis H. transsilvanica Fuss frå Romania, med flika bladlappar og større blomar (ca. 5 cm i diameter), er funnen forvilla i Danmark og Sverige nord til Stockholmsområdet, og H. americana (DC.) Ker Gawl. (som liknar mykje på vår blåveis) og amerikansk blåveis H. acutiloba (DC.) G.Lawson med spisse bladlappar, begge frå austlege Nord-Amerika.

Artane i blåveisslekta har éin krans blomeblad, kronbladliknande begerblad, og grøne sveipblad som sit oppunderblomen som eit beger. Blada er léraktige og vintergrøne.

Kjelder

Dutton BE, Keener CS og Ford BA (1997). Anemone Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 139–158.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Uotila P (2001). Hepatica Mill. I: Jonsell, B. (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 310–311.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Blåveisslekta Hepatica Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/315276. Lasta ned <dag/månad/år>.