Svartkurla og hennar nære slektningar er ei lita gruppe utbreidd i Europa, med éin art i Nord-Europa og nokre fleire i fjellstrøk i Mellom- og Sør-Europa. Gruppa står nær brudesporeslekta Gymnadenia, men dei siste molekylære undersøkingane peikar ut Nigritella som ein søstergruppe til Gymnadenia, altså ei særskild slekt.

Svartkurla i Alpane skil seg noko frå ho i Skandinavia, mellom anna med ofte meir raude blomar. Her frå Engadin i kantonen Graubünden i Sveits.

Kjenneteikn

Artane av Nigritella er nærskylde, liknar mykje på kvarandre, og berre éin art er kjent frå Nord-Europa. Kjenneteikna er difor omtala under arten.

Økologi og utbreiing

Sjå arten.

Kommentarar

I dei siste tiåra er det kome fleire molekylære undersøkingar som har tyda på at svartkurlene i slekta Nigritella skulle bli innlemma i slekta Gymnadenia. Det er òg kjent eit par hybridar mellom desse to gruppene, i hybridslekta ×Gymnigritella E.G.Camus, dersom ein aksepterer to slekter. Dei siste molekylære undersøkingane (sjå Brandrud mfl. 2019) tyder likevel på at Nigritella fortener rang som ei særskild slekt, slik ho har vore før.

Nigritella er ei lita, europeisk gruppe av nærskylde artar, truleg om lag 12 i talet. Sett bort frå vår art, er desse lokale artar i ulike fjellstrøk i Mellom- og Sør-Europa.

Forvekslingar

Inga forveksling mellom ei svartkurle og nokre andre plantar er mogeleg.

Kjelder

Brandrud MK, Paun O, Lorenz R, Baar J og Hedrén M (2019). Restriction-site associated DNA sequencing support a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae). Molecular Phylogenetics and Evolution 136: 21–28.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 11/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Svartkurleslekta Nigritella Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/325530. Lasta ned <dag.månad.år>.