Honningblomslekta Herminium er ei mellomstor, eurasiatisk slekt med tyngdepunkt i Aust-Asia og med berre éin art i Europa og Noreg: honningblom H. monorchis.

Kjenneteikn

Slekta omfattar nokså grannvaksne urter med knollar. Knollane er runde til avlange. Stengelen har slireforma blad nedst og eitt eller fleire velutvikla stengelblad, nedst med ei slire som går kring stengelen. Blomestanden er eit smalt aks med små, lansettforma støtteblad. Blomane kan vere opprette, utståande eller nikkande (nikkande hos vår art), og oftast gulgrøne. Dei øvre blomeblada er bøygde saman, men formar ikkje ein tydeleg hjelm. Dei sidestilte blomeblada sprikjer, og det gjer òg den oftast mykje framtredande leppa. Ho kan vere heil, djupt treflika eller stundom femflika, og ho vender nedover. Blomen er utan spore. Pollenet sit i to pollinium.

Økologi og utbreiing

Sjå arten for økologi. Slekta har om lag 25 artar, i all hovudsak i Aust-Asia der det er 18 artar i Kina åleine. I Europa og Noreg er det berre éin art.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Honningblomslekta Herminium L. www.artsdatabanken.no/Pages/325526. Lasta ned <dag.månad.år>.