Kvitkurle gjer ikkje så mye av seg, med små, gråkvite eller gulkvite blomar, men særleg fjellkvitkurla har så sterk og god ange av honning at ein stundom kjenner angen av ho før ein ser ho.

Kjenneteikn

Kvitkurlene er nokså små plantar, opptil 30 cm høge, med knollar som er delte i fleire, granne flikar. Stengelen har oftast fleire blad. Blada er tungeforma og grøne på begge sider. Akset er langt og sylindrisk, med smale støtteblad. Blomane er nokså små, gråkvite eller gulkvite, med dei øvre blomeblada bøygde saman som ein hjelm, med treflika leppe som vender nedover og med ein kort, tjukk spore. Pollenet er samla i to pollinium.

Rotknollane er delte i fleire granne flikar.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Stengelen har fleire, tungeforma blad, dei største kring midten av stengelen.

Kvitkurle-artane er nokså unnselege, med små, kvitgrøne eller gulgrøne blomar i eit aks. Her fjellkvitkurle frå Tolga.

Økologi og utbreiing

Kvitkurlene veks på baserik grunn, men med noko ulik økologi hos dei to artane: arten kvitkurle veks ofte i slåtteeng, beitemark og open skog, arten fjellkvitkurle veks oftare i rikmyr og rik fjellhei. Samanlagt har dei vore utbreidde i store delar av landet, men manglar eller er svært sjeldsynte i austlege delar av Austlandet sør for Nord-Østerdalen og Femunden. Dei er ikkje funne i Østfold, Akershus eller i storparten av Vestfold. Globalt er dei kjende frå nokre få stader aust i Canada, sørlege delar av Grønland, og i spreidde område i Europa og austover gjennom Russland og Sibir til Stillehavet.

Kommentarar

Fram til 1970-talet gjekk slekta oftast under namnet Leucorchis E.Mey., eit namn frå 1839, men slektsnamnet Pseudorchis Ség. er frå 1754 og har prioritet. Inntil om lag same tida (1970-talet) rekna storparten av botanikarar med berre éin art (med sjå Nilsson 1976), L./P. albida, men Reinhammar (1995, 1998) klarla at det er to distinkte artar med overlappande utbreiing: éin amfi-atlantisk og éin med brei eurasiatisk utbreiing. Dei to er på same kromosomtalsnivå (diploid), men det er ikkje kjent hybridar.

Forvekslingar

Slekta kvitkurle blir lite forveksla. Den mest snarlike er sibirnattfiol i slekta Lysiella, men dei to slektene skil seg i kor mange blad dei har, fleire velutvikla i kvitkurleslekta, men oftast berre eitt i sibirnattfiolslekta, og i blomeform og forma på leppa som er treflika hos kvitkurlene, men heil hos sibirnattfiol. Ei anna mogeleg forveksling er med bleikbloma plantar av grønkurle Dactylorhiza viridis, men her er både blada og leppa ulike. Kvitkurlene har blad som er friskt grøne eller noko gulgrøne på begge sider, og som har utydelege nervar. Grønkurle har blad som er breiare, meir grågrøne eller mørkgrøne og mykje bleikare på undersida enn på oversida, og med svært tydelege nervar. Kvitkurlene har lepper der midtfliken er lengst eller jamlang med sideflikane, medan grønkurle har leppe der sideflikane er mykje lengre enn midtfliken.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Nilsson Ö (1976). Bidrag till kärlväxtfloran i västra Härjedalen. Svensk botanisk tidskrift 70: 233–250.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

Reinhammar LG (1995). Evidence for two distinctive species of Pseudorchis (Orchidaceae) in Scandinavia. Nordic Journal of Botany 15: 469–481.

Reinhammar LG (1998). Systematics of Pseudorchis albida s.l. (Orchidaceae) in Europe and North America. Botanical Journal of the Linnean Society 126: 363–382.

Siter nettsida som:

Elven R. Kvitkurleslekta Pseudorchis Ség. www.artsdatabanken.no/Pages/312249. Lasta ned <dag.månad.år>.