Kvitkurle er den meir sjeldsynte av dei to norske artane i slekta. Arten er funnen over store delar av landet, men går sterkt attende, truleg mest på grunn av endringar i ein av dei naturtypane arten særleg føretrekkjer: typar av tradisjonelt skjøtta kulturmark.

Kjenneteikn

Kvitkurle er ein grannvaksen plante opptil 30 cm høg. Blada er opprette og reint grøne. Akset smalnar mot toppen. Støtteblada er jamlange med fruktknuten og øvst har dei tettstilte, regelrette papillar i kanten. Blomane er gråkvite, med svak lukt. Dei ytre blomeblada er 2–3 mm lange. På leppa er midtfliken mykje breiare og lengre enn sideflikane. Sporen er tjukkast mot spissen.

Blada hos arten kvitkurle Pseudorchis albida står ofte noko oppover.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Blomane er små, gråkvite til bleikt gulkvite, og stikk lite framom støtteblada.

Leppa i blomen er treflika, med ein lang midtflik og kortare sideflikar, ein viktig skilnad frå den andre arten, fjellkvitkurle.

Kromosomtal

Kvitkurle er diploid med grunntal x = 21 og kromosomtal 2n = 42.

Økologi og utbreiing

Kvitkurle er oftast funnen i slåtteeng, beitemark og i open, urterik (og ofte beita) skog, og berre på baserik grunn. Planten er kjent frå spreidde stader i dalføra på Austlandet nordover frå He Trysil, Op Gjøvik, Nordre Land og Sør-Aurdal, Bu Krødsherad og Kongsberg, Te Bø, Vinje og Fyresdal og AA Birkenes, og som spreidd til sjeldsynt i kyst‑ og fjordstrøk frå VA Kristiansand til No Vågan, i Trøndelag inn til ST Røros og Tydal og NT Meråker, Lierne og Røyrvik. Han er òg funnen nokre få stader lengre nord, i Tr Gratangen, Tromsø og Karlsøy og i Fi Loppa, Alta og Nordkapp. På Vestlandet er planten funnen heilt opp i snaufjellet, til 1220 moh. på Hardangervidda (i Ho Ulvik).

Av di alle gamle opplysingar ligg under namnet “albida”, er kartbildet for P. albida i Artskart misvisande. Av dei over 2200 postane som kartet byggjer på, høyrer det store fleirtalet til den andre arten, P. straminea, som er mykje meir vanleg enn ekte P. albida.

Arten er europeisk og er utbreidd i Skandinavia og på Dei britiske øyane (men ikkje Island) og i åstrakter og fjellstrøk sør til fjella nord for Middelhavet.

Kommentarar

Kvitkurle har gått mykje attende og er om lag heilt borte frå låglandet og kyststrøka sør for Nord-Østerdalen og Nordfjord. Arten har framleis mange førekomstar i Møre og Romsdal og Trøndelag, i Trøndelag særleg i Rørosområdet og på Fosen, men òg her er han i tilbakegang. Årsaken til tilbakegangen er mest truleg omleggingane i jordbrukspraksis, der det allereie for lenge sidan blei slutt på utslått og slåtteenger og i seinare tiår mykje reduksjon i utmarkbeite.

Forvekslingar

Den første karakteren ein skal sjå etter for å skilje mellom kvitkurle og fjellkvitkurle, er leppa. Hos kvitkurle er midtfliken lengre og breiare enn sideflikane; hos fjellkvitkurle er sideflikane jamlange med midtfliken. Blomane hos kvitkurle er gråkvite, hos fjellkvitkurle gulkvite, og blomane hos fjellkvitkurle har mykje sterkare ange enn hos kvitkurle. Blada hos kvitkurle er oftast reint grøne og opprette medan dei er meir gulgrøne og ofte utbøygde hos fjellkvitkurle. Det er òg skilnadar i støtteblada i akset og i nektarsporen, sjå omtalane.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Reinhammar LG (1995). Evidence for two distinctive species of Pseudorchis (Orchidaceae) in Scandinavia. Nordic Journal of Botany 15: 469–481.

Reinhammar LG (1998). Systematics of Pseudorchis albida s.l. (Orchidaceae) in Europe and North America. Botanical Journal of the Linnean Society 126: 363–382.

Siter nettsida som:

Elven R. Kvitkurle Pseudorchis albida (L.) Á.Löve & D.Löve. www.artsdatabanken.no/Pages/312239. Lasta ned <dag.månad.år>.