Vårmarihand i ei eng på baserik skjelsand i Refvika i Vågsøy.

Vårmarihand er ein av dei orkidéane som blømer tidlegast, ofte allereie i slutten av april. Han er ganske vanleg i kyststrøk, i alle fall nord til Nordland. Han er vakker, og mange plukkar han inn til pynt, men ofte berre éin gong av di blomane luktar sterkt som kattepiss.

Kjenneteikn

Vårmarihand kan bli ein ganske grovvaksen plante, ofte opptil 30–40 cm. Knollane er avlangt avrunda. Stengelen er grov og har nedst 3–5 smalt elliptiske, mørkgrøne blad, oftast utan flekkar, men stundom med talrike små prikkar eller flekkar. Ovanfor desse sit 1–3 slireforma, lysgrøne blad, dei øvre utan plate, og før bløminga sit desse som ei hylse kring den unge blomestanden. Blomestanden er eit tett til noko grissent aks med store, raudfiolette (sjeldan kvite) blomar med små støtteblad. Heile toppen av planten er oftast noko raudfiolett farga. Dei to sidestilte ytre blomeblada peiker på skrå oppover medan det tredje ligg over leppa saman med to av dei indre som ein hjelm. Leppa er stor og treflika med mørke merke og vender nedover. Blomen har ein lang, kølleforma spore som peiker opp- og bakover.

Hos vårmarihand er dei fullt utvikla blada samla ved grunnen, medan det berre er slireforma blad oppover på stengelen.

Blomefargen er oftast fiolettraud, men kvitbloma plantar førekjem stundom.

Blomen har ei treflika leppe og ein spore som peikar bakover og på skrå oppover.

Kromosomtal

Vårmarihand er diploid med grunntal x = 21 og kromosomtal 2n = 42.

Økologi og utbreiing

Vårmarihand er knytt til næringsrik, ofte baserik lauv- og barskog i låglandet og dalføra, og i open hei i kyststrøk, oftast på baserike berg og baserike sandavsetningar (skjelsand). På Austlandet er arten funnen inn til Hadeland (til Op Lunner), Ringerike (til Bu Ringerike) og midtre dalføre i Telemark (til Te Tokke) og med eitt funn øvst i Setesdal (i AA Bykle, kor han er funnen opp til over 1000 moh.). Han er bortimot vanleg kring Oslofjorden og Skiensfjorden og i Agder, og han er vanleg langsmed Vestlandet til inst i fjordane og oppover dalføra. Han er òg lokalt vanleg i kyst- og fjordstrøk frå Nordmøre nord til Salten (til No Bodø) og i ytre Lofoten (i No Moskenes, Flakstad og Vestvågøy). Lengre nord er det berre kjent isolerte førekomstar i Vesterålen i No Bø og Andøy, i Nord-Troms i Tr Tromsø og Målselv, og nokså nyleg (2020) blei arten funnen med verds-nordgrense på Børselvneset i Fi Porsanger. Vårmarihand har den vidaste utbreiinga av alle Orchis-artar, frå Nord-Afrika til Finnmark og aust til Ural, Kaukasus og fjella søraust for Det kaspiske hav.

Ein kan sjå raude flekkar bortover i den grøne grasmatta. Det er vårmarihand på sanddyne-eng i Refvika i Vågsøy.

Vårmarihand i brattlende på kalkgrunn på Munken på Jeløya i Moss.

Kommentarar

Arten er kjent med fem underartar, men berre to av desse har ei større utbreiing: subsp. mascula i om lag heile arten sitt utbreiingsområde, og subsp. speciosa (Mutel) Hegi i fjell i Mellom-Europa.

Forvekslingar

Vårmarihand skil seg frå artane i marihandslekta Dactylorhiza i formen på knollane. Knollane hos Dactylorhiza er frå grunt til djupt flika (oftast toflika), hos Orchis er dei avrunda og heilt utan flikar. Om ein ikkje vil grava opp planten, er ein annan god skilnad frå Dactylorhiza at alle dei fullt utvikla blada hos vårmarihand sit nær grunnen medan Dactylorhiza-artane har velutvikla blad lengre oppe på stengelen. Sporen skil òg; hos vårmarihand er han lang, klubbeforma og bøygd oppover, hos Dactylorhiza er han mykje kortare, smalt kjegleforma og bøygd noko nedover. Vårmarihand liknar noko meir på narrmarihand Anacamptis morio, med fullt utvikla blad ved grunnen og med slireforma blad oppe på stengelen, og der blomesporen er noko bøygd oppover, men narrmarihand har eit mykje meir fåbloma aks, og alle dei tre ytre blomeblada saman med dei to sidestilte indre er bøygde saman som ein hjelm. Hjelmen hos narrmarihand har grøne nervar på utsida. Rotknollane hos narrmarihand er om lag kulerunde medan dei er avlange hos vårmarihand.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plant. Oslo University Press, Oslo. 134 s. + 54 pl.

Siter nettsida som:

Elven R. Vårmarihand Orchis mascula (L.) L. www.artsdatabanken.no/Pages/312236. Lasta ned <dag.månad.år>.