Honningblom er ein nokså unnseleg plante, her i rikmyr på kalkstein på Öland. Arten har gått mykje attende i Noreg og er i dag berre kjend frå Hvaler.

Honningblom er gjennom tida funnen på eit 70-tals stader på Austlandet. Han er éin av dei orkidéane som har gått mest attende i Noreg dei siste hundre åra. Etter 1950 er han berre kjent frå tre område, og etter 1980 er han berre funnen i Hvaler i Østfold.

Kjenneteikn

Honningblom har det vitskaplege namnet “monorchis” av di han har berre éin, midtstilt knoll under bløminga. Etter bløminga kjem det fleire knollar på renningar ut frå stengelgrunnen. Stengelen er opprett og har oftast to (eller tre) velutvikla blad nedst. Blada er breie, spisse og har slirer som går kring stengelen. Blomestanden er eit aks med små, lansettforma støtteblad. Blomane er små, nikkande og gulgrøne. Dei sidestilte blomeblada og leppa stikk godt ut av blomen og gjer at blomestanden får ein bustete utsjånad. Leppa er smalt trekanta med ein lang midtflik og korte, sprikjande sideflikar, og ho vender nedover. Blomen manglar spore, men har ei sterk honninglukt.

Blada sit ved grunnen og er nokså breie. Blomestanden er eit tett aks. Her ein plante frå Gotland.

Blomane er små, nikkande, gulgrøne og med sprikjande blomeblad. Her frå Estland.

Kromosomtal

Honningblom er diploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 40.

Økologi og utbreiing

Honningblom veks på baserik grunn i frisk til fuktig slåtteeng, beitemark og på rikmyr. Utbreiinga er søraustleg og har truleg alltid vore avgrensa til Austlandet. Her har arten hatt eit 70-tals lokalitetar frå Øf Hvaler, Vf Larvik (og isolert i AA Tvedestrand) og Te Tokke nordover til He Åsnes (og kanskje ein gong Tynset), Op Dovre og Vågå og Bu Ål. I Dovre blei han funnen opp til 500 moh. Han er òg angjeven frå SF Årdal, men vi finn ikkje nokon herbariedokumentasjon for dette. Etter 1980 er han berre funnen i Øf Hvaler, om lag berre på Asmaløy, men her på fleire stader. Globalt har han vore utbreidd i om lag heile Europa og i Asia nordover frå Himalaya og Sør-Kina og heilt aust til Stillehavet, men har blitt svært sjeldsynt mange stader.

Kommentarar

Honningblom har gått drastisk attende, både i Noreg og i andre land, dei siste 100 åra. Allereie i 1900 var han borte frå storparten av den opprinneleg kjende utbreiinga i Noreg. Tilbakegangen har fleire årsaker, men først og framst omleggingar i jordbrukspraksis og grøfting og oppdyrking av rike låglandsmyrar (jf. Det norske myrselskap som hadde til føremål å gjere nettopp dette). Det som gjer honningblom spesiell, er at ein hovuddel av tilbakegangen kom så tidleg, allereie før 1950, medan vi har rekna med at dei største omleggingane i jordbruket kom noko seinare, med mykje bruk av kraftfôr, kunstgjødsel og opphør av utmarkbeite.

Forvekslingar

Det er ikkje mange orkidéar som liknar mykje på honningblom, med dei nikkande, gulgrøne blomane med sprikjande blomeblad. Kvitkurle-artane i slekta Pseudorchis kan likne litt, men har heilt annleis utforma blomar.

Kjelder

Båtvik JI (1992). Sjeldne, sårbare og hensynskrevende karplanter i Østfold. Oversikt over utvalgte arter med lokalitetsangivelser og litteraturreferanser. Fylkesmannen i Østfold, miljøvernavdelingen rapport 6/1992. 261 s.

Båtvik JI og Kvavik GN (2010). Handlingsplan for honningblom Herminium monorchis. DN-rapport 2010-XX. 107 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Nilsson LA (1979). The pollination ecology of Herminium monorchis (Orchidaceae). Botaniska Notiser 132: 537–549.

Økland RH og Økland T (1996). Herminium monorchis. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 61–62 + pl. 20c. Fagbokforlaget, Bergen.

Siter nettsida som:

Elven R. Honningblom Herminium monorchis (L.) R.Br. www.artsdatabanken.no/Pages/312227. Lasta ned <dag.månad.år>.