Ofte finn ein nokre svært store og flotte brudesporar i låglandet sørpå, i Trøndelag og langsmed Nordlandskysten. Dette er praktbrudespore som inntil heilt nyleg har vore underkjent i Noreg. Vi trudde, inntil for nokre få år sidan, at det berre var eit par dokumenterte funn av arten (då som underart) frå Noreg. Då Bjerke og Strann (2009) publiserte ein artikkel om praktbrudespore (som dei kalla tettbrudespore) i Nord-Noreg, trudde fleire av oss ikkje heilt på dei. Vi som ikkje trudde, må no gå i oss sjølve og vedgå at desse forfattarane hadde rett. Det er nokså mykje praktbrudespore i Noreg, og ikkje minst i nord.

Praktbrudespore er ein staseleg plante, her frå orkidé-eldoradoet Bergsåsen i Snåsa.

Kjenneteikn

Praktbrudespore er ein grovvaksen plante, oftast 25–50 cm høg, noko som er nokså mykje for ein norsk orkidé. Han har handdelte knollar og ein nokså grov stengel med fleire, stundom mange, breitt linjeforma blad ved grunnen og nokre mindre blad høgare oppe på stengelen. Blada er grøne på begge sider, og dei lengste blada er oftast breiare enn 1,2 cm. Akset er smalt eller breitt, ofte påfallande langt (opptil 20 cm), og tettbloma slik at midtaksen oftast ikkje er synleg. Blomane er rosa (sjeldan kvite) og luktar som nellik. Dei to nedre ytre blomeblada sprikjer ut, medan det øvre saman med dei to øvre indre blomeblada er samla i ein hjelm. Leppa er litt breiare enn lang, grunt treflika og med ein midtflik som ikkje er lengre enn sideflikane. Sporen er lang, grann og bøygd. Praktbrudespore blømer noko seinare enn engbrudespore.

Blada hos praktbrudespore er mykje breiare enn dei hos engbrudespore, dei breiaste ofte mykje breiare enn 1 cm. Her frå Røros.

Blomestanden er tett og mangebloma, oftast så tett at midtaksen ikkje er synleg mellom blomane. Her frå Melhus.

Leppa er ofte breiare enn lang og med tre jamstore flikar.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Kromosomtal

Praktbrudespore er diploid med grunntal x = 20 og kromosomtal 2n = 40. Teljingar er gjorde på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Praktbrudespore er endå sterkare knytta til baserik grunn enn engbrudespore. Arten veks i kalkfuruskog (og der veks ikkje engbrudespore, i alle fall ikkje sørpå), i rik edellauvskog og rik bjørkeskog, og på engbakkar, i nord òg i frisk eller vekselfuktig, open hei og stundom i rikmyr. Inntil no er han funnen spreidde stader på Austlandet nordover frå sørlege Østfold og sørlege Telemark (der han er hyppig på kalken i Grenland). Frå Agder er det førebels berre nokså usikre funn. Det same gjeld Vestlandet, med sikre funn frå Ho Stord og SF Selje, men berre usikre funn frå Ro Hå og SF Leikanger, Stryn og Vågsøy. Han er funnen spreidde stader frå MR Stranda og Norddal og ST Oppdal og Røros til Tr Ibestad, med særleg mange funn på kalken på Helgeland og i Salten i Nordland. Han er nok mykje oversett. I motsetnad til engbrudespore går han ikkje høgt. Førebels er han funnen opp til 750 moh. i ST Røros. Globalt synes han vere begrensa til Europa og aust til Kaukasus og sørvestlege Sibir.

Kommentarar

Om ein ser på Artskart (lesen 11. nov. 2021), kan det sjå ut som om utbreiinga i Noreg er todelt, med eitt delområde i sør som strekkjer seg nordover til sørlege delar av Sør-Trøndelag og eit anna frå Helgeland til Sør-Troms (Tr Harstad og Ibestad). Dette er truleg ein fiksjon. Arten er truleg utbreidd på baserik grunn òg i gapet mellom sørlege Trøndelag og sørlege Helgeland (mellom anna med funn i NT Snåsa), men førebels er berre materialet i herbaria i Oslo, Kristiansand og Stavanger revidert. Revisjonar i herbaria i Bergen, Trondheim og Tromsø vil truleg føre til at utbreiinga blir mykje meir samanhengande frå sør på Austlandet gjennom Møre og Trøndelag nord til Sør-Troms, men at han truleg er sjeldsynt på Sørlandet og sør på Vestlandet.

Forvekslingar

Dei to artane vi er sikre på at vi har i Noreg, blir ofte forveksla, men dei er ikkje vanskelege å halde frå kvarandre. Praktbrudespore har mange blad ved grunnen av stengelen, nokre av desse breiare enn 1,2 cm, akset er tett og svært mangebloma slik at ein ikkje lett ser midtaksen, og leppa er litt breiare enn lang med ein midtflik som ikkje er lengre enn sideflikane. Engbrudespore G. conopsea har få blad ved grunnen av stengelen, alle blada er smale, oftast smalare enn 1 cm, akset er grissent slik at midtaksen er synleg, og leppa er litt lengre enn brei med ein midtflik som er lengre enn dei tydelege sideflikane. Skiljekarakterane er tekne frå Pedersen og Faurholdt (2010) og våre eigne undersøkingar.

Kjelder

Bjerke JW og Strann K-B (2009). Orkideen tettbrudespore Gymnadenia densiflora i Nord-Norge. Blyttia 67: 126–133.

Brandrud MK, Paun O, Lorenz R, Baar J og Hedrén M (2019). Restriction-site associated DNA sequencing support a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae). Molecular Phylogenetics and Evolution 136: 21–28.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Stace C (2010). New Flora of the British Isles. 3. utg. Cambridge University Press. 1232 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Praktbrudespore Gymnadenia densiflora (Wahlenb.) A. Dietr. www.artsdatabanken.no/Pages/312225. Lasta ned <dag.månad.år>.