Artsdatabanken har lenge hatt ei varslingsteneste for framande artar. No er denne utvida til å gjelde alle artar, samstundes som funksjonaliteten er forbetra. Aldri har det vore enklare å halde seg oppdatert!  

Eit kvart søk i Artskart kan no bli til eit varsel der du får tilsendt ein e-post når nye funn av det du er interessert i vert gjort. Søk ein art, trykk "varsling", og du er i gang. 

Eit verktøy for forvaltninga og andre 

Varsel frå Artskart er først og fremst utvikla for å gjere det enkelt for dei som arbeider med natur- og arealforvalting. Dette kan vera tilsette i kommunar, fylker eller òg i konsulentselskap som driv med naturkartlegging eller konsekvensutreiingar.

Er du sakshandsamar i forvaltninga kan du til dømes etablere et varsel for nye funn eller observasjonar av framande artar i kommunen din eller i eit verneområde. Dette kan vere nyttig i arbeid med handlingsplanar mot skadelege, framande artar som mange kommunar arbeider med no.

Det same kan sjølvsagt gjerast med raudlista artar – ja med kva art eller artsgruppe som helst ein har behov for å følgje med på. Det er òg mogleg å få varsel om alle nye funn i eit avgrensa område, etterkvart som dei vert lagt til i Artskart.

You name it – we send it!

Varslingstenesta er nyttig også for alle andre som ønskjer å følgje med på kva som vert funne i eit område ein er spesielt interessert i. Og dette treng ikkje vera ein kommune eller eit verneområde. I Artskart kan du sjølv definere kva område du vil søkje i. Det kan godt vera den vesle skogen bak huset ditt, eller fjellområdet der du har hytte.

Det er mest berre fantasien som set grenser for kva du kan bruke Artsdatabankens varslingsteneste til. Om du er hobbyornitologen med interesse for svartehalespove i Nordland – opprett et varsel. Det same om du er botanikar frå Sunndalsøra som ønskjer å følgje med på nye funn av trua planter på Nordmøre, eller jegeren som ønskjer å følgje med på nye funn av villsvin i gamle Østfold fylke.

 

Her finn du knappen du må trykke på for å opprette eit varsel i Artskart.