Knoppvårkål er ein nokså lågvaksen, heimleg plante som er vanleg i låglandet i Sør- og Midt-Noreg og noko nordover i Nord-Noreg. Denne underarten utviklar alltid yngleknoppar i bladhjørna og set knapt godt pollen og ikkje frukt, i motsetnad til frøvårkål, den andre underarten av vårkål.

Kjenneteikn

Underarten knoppvårkål utviklar alltid yngleknoppar i bladhjørna.

Kronblada hos underarten knoppvårkål overlappar lite eller ikkje i det heile tatt.

Knoppvårkål er ei fleirårig urt som vert om lag 10–30 cm høg. Planten har vanlege røter i tillegg til eit knippe kvite eller grå klubberøter. Stenglane er liggjande til oppstigande. Blada er snaue og kjøtfulle, nyreforma i omriss og rundtanna i kanten, og dei utviklar yngleknoppar i bladhjørne. Blomane er oftast opptil 2 cm breie med 7–12 djupt gule kronblad som overlappar lite eller ikkje i det heile tatt, og tre begerblad. Underarten set ikkje godt pollen eller frukt. Planten gulnar og visnar tidleg.

Kromosomtal

Underarten er tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Knoppvårkål veks i leirete eng og plen, på beitemark og i oreskog, edellauvskog og bekkekantar. Underarten er knytt til nemoral til sørboreal sone, men går òg noko inn i mellomboreal sone. Han er vanleg i låglandet på Austlandet og elles langsmed kysten til Bodøområdet og sørlege Lofoten (Nordland), mykje meir sjeldsynt vidare til Tromsø (Troms). Knoppvårkål er utbreidd i Vest-, Mellom- og Søraust-Europa.

Forvekslingar

Knoppvårkål kan verte forveksla med den andre underarten, frøvårkål subsp. fertilis, men knoppvårkål utviklar alltid yngleknoppar i bladhjørne og set ikkje godt pollen eller frukt, medan frøvårkål manglar yngleknoppar og set godt pollen og frukt. Hos knoppvårkål er kronblada oftast 6–10 mm lange og 2–5 mm breie og overlappar lite eller ikkje, medan hos frøvårkål er dei oftast 10–20 mm lange og 4–9 mm breie og overlappar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Lægaard S (2001). Ranunculus ficaria L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 230–231.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Knoppvårkål Ficaria verna subsp. verna  www.artsdatabanken.no/Pages/286398. Lasta ned <dag/månad/år>.