Lappfuru
Pinus sylvestris subsp. lapponica
Lappfuru er ein nokså kontinentalt utbreidd underart av furu. Underarten er mest funnen i fjellstrøk. Lappfuru veks langsamt og har difor vorte mykje verdsatt som trevirke i bygningar, møblar og treskurd (“malmfuru”).
Kjenneteikn
Lappfuru kan bli opptil 30 m høg og einstamma, men er oftast mykje meir lågvaksen og ofte fleirstamma, stundom krokete, òg når ho veks i skog. Nålene er nokså tjukke, blir berre 2–5 cm lange, og er oftast noko gulgrøne. På eldre tre og kvistar sit buntane av nåler oftast i tydelege, godt skilde kransar og fell først av etter 6–10 år.
Kromosomtal
Lappfuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24.
Økologi og utbreiing
Lappfuru veks i mykje dei same skogtypane som skogfuru, men ho er meir kontinentalt utbreidd og veks hovudsakleg i ås- og fjellområde. Ho har ei oppdelt utbreiing i Noreg, men utbreiinga heng truleg saman gjennom Nord-Sverige og Nord-Finland. Ho veks i dei mest kontinentale fjelldalane i sør, hovudsakleg nord i Hedmark og Oppland og søraust i Sør-Trøndelag, men òg nokre stader langsmed fjellkjeda og i åstrakter i Mjøsområdet, Buskerud og Telemark. I Nordland har lappfuru nokre førekomstar i indre Salten. I Troms og Finnmark er lappfuru det viktigaste bartreet, og den nordlegaste furubestanden i Skandinavia, i Børselv i Porsanger i Finnmark, høyrer til lappfuru.
Elles er lappfuru utbreidd austover gjennom Nord-Russland til nordvestlege Sibir.
Kommentarar
Utbreiinga til lappfuru tyder på at ho er ein svært tidleg innvandrar som truleg kom austfrå, frå Russland inn i Noreg, og som seinare har vorte omringa av og delvis genetisk blanda med den meir ekspansive og sørlege rasen skogfuru. I nord kom ho kort tid etter at isen forsvann etter den siste istida, for kring 10 000 år sidan.
Forvekslingar
Det kan vera vanskeleg å sjå skilnad mellom underartane lappfuru og skogfuru subsp. sylvestris. Lappfuru har tjukke og korte, noko gulgrøne nåler der buntane på noko eldre kvistar på fullvaksne tre sit i tydelege, skilde kransar langsetter kvistane, og der nålene heng på i 6–10 år. Skogfuru har lengre og grannare, noko blågrøne nåler der buntane sit nokså jamt langsetter kvistane på fullvaksne tre, og der nålene heng på berre i 2–5 år. Skogfuru er oftast eit einstamma og rettstamma tre når ho veks i skog, medan lappfuru ofte er eit fleirstamma og noko krokete tre.
Kjelder
Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Fremstad E og Pedersen O (2013). Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements. Akademika Publishing, Trondheim. 489 s.
Siter nettsida som:
Solstad H og Elven R. Lappfuru Pinus sylvestris subsp. lapponica (Fr. ex Hartm.) Sylvèn. www.artsdatabanken.no/Pages/305048. Lasta ned <dag.månad.år>.