Furufamilien
Pinaceae
Furufamilien Pinaceae er ein nokså liten familie, med ti slekter og kring 200 artar i verda. Seks av dei ti slektene i familien er kjende frå norsk natur, men berre to av dei har heimlege artar i Noreg.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Dei to heimlege slektene er furuslekta Pinus og granslekta Picea, kvar med éin heimleg art, men med mange innførte artar. Dei fire slektene med berre innførte artar er lerkeslekta Larix, douglasgranslekta Pseudotsuga, edelgranslekta Abies og hemlokkslekta Tsuga. Totalt er det no kjent 39–40 artar av furufamilien frå norsk natur. Det vil seie at 20 % av dei globalt kjende artane av familien er funne i Noreg. Av dei som er kjende som etablerte eller i ferd med å etablere seg i naturen, er 16–17 edelgran-artar, tre lerke-artar (og éin hybridart), åtte gran-artar (og éin hybridart), åtte furu-artar, éin douglasgran-art, og tre hemlokk-artar. Fleire av desse er no forvilla i stort omfang.
Den boreale barskogen på den nordlege halvkula er totalt dominert av artar frå furufamilien, og i all hovudsak av artar frå dei fire slektene furu, lerk, gran og edelgran. Familien er elles utbreidd sør til Nord-Afrika, Søraust-Asia, der éin furu-art kryssar ekvator i Indonesia, og Mellom-Amerika. Familien er kjend som éi utviklingsline attende til Kritt (Miller 1988).
Artane i furufamilien er tre eller store buskar med bark som held seg slett lenge, særleg hos edelgranslekta, eller som flaknar mykje av, særleg hos furuslekta. Plantane har ofte mykje harpiks og er difor aromatiske. Knoppar kan vere særleg rike på harpiks, og det er diagnostisk viktig i nokre slekter (særleg i edelgranslekta) om knoppane har harpiks eller ikkje. Knoppane utviklar seg på sommaren og er mest tydelege på hausten, vinteren og før ‘lauvsprett’ (eller heller ‘nålesprett’) på våren. Dei blir ofte kalla ‘vinterknoppar’, men det er ikkje andre knoppar enn desse. Vi nytter difor berre omgrepet ‘knoppar’.
Greinene er meir eller mindre regelrett kransstilte, ein viktig skilnad mot storparten av plantane i sypressfamilien. Blada er nålforma og sit enkeltvis og i prinsippet skruestilte på langskott hos granslekta, douglasgranslekta, edelgranslekta og hemlokkslekta. Hos to slekter sit dei to eller fleire saman i buntar på tappforma kortskott: Det sit 2–5 (8) nåler saman i furuslekta eller 10–50 (60) saman i lerkeslekta. Dei er eviggrøne, dvs. at dei varer i meir enn eitt år, hos alle dei norske slektene unntatt lerkeslekta, der dei fell av kvar haust. I furuslekta fell heile buntane med nåler av samla, hos dei andre fell nålene av enkeltvis, òg hos lerkeslekta der dei veks i buntar. I alle slektene har nålene harpikskanalar, og desse er diagnostisk viktige hos nokre furu-artar og mange edelgran-artar. Desse kanalane kan sitje inn mot midten av nåla (mediale) eller ut mot overflata (epidermale). Dei er synlege om ein snitter nåla på tvers og ser på tverrsnittet med ei sterk lupe.
Pollenblada sit i små hannkongler (“hannblomar”) som fell av etter bløminga. Hokonglene (“hoblomane”) har skruestilte par av dekkskjel og kongleskjel som er frie frå kvarandre, noko som skil furufamilien frå sypressfamilien med samanvaksne dekkskjel og kongleskjel. Kongleskjela veks seg mykje lengre enn dekkskjela hos furu-, gran- og hemlokkartane, men hos lerke-, douglasgran- og edelgranartane stikk dekkskjela ofte fram òg på mogne kongler, særleg langt fram hos douglasgran. På oppsida av kvart kongleskjel sit to frø noko innsenka i kongleskjelet. Konglene fell av eller løyser seg opp etter eitt eller to år i heile furufamilien, med unnatak for nokre furuartar og éin granart der dei heng på i årevis og først opnar seg og spreier frøa når det kjem ein skogbrann, såkalla serotine kongler. Hos edelgranartane løyser konglene seg opp slik at par av dekkskjel og kongleskjel fell av eitt for eitt, men hos dei andre slektene fell konglene av heile. Frøa har oftast éi vengje og blir spreidde med vind (oftast to vengjer i Cupressaceae), men fleire furuartar har frø utan vengje. Desse blir spreidde av fugl og pattedyr.
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Miller CN Jr. (1988). The origin of modern conifer families. I Beck CB (utg.), Origin and evolution of Gymnosperms: 449–482.
Thieret JW (1993). Pinaceae Lindley, Pine family. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 352–354.
Siter nettsida som:
Solstad H og Elven R. Furufamilien Pinaceae F.Rudolphi. www.artsdatabanken.no/Pages/304047. Lasta ned <dag.månad.år>.