Hagefrøstjerne er ein middels høgvaksen til høgvaksen plante som er innført som prydplante og forvilla eit fåtal stader i Sør-Noreg. Han kjem opphaveleg frå Sørvest-Europa og Nordvest-Afrika.

Kjenneteikn

Hagefrøstjerne er ei 50–150 cm høg, fleirårig og om lag snau urt. Blada er blågrøne, avlange og tre gonger finna med trelappa småblad med høge og tydelege nervar på undersida. Blomane er opprette og sit i ein stundom brei, halvskjermforma blomestand. Blomane er små og firetalige, utan kronblad, med gulkvite begerblad som tidleg fell av og med talrike opprette pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Pollentrådane er granne og gulkvite og meir enn 10 mm lange. Pollenknappane er gule. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små og grøne.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 7. 2n =  28. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hagefrøstjerne er ein innført art som har forvilla seg frå dyrking. Han er bufast og truleg i noko auke. Arten vart først oppdaga forvilla i 1951 og er funnen spreidde stader i Sør-Noreg i Østfold, Akershus, Rogaland, Hordaland og Sør-Trøndelag. Arten er heimleg i Sørvest-Europa.

Forvekslingar

Hagefrøstjerne kan verte forveksla med både gulfrøstjerne T. flavum og rankfrøstjerne T. simplex. Hagefrøstjerne er ein blågrøn plante, medan gulfrøstjerne er grøn. Blada hos hagefrøstjerne har elles tydeleg heva nervar på undersida, medan gulfrøstjerne og rankfrøstjerne har lite heva nervar på undersida. Samanlikna med rankfrøstjerne har hagefrøstjerne (slik som gulfrøstjerne) opprette blomar med opprette pollenknappar med meir enn 10 mm lange pollentrådar, medan rankfrøstjerne har lutande blomar med hengjande pollenknappar med ca. 5 mm lange pollentrådar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Hagefrøstjerne Thalictrum speciosissimum L. www.artsdatabanken.no/Pages/286517. Lasta ned <dag/månad/år>.