Leirsoleie er ein lågvaksen plante som tilhøyrer vassoleie-gruppa (underslekt Batrachium). Arten voks ein lengre periode ved utløpet av Nidelva i Trondheim, truleg som heimleg, men er ikkje funnen der sidan 1946 og er sikkert utgått.

Kjenneteikn

Leirsoleie er ei fleirårig urt som berre vert om lag 3–10 cm lang. Planten har krypande stenglar som set røter i leddknutane. Alle blada er i prinsippet flyteblad og berre grunt delte med breie flikar og med brei (meir enn 90°) opning ved bladskaftet, og med røter ved bladfesta. Finflika undervassblad manglar (den einaste Batrachium-arten i Noreg utan slike). Blome- og fruktskaft er korte, det vil seie opptil 1,5 cm. Blomane er svært små, berre 4–6 mm breie. Kronblada er kvite og berre litt lengre enn begerblada. Kronblada overlappar ikkje kvarandre i kantane, og nedst har dei ei skålforma nektargrop. Talet på pollenberarar er 5–10. Fruktfestet er håra. Smånøttene har tverr-ribber og vert spreidde med vatn og fugl.

Leirsoleie har krypande stenglar som set røter i leddknutane. Kronblada er kvite. Leirsoleie er ikkje sett i Noreg sidan 1946, og er berre funne ved utløpet av Nidelva og éin gong i Stavanger. Biletet er frå England.

Kromosomtal

Arten er hovudsakleg diploid med grunntal x = 8. 2n = 16 (32). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Leirsoleie voks på leirete elvestrand og brakkvass-strand i boreonemoral sone. Arten vart først og sist funnen i Trondheim (Sør-Trøndelag), høvesvis i 1825 (Ladeneset) og 1946 (Nidelva). Det er òg eit einskild funn av arten i Stavanger (Rogaland) frå 1934. Han er dokumentert med herbariebelegg frå fleire andre stader i Midt-Noreg, men det er sterk tvil knytt til alle desse funna. Det er uklårt om arten er innført eller heimleg (sjå kommentar nedanfor). Fægri (1960) har ein no noko forelda diskusjon om økologi og utbreiing. Leirsoleie er utbreidd i austlege USA, Newfoundland og Vest-Europa, og i Europa er han heimleg i alle fall nord til Danmark og Sør-Sverige.

Kommentarar

Leirsoleie kan ha kome til Trondheim med ballastjord og er i så fall ein innført art. Det første funnet (1825) er svært tidleg for slike plantar, og arten er elles ikkje rapportert som ballastplante (men sjå Ouren 2008). Det reknast no som meir truleg at han kom med fugl og spreidde seg lokalt, inntil veksestaden vart bygd ned då byen Trondheim vaks. Dersom arten kjem inn att til Noreg, er det mest truleg at han kjem inn med spontan spreiing med fugl, kanskje frå Jylland i Danmark der han er heimleg. Funnet i Stavanger i 1934 skuldast mest truleg fuglespreiing frå Dei britiske øyane (eller Danmark).

Forvekslingar

Leirsoleie kan knapt verte forveksla med dei andre vassoleiene. Dei andre vassoleiene er vanskelege å skilje, og plantar utan blome eller frukt let seg ofte ikkje namnfeste. Leirsoleie er derimot den einaste av vassoleiene i Noreg som berre har flyteblad (dvs. ingen findelte undervassblad), og den er dessutan truleg utgått.

Kjelder

Dahlgren G og Jonsell B (2001). Ranunculus L. (p.p.) I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 259–269.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants: Ranunculus hederaceus: 107 + pl. XLIV.

Ouren T (2008). The impact of the old shipyards on the invasion of alien plants to Norway. Norsk Geogr. Tidsskr. 34: 145–152.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Leirsoleie Ranunculus hederaceus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286389. Lasta ned <dag/månad/år>.