Russesoleie er den nordaustlege underarten av arten skogsoleie og er ei mellomstor, heimleg soleie. Blomane er gule og ofte større enn hos bakkesoleie.

Kjenneteikn

Russesoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 15–40 cm høg. Stengelen er opprett og grisse håra med tynne, kvite, sprikjande hår. Jordstengelen er kort og opprett, og planten veks ikkje i matter. Grunnblada er oftast mykje håra og matte. Dei har kantete omriss og er delte meir enn halvvegs inn, men ikkje heilt til grunnen, i tre (sjeldan fem) eggforma eller avlange hovudflikar (den grunnleggjande tredelinga er ein viktig skilnad mot R. acris som har grunnleggjande femdelte blad), med få, spisse, sideflikar og tenner. Dei nedste støtteblada i blomestanden er enklare og mindre oppdelte enn grunnblada, oftast i tre hovudflikar. Blomestanden har oftast få, gule og nokså store (frå 2 til 3,5 cm breie) blomar i halvskjerm. Kronblada har tydelege, brune årer.

Grunnblada er delte meir enn halvvegs inn, og oftast med 3 hovudavsnitt (skilnad mot R. acris) med få og spisse sideflikar og tenner.

Dei nedste støtteblada i blomestanden er mindre oppdelte, oftast med tre hovudflikar.

Kromosomtal

Underarten er diploid med grunntal 7. 2n = 14. Teljingar er utførte mellom anna på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Russesoleie veks på eng, beitemark og i krattskog, ofte i høgstaudevegetasjon, i nordboreal til subarktisk sone og opp i lågalpint høgdebelte. Underarten har ein nordaustleg utbreiing og er vanleg i Troms og Finnmark frå Tromsø kommune og nordaustover. Det er denne underarten som utgjer mesteparten av materialet i engsoleie-gruppa i dette området. Han er utbreidd i Nordaust-Europa og Nordvest-Sibir.

Forvekslingar

Russesoleie skil seg frå kystsoleie subsp. villosus i at stengelen er grisse håra med granne, kvite hår, medan han er tetthåra med kraftige, lyst gulbrune hår hos kystsoleie, og i at bladflikane har få og oftast spisse sideflikar og tenner, medan desse er meir talrike og butte hos kystsoleie. Kronblada har dessutan tydelege, brune årer hos russesoleie, noko dei ikkje har hos kystsoleie. Russesoleie skil seg frå fjellsoleie subsp. pumilus i at ho er håra, medan fjellsoleie er om lag snau. Fjellsoleie er elles vanskeleg å karakterisere som berre éi eining (sjå denne).

Kjelder

Elven R (2013). Ranunculus subborealis Tzvelev subsp. subborealis. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 334–336.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Russesoleie Ranunculus subborealis subsp. subborealis. www.artsdatabanken.no/Pages/286370. Lasta ned <dag/månad/år>.