Vi er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald. Vår hovudoppgåve er å formidle oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om artar og naturtypar. Gjennom innhenting, systematisering og formidling av kunnskap, byggjer vi bruer mellom vitskap og samfunn.

Artsdatabanken vart oppretta fordi regjeringa og Stortinget ønskte eit sterkare fokus på kunnskapen som skal liggje til grunn for arbeidet med naturmangfald. Vi har vore operative sidan januar 2005.

Frå 1. januar 2018 er vi ein sjølvstendig, bruttofinansiert etat under Klima- og miljødepartementet. Vi er fagleg uavhengige og har eige styre. Tidlegare var Kunnskapsdepartementet vårt eigardepartement.

Samarbeid gir resultat

Hos naturhistoriske museum, forskingsinstitutt, forvaltingsorgan og frivillige organisasjonar ligg informasjon og data, samla inn gjennom meir enn hundre år. Dette er kunnskap som samfunnet har bruk for, men som tidlegare ikkje har vore tilgjengeleg.

Artsdatabanken samarbeider tett med dei biologiske fagmiljøa for å byggje ein fagleg og teknisk infrastruktur som gjer kunnskapen lett tilgjengeleg for ulike brukarar.

Naturmangfald på dagsorden

Vi jobbar for at kunnskap om naturmangfald blir lagt til grunn for samfunnet sine avgjerder, og for at kunnskapen om naturmangfaldet får eit riktig fokus i den offentlege debatten – og ein større plass i folk sitt medvit. Vi har derfor ein aktiv kommunikasjon med dei som tek avgjerder, med interesseorganisasjonar, media og andre samfunnsaktørar.

Internett er den viktigaste kanalen vår for kunnskapsformidling. Vi tilbyr ei rekkje tenester som vi utviklar kontinuerleg, med mål om at brukarane våre skal få eit stadig meir innhaldsrikt og brukarvennleg tilbod.

Arbeidsområde

I Noreg kjenner vi til rundt 47 000 artar av dyr, planter og andre organismar. Det totale talet er truleg rundt 72 000 – kvar og ein avhengig av sitt spesielle livsmiljø. Å formidle kunnskap om naturmangfald i Noreg er med andre ord ei formidabel oppgåve.

Blant arbeidsområda våre er:

  • Artsprosjektet – kartlegging av artsmangfaldet i Noreg
  • Artar på nett – informasjon om artar og artsgrupper
  • Kunnskapsoversikt over artsmangfaldet – kva vi har og kva vi manglar av kunnskap om artar
  • Norsk raudliste for artar – artar som har risiko for å døy ut frå Noreg
  • Norsk raudliste for naturtypar – naturtypar som har risiko for å forsvinne frå Noreg
  • Framandartlista – vurderingar av kva økologisk risiko framande artar utgjer i norsk natur
  • Artsobservasjoner.no – registrer artar du har sett
  • Artskart.no – sjå kvar artar er funne
  • Natur i Noreg (NIN) – verktøy for å beskrive natur
  • Artsnamnebasen – namneregister for artar og artsgrupper
  • Namn og slektskap – info om namnearbeid og verktøy for namnevask
  • Artsorakel – hjelp til å identifisere artar