Eit representativ utval av artar frå gruppene det skal arbeidast med i prosjektet. A) Nematoplana coelogynoporoides (flatorm), målestokk = 2 mm; B) Gnathostomula paradoxa (kjevemunn), målestokk = 75 μm; C) Dactylopodola baltica (bukhårsdyr), målestokk = 25 μm; D) Trilobodrilus axi (leddorm), målestokk = 100 μm

Ein stor del av det biologiske mangfaldet i havet finst i rommet mellom sandkorna, grusen og steinane på botnen, det såkalla marine interstitium. Men kunnskapen om desse artane er mangelfull.

Mangfaldet kjent som meiofauna eller interstitiell fauna, inneheld artar frå dei fleste dyregrupper. Dei er eit viktig bindeledd i økosystemet, mellom mikrofauna, som bakteriar og protistar, og makrofauna som større ormar, sniglar og blåskjel.

Trass i meiofaunaens viktige rolle i økosystema er kunnskapen om taksonomien, utbreiinga og økologien til desse artane, i beste fall mangelfull både globalt og i Noreg. Informasjonen som eksisterer, er ofte berre på rekke- eller familienivå - sjeldan på slekts- eller artsnivå. I tillegg er det mange uavklarte taksonomiske spørsmål, inkludert kryptiske artar. Det er derfor på tide å samle inn og kartleggje artar frå den norske meiofaunaen.

Fordi kunnskapshola er så store, vil prosjektet måtte konsentrere seg om berre nokre få grupper. Hovudmålet er å lage ei oversikt over meiofauna og interstitial fauna for dei to rekkene Gastrotricha og Gnathostomulida, og også fire ordenar av flatormar og 10 familiar av leddormar. Prosjektet skal òg hente inn kunnskap om desse artane si utbreiing og tilknyting til naturtypar (Natur i Noreg NiN), og bidra med DNA-strekkodar til NorBOL for meiofaunaen i Noreg.

For å komplementere eigne funn vil prosjektet digitalisere tidlegare funn som er rapportert i litteraturen.

Geografisk skal prosjektet konsentrere seg om den norske kystlinja i Skagerrak, frå foten av sanddynene ned til 50 meters djup. Innsamling av meiofauna vil skje ved å samle inn sediment frå dei utvalde lokalitetane. Meir spesifikt skal det samlast sediment frå tre djupnesoner på ti lokalitetar. I laboratorium skal artar ekstraherast frå sedimenta, for deretter å bli identifiserte til artsnivå ved hjelp av morfologiske og molekylære metodar.

Artane vil bli fotodokumenterte ved hjelp av mikroskop, og det vil bli laga ein identifiseringsnøkkel basert på bileta.

Prosjektet skal ha tiltak som sørger for at kunnskap om artane i meiofaunaen blir overført til neste generasjon taksonomar. Meir spesifikt skal prosjektet lære opp ein teknikar, og dessutan bachelor og masterstudentar. Det vil òg bli arrangert ein workshop.

Resultat frå prosjektet vil bli publiserte vitskapleg, og også populærvitskapleg. I tillegg skal resultata frå Meiofauna i Skagerak bli inkluderte i ei ny utstilling om dyra som vi planlegg akkurat no.