Etter fleire års arbeid er vårflugene no komplette i Artsdatabanken si teneste Arter på nett. Alle artane som er påviste i Noreg har fått eigne nettsider.

Samarbeid er nøkkelen

Prosjektet, som har resultert i beskrivingar av alle dei 204 artane av vårfluger som er påviste i Noreg, er eit samarbeid mellom Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo (NHM) og Universitetsmuseet ved Universitetet i Bergen (UiB). Bak spakane sit forskar Hallvard Elven (NHM) og vårflugeekspert og emeritus Trond Andersen (UiB).

Eit omfattande arbeid ligg bak artssidene. Ikkje minst har det blitt samla inn svært mange vårfluger frå heile landet, for å få teke alle dei naudsynte bileta.

- Dei to musea har bra samlingar av vårfluger, men dette er i stor grad dyr på sprit eller svært gammalt museumsmateriale. Begge delar eignar seg generelt dårleg for fotografering. Derfor har det vore heilt nødvendig å samle inn nye dyr for å få til dette prosjektet, seier Hallvard Elven, og held fram:

- I tillegg var vi så heldige å få komme på besøk til Finland, for å fotografere vårfluger i dei flotte samlingane til Juha Salokannel og Keijo Mattila. Takka vere dette har vi fått bilete av nesten alle dei norske vårflugeartane.

Preparerte vårfluger liknar sommerfuglar, men sjekk dei håra vingene. Sommarfuglar har skjel på vingane, mens vårflugene har hår. Her er ei ho av Apatania dalecarlica.

Vårflugene

Vårfluger er insekt i ordenen Trichoptera. Dei er nært i slekt med sommarfuglar, og dei vaksne liknar ganske mykje på nattsvermarar. Dei har fire venger og lange trådforma antenner med mange ledd. Men vårfluger har hårete venger, til skilnad frå sommarfuglane som har skjelkledde venger. Dei vaksne vårflugene flyg stort sett om natta. Om dagen kviler dei i vegetasjonen.

- Larvene til nesten alle artar vårfluger lever i ferskvatn. Dei fleste larvane lagar hus av sand, pinnar, plantedelar og anna som dei spinn saman med silke. Måten dei byggjer husa sine på er ofte karakteristisk for kvar enkelt art. Dessverre er ikkje husa ein del av presentasjonen enno. Vi har berre med bilete av nokre få larvehus som døme, fortel Elven.

Nettsider for dei tjue vårflugefamiliane kom på plass i Arter på nett allereie i 2019. Då blei det òg laga ein bestemmingsnøkkel til alle familiane. Etter dette har det blitt laga beskrivingar av cirka 50 artar i året.

Dei fleste artane som er publiserte denne gongen, er "mikrovårfluger" i familien Hydroptilidae.

- Dette er knøttsmå artar med vengelengd på berre eit par millimeter, og dei er vrine å artsbestemme. Dei er òg dårlegare undersøkte enn dei andre vårflugegruppene. Men – som med resten av gruppene – dei er karakteristiske og vakre når ein berre kjem tett nok innpå dei, seier Elven.

Agraylea multipunctata er knøtt lita, håra og vakker.

Fotografering av både levande og preparerte dyr

Og tett nok innpå dei kjem vi i beskrivingane. Det er lagt ned eit stort arbeid i å fotografere artane, både preparerte eksemplar og levande dyr. Heile 141 artar har blitt fotograferte levande. Berre seks av dei 204 artane manglar framleis bilete.

Gjennom innsamlinga av nytt materiale har det vore mogleg å ta mange gode bilete av lokalitetar og av levande dyr. Bileta av levande vårfluger viser artane frå ei anna og vakrare side enn det folk vanlegvis ser.

- Vårfluger er kjende for å vere grå og kjedelege, men det kjem til dels av at dei verkar blasse og gjennomsiktige etter at dei har blitt preparerte. I levande live, og under stor nok forstørring, kan ein verkeleg verdsetje dei fine fargeteikningane, fortel Elven.

- Men for å få til dei fantastiske naturbileta, har det vore nødvendig å "jukse litt" undervegs. Eit kvitt nettingbur med grøn bakgrunn blei brukt til å ta dei fleste bileta av levande dyr. Det er nemleg uendeleg mykje lettare å ta naturbilete i studio enn ute i naturen, seier Elven.

Hallvard Elven tar med seg vårflugene inn på laben og fotograferer dei der.

Innsamling av vårfluger

Å samle inn vårfluger er heller ikkje berre berre. No på vinteren lever larvene sine liv nede i vatnet, men når dei vaksne klekkjer utover våren og sommaren, gjeld det å komme seg ut med håven.

- Dei siste åra har det blitt mange flotte turar med håv langs elvar, bekker, vatn, dammar, ja, alle slags miljø i tilknyting til vatn. Om dagen kan vårflugene slaghåvast i vegetasjonen langs vatn, fortel Elven.

- Om natta blir dei tiltrekte av lys. Då kan ein dra ut med lampe og eit stort, kvitt laken og rigge seg til i vasskanten. Eg har hatt mange netter med lysfangst langs breidda på lovande lokalitetar. Ein veit aldri kva ein får. Nokre kveldar kjem det ikkje eit einaste dyr. Andre netter svaiar lakenet under vekta av alle vårflugene, avsluttar Hallvard Elven.

Vi veit at Hallvard er litt ergerleg over at han ikkje fekk fatt på dei seks siste artane som manglar bilete, så han blir nok å sjå med håven neste vår og sommar også. Og du kan òg gjere eit djupdykk inn i artssidene og førebu deg til neste vårflugesesong!

Her fangar Hallvard Elven vårfluger med håv.