Mange framande hageplanter utgjer ein økologisk risiko. Berre unntaksvis vert hageplantar selde i den forma dei oftast veks i naturen, fordi hagebruket formeirar opp spesielle variantar eller gjer kunstige krysningar for å få fram nye variantar. Kunnskapen om dei økologiske eigenskapane til slike nye variantar kan vere mangelfull.

Hageplanter kan spreie seg frå der dei vert dyrka, anten på eiga hand, gjennom spreiing av frø eller vegetativ vekst ut frå hagen, eller dersom hageeigarar kastar hageavfall utanfor hagegjerdet.

Av dei litt over 1200 karplantene som er risikovurdert i Framandartslista 2023 er nesten 80 % hageplanter. Av dei 206 planteartane som er vurdert å utgjere høg risiko eller svært høg risiko, er ca. 85 % hageplantar. Dei fleste hageplantene er vurdert som artar, som til dømes rynkerose Rosa rugosa og blankmispel Cotoneaster lucidus. Andre vert vurderte som hagehybridar eller kultivarar.

Hageplantar er ofte kultivarar eller hagehybridar

Ein kultivar er ei hageplante som er foredla fram rett og slett ved å velje ut planter med dei eigenskapane ein ønskjer, og formeire desse vidare. Vår heimlege blåveis Hepatica nobilis opptrer nokre gonger i naturen med raudlege eller fylte blomar på grunn av tilfeldige mutasjonar. Ein slik variant er teken inn av hagebruket og fått kultivarnamnet ‘Rubra Plena’.

Hagehybridar er kunstig skapt ved at menneske krysser ulike artar for å få fram spesielle eigenskapar knytt til blomefarge og størrelse, herdigheit eller resistens mot sjukdomar. Nokre hageplanter er hybridar frå naturen si side, til dømes fleire hybridar i mynteslekta Menta.  Dømer på kunstige frambrakte hagehybridar er mellomvalurt Symphytum ×uplandium og fleire spirea-hybridar (gentspirea Spiraea ×vanhouttei og storspirea Spiraea ×macrothyrsa). Desse opptrer ikkje som opphaveleg ville i naturen nokon stad. I Framandartslista 2023 er om lag 60 hagehybridar risikovurderte. Det er òg vanleg at hagehybridar er i handelen som ulike kultivarar, til dømes finst det ei rekkje ulike kultivarar av den kunstig framstilte vintermispelhybriden Cotoneaster ×suecicus.

I mange tilfelle inngår fleire artar i utviklinga av hagehybridar (t.d. innan roser og rhododendron). I slike tilfelle kan det vere vanskeleg å knyte dei til bestemt artar. Nokre gonger veit vi kva for ein kryssing som ligg bak, andre gonger ikkje.

Kva er det som vert risikovurdert?

Funndata (til dømes frå herbariebelegg og Artsobservasjonar) som vert brukt i ei risikovurdering skil vanlegvis ikkje mellom ulike kultivarar av ein art. Kultivarar kan derfor som oftast ikkje vurderast kvar for seg. Til dømes vil forvilla rynkerose Rosa rugosa berre bli vurdert som rynkerose, sjølv om det kan vere snakk om éin eller fleire kultivarar eller kanskje også hybridar.

Berre unntaksvis veit vi kva kultivarar som er funnen spreidde i naturen. Dette gjeld til dømes skjørpilkultivaren Salix euxina ‘Bullata’ og toppklokkekultivaren Campanula glomerata ‘Superba’. Desse får derfor ei eiga risikovurdering som kultivarar.

Kultivarar kan ha ein annleis økologisk risiko

Nokre kultivarar er nesten heilt like arten slik den førekjem i naturen, mens andre er meir eller mindre endra. Fordi kultivarane kan ha andre eigenskapar enn arten eller artane dei er utvikla frå, kan den økologiske risikoen òg vere annleis.

Det er lite informasjon å finne i litteraturen om kultivarane si spreiingsevne og dei økologiske effektane. Der det finns informasjon, er det ofte ikkje enkelt å «omsetje» denne slik at den kan brukast til risikovurderingar.

I nokre tilfelle har kultivarane mange av dei eigenskapane som gjer framande artar spreiingsvillige, og dette kan i seg sjølv gi ein negativ økologisk effekt til dømes gjennom fortrenging av heimehøyrande artar. Dei kan òg vere lette å dyrke, vekse veldig bra eller vere herdige og sjukdomstolerante. Ein kan derfor gå ut frå at slike kultivarar er minst like spreiingsvillige og utgjer minst like stor risiko som den opphavelege arten.

I andre tilfelle kan kultivarane ha eigenskapar som gjer dei mindre spreiingsvillige slik at dei utgjer en lågare risiko enn den opphavelege arten. Fleire kultivarar er til dømes variegerte, det vil seie at dei flekkvis manglar klorofyll. Slike er ofte meir sakteveksande og har lågare spreiingsevne. Andre kan vere sterile, eksempelvis kultivarar med fylte blomster ('Flore Pleno') og kan ikkje spreie seg med frø. Nokre dvergformer av bartre set knapt konglar, og har derfor ei lågare spreiingsevne. Atter andre kultivarar er reine hann- eller hoplanter (til dømes somme kultivarar av barlind Taxus og vier Salix), noko som påverkar om dei kan spreie seg. Hannplanter kan naturleg nok ikkje spreie seg med frø, men dei kan likevel spreie pollen og kan då ha det vi kallar ein distanseeffekt, det vil seie at dei kan genforureine viltveksande planter utan at dei sjølve spreier seg.

Kunnskapsgrunnlaget

Eit godt kunnskapsgrunnlag er avgjerande for ei god og robust risikovurdering. For hageplanter som har vore etablerte i naturen ei tid kan ein ha mykje og bra kunnskap om økologisk effekt, spreiing og dermed risiko. Dersom det er ukjend kva for kultivarar av ein art som er forvilla, fordi datagrunnlaget ikkje skil på desse, er det ikkje mogleg å gjere eigne risikovurderingar av kultivarane. Resultatet vert då ei samla vurdering av den opphavlege arten, inkludert kultivarar.

For hageplanter som foreløpig ikkje reproduserer eller finst i landet, såkalla dørstokkartar, er informasjon om fertilitet, spreiingsevne og veksemåte viktig. Dersom vi veit at ein hagehybrid er steril, og heller ikkje kan formeire seg vegetativt, kan dette brukast i risikovurderinga. Stundom finn vi ikkje slik informasjon, og då kan risikovurderinga bli noko usikker. 

Siteres som:

Artsdatabanken (2023). Hageplanter til begjær og bry. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343219 Nedlastet dag/måned/år