Kjært barn har mange namn. Denne slekta blir òg kalla dufttreslekta eller røykelsessederslekta på norsk.

Calocedrus er éi av mange bartreslekter med ein disjunksjon (oppsplitting) i utbreiinga mellom vestlege Nord-Amerika og Aust-Asia. Arten røykelsestre Calocedrus decurrens veks i Nord-Amerika, medan det er tre artar i Asia, kor éin er i fastlands-Kina og sørover til Vietnam, Laos og Burma, éin i Taiwan, og éin er nyleg oppdaga i Vietnam. Slike disjunksjonar tyder ofte på høg alder.

Det norske namnet røykelsestre kjem av at trevirket har god lukt og blir brukt, mellom anna, i røykelsespinnar og blyantar, samt i boksar og hylser for sigarar.

Kjenneteikn

Sjå arten.

Økologi og utbreiing

Artane av Calocedrus veks i fjellskog. Dei veks truleg på godt drenert grunn i område med lokalt humid klima.

Kommentarar

Calocedrus er ein levande fossil. Tidlege fossilfunn er frå første perioden i Tertiær, Oligocen, for ca. 60 millionar år sidan, og då vaks slekta i alle fall i Tsjekkia i Europa og allereie då i Sør-Kina.

Kjelder

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Thieret JW (1993). Calocedrus Kurz. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 412.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Røykelsestreslekta Calocedrus Kurz. www.artsdatabanken.no/Pages/305113. Lasta ned <dag.månad.år>.