Tujaslekta er ei lita slekt med fem artar, to i Nord-Amerika og tre i Aust-Asia. Dei to amerikanske artane er dyrka og forvilla i Noreg. Den austamerikanske arten, tuja, er kanskje er den vanlegaste av alle vedplantar ein ser i hagar og parkar i Sør- og Midt-Noreg.

Kjenneteikn

Tujaartane er tre med oftast rette stammar og ei høgt sylindrisk eller noko kjegleforma krone, men arten tuja blir ofte dyrka som ein busk. Skotta er avflata, ofte med vifteforma delar. Blada sit motsette og taklagde i fire rekkjer; dei på flatsidene er nokså flate, medan dei i kantane har kjøl, noko som er ein skilnad mot sypressane i Chamaecyparis, Cupressus og Callitropsis. Blada er óg ulike inne på greinene og ute på de mindre kvistane. Blada inne på greinene har lange, kvasse spissar som stikk ut, medan dei på småkvistane er heilt tiltrykte og butte. Midtblada på oversida av kvisten kan ha ein kjertel innsenka i bladoverflata. Hannkonglene har 2–6 par med pollenblad, kvart med 2–4 pollensekkar. Hokonglene sit saman i tette grupper på årsgamle kvistar og er eggforma, opprette, med 4–6 par med faste og litt forveda, samanvaksne dekkskjel og kongleskjel. Dei 2–3 sentrale para har 1–3 frø på kvart kongleskjel, dei ytre para er sterile. Dei samanvaksne dekkskjela og kongleskjela er festa ved grunnen og sprikjer frå kvarandre når kongla er mogen. Frøa har to vengjer og blir spreidde med vind eller stundom plukka fram av fugl og spreidde av dei.

Økologi og utbreiing

Tujaartane er skogstre, og eitt av dei, kjempetuja T. plicata, kan bli eit svært stort tre, opptil 50–75 m høgt. Dei veks ofte i skugge, og dei gjev mykje skugge på grunn av det tette bladverket. Dei gjev óg mykje strø av di dei ikkje feller blada, men heile småskott. Alle artane veks på nokså fuktig jord eller i område med fuktig (humid) klima, og oftast på god moldjord.

Den globale utbreiinga er sterkt oppsplitta i dag, med éin art i austlege Nord-Amerika, tuja Thuja occidentalis, éin langsmed Stillehavskysten frå California til Sør-Alaska, kjempetuja Thuja plicata, éin i Japan, Thuja standishii, éin lokalt i Korea, Thuja koraiensis, og éin svært lokalt i vestlege Kina, Thuja sutchuensis.

Kommentarar

Utbreiinga i dag seier ikkje mykje om kor tujaslekta kom frå og kor ho har vore. Dei første kjende fossil er frå den tidlegaste perioden i Tertiær, frå Paleocen for ca. 60 millionar år sidan, og desse er frå Ellesmere Island i arktisk Canada, Grønland og Svalbard! Frå Miocen, for ca. 20–25 millionar år sidan, er tuja kjend frå Aust-Asia, frå Pliocen, for ca. 10 millionar år sidan, frå Nord-Kina, og frå istidsperiodane i Pleistocen for 1–3 millionar år sidan, frå Grønland éin gong til. Sjå LePage (2003) og Eckenwalder (2009).

Kjelder

Chambers KL (1993). Thuja Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 410–411.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

LePage BA (2003) A new species of Thuja (Cupressaceae) from the Late Cretaceous of Alaska: Implications of being evergreen in a polar environment. American Journal of Botany 90: 167–174.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Tujaslekta Thuja L. www.artsdatabanken.no/Pages/305107. Lasta ned <dag.månad.år>.