Einerslekta er den største og mest mangfaldige slekta i familien, og ho blir hovudsakleg halden saman som éi slekt av korleis hokongla er. Dei tre dekkskjela veks saman med dei tre kongleskjela til noko som liknar eit i alle fall litt saftig bær (“einebæret”) som ikkje opnar seg, men som blir spreidd samla (med frøa) med fugl og pattedyr.

Kjenneteikn

Globalt er storparten av artane av Juniperus tre, men det er òg mange buskar. Storparten av artane er særbu, noko som er eit unnatak i sypressfamilien. Unge skott er alltid trinne eller 3–6-kanta i tverrsnittog sit aldri i avflata vifter. Blada er anten skjelforma og sit motsette i fire rekkjer, eller dei er nålforma og sit i kransar på tre. Unge blad er nålforma og meir eller mindre sprikjande, men hos storparten av artane er alle blada på eldre skott tiltrykte og skjelforma, med unnatak mellom andre for den norske eineren Juniperus communis og middelhavseiner Juniperus oxycedrus. Hos dei med skjelforma blad, er det ein meir eller mindre tydeleg kjertel på oversida av bladet. Hannkonglene har 3–7 par eller triplettar med pollenblad, kvart med 2–8 pollensekkar. Hokonglene mognar på 1–2 år. Dei sit i enden av skotta hos storparten av artane (i seksjon Sabina), men i hjørna av nålkransar hos den heimlege eineren (i seksjon Juniperus). Dei samanvaksne dekk- og kongleskjela formar ei kuleforma bærkongle som ikkje opnar seg, og som blir noko saftig og bærliknande, med eit trekanta merke i toppen etter dei tre spissane på dekkskjela. Kvart kongleskjel har 1–3 frø som, naturleg nok, er utan vengje. Konglene blir spreidde av fugl eller pattedyr.

Økologi og utbreiing

Slekta Juniperus er i hovudsak utbreidd i varmtempererte til tropiske strøk. Med eitt unnatak, éin art i Aust-Afrika, er ho begrensa til den nordlege halvkula, men svært få artar går nordover til den boreale sona. To artar går nord til og over den polare skoggrensa: den heimlege eineren og ein krypande busk med berre tiltrykte, skjelforma blad, Juniperus horizontalis, i storparten av Nord-Amerika.

Økologisk spenner slekta over det meste, frå hei og skog til myr, halvørken, ørken og fjell, og éin av artane er den vedplanten som går høgast i fjellet i verda, Juniperus indica opptil 5400 moh. i Himalaya. Hovudtyngda av artar (70–80 %) finst i Eurasia og særleg i Asia.

Kommentarar

Slekta blir delt i to seksjonar. Seksjon Juniperus, der vår heimlege einer høyrer heime, har nåler som om lag alltid sit i kransar på tre og tre, og der nåla har eit ledd nedst og ikkje er nedløpande på kvisten. Bærkonglene sit på ørsmå kortskott i hjørnet av nålkransane, det vil seie godt inne på kvistane. Seksjon Sabina har anten berre nåler, nåler på unge skott og meir tiltrykte skjel i fire rekkjer på eldre skott, eller berre tiltrykte skjel, og hos desse har nåler eller skjel aldri eit ledd ved grunnen. Bærkonglene sit i spissen av kvistane.

Den heimlege eineren i Noreg er ein avvikar i einerslekta Juniperus, saman med middelhavseiner J. oxycedrus og ni andre artar. Desse artane har granne, spisse nåler som sit i kransar på tre, medan dei ca. 45 andre artane anten har granne nåler berre på svært unge skott, men tiltrykte og oftast breiare og meir skjelforma blad på alle eldre skott, eller dei har berre skjelforma blad.

Kjelder

Adams RP (1993). Juniperus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 412–420.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Einerslekta Juniperus L. www.artsdatabanken.no/Pages/305102. Lasta ned <dag.månad.år>.