Barlindslekta har ei historie tilbake til tidleg Kritt, meir enn 100 millionar år tilbake. Slekta er i dag vidt utbreidd på den nordlege halvkula, med éin heimleg art hos oss, barlind. Ein annan art er komen inn som innslag i ein hybrid, japanbarlind, i hybriden hybridbarlind. Hybriden er fertil, dvs. at han kan krysse seg med vår heimlege barlind.

Kjenneteikn

Barlindartane er særbu eller sambu og er store buskar eller oftare tre. Borken er raudbrun og flaknar av i tynne flak. Greinene er ikkje kransstilte, noko som er eit greitt skilje mot edelgranslekta Abies (og barlind vert nokså ofte forveksla med edelgran), og dei er oppstigande til nikkande. Kvistane er grøne til gulgrøne som unge, meir raudbrune som gamle. Blada er nålforma og sit skruestilte, men ofte tilsynelatande sidestilte i to rekkjer. Dei har to breie band av utydelege spalteopninga på undersida. Dei er grøne eller gulgrøne og spisse, noko som er ein annan viktig skilnad mot storparten av artane av edelgran Abies, som dei ofte blir forveksla med. Blada er utan harpikskanalar. Hannkonglene er kuleforma med 4–16 pollenblad som er skjoldforma, dvs. festa midt under. Hokonglene har berre eitt fungerande kongleskjel som gjev eitt frø som mognar første året. Dei har i tillegg eitt eller fleire, samanvaksne kongleskjel som sit som ei raudfarga, saftig frøkappe, arillus, kring nedre delen av frøet. Frøet er utan vengje og blir spreidd av fugl.

Barlindartane skil seg frå andre bartre i at kvar kongle berre har eitt frø, og at dette er halvveges inneslutta i ei saftig, raud frøkappe av fleire samanvaksne kongleskjel.

Nålene hos barlind skil seg frå dei hos edelgran i at dei er grøne på begge sider, utan synlege band eller striper med spalteopningar.

Kommentarar

Slekta er kjend tilbake til tidleg Kritt (Xu mfl. 2015). Slekta har 6–10 artar sirkumpolart, hovudsakleg i tempererte område, men berre éin i Europa. Artane er så like og nærskylde at nokre forfattarar berre reknar med éin art globalt med lokale varietetar (sjå Hils 1993).

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Hils MW (1993). Taxaceae Gray. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 423–427.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Xu H-H, Sun B-N, Yan D-F, Wang J and Dong C (2015). A Taxus leafy branch with attached ovules from the Lower Cretaceous of Inner Mongolia, North China. Cretaceous Research 54: 266–282.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Barlindslekta Taxus L. www.artsdatabanken.no/Pages/305100. Lasta ned <dag.månad.år>.