Bartre er ein gruppe av nakenfrøingar som dominerte plantelivet i ein lang periode i verdas oldtid og mellomtid, til dei fekk konkurranse frå dekkfrøingane i Kritt, for mellom 135 og 65 millionar år sidan. Dei slektene og til dels artane vi finn av nakenfrøingar i dag, er ofte svært gamle, og mange av dei er sokalla levande fossil. Totalt utgjer nakenfrøingane færre enn 1000 artar i dag, ei lita gruppe samanlikna med dei minst 250 000 artane av dekkfrøingar (Eckenwalder 2009).

Dei norske representantane for nakenfrøingar høyrer alle til bartre-gruppa og er vedplantar, med blad som anten er nålforma og smalt linjeforma, og som sprikjer ut frå kvisten, eller små, meir eller mindre trekanta og skjelforma, og trykte til og dekkjer kvisten. I andre delar av verda finst slekter og artar som ser heilt annleis ut.

Nakenfrøingane har einkjønna “blomar” kalla kongler, med makro- og mikrosporofyll, dvs. frøblad, her brukt i ei anna tyding enn hos dekkfrøingane, og pollensekkblad. Alle dei norske nakenfrøingane er vindpollinerte, men andre typar pollinering finst andre stader i verda. Plantane har frie frøemne der gametofytten utviklar seg i frøemnet. Frøa er ikkje dekte av ein fruktvegg, og difor har dei fått namnet nakenfrøingar.

Angiosperm Phylogeny Website (Stevens 2001 og framover) godtek fire ordnar og 11 familiar av nakenfrøingar. Ordnane er Cycadales (cykadeordenen eller konglepalmar, tropiske og sørlege), Gnetales (varmtempererte, tropiske og sørlege), Cupressales (sypressordenen, om lag heile jorda) og Pinales (furuordenen, nordlege halvkula og nokre i tropane). Dei to siste ordnane er samanfatta som bartre. Det er noko usikkert om Ginkgoales, med éin art i Kina ginkgo Ginkgo biloba, høyrer til nakenfrøingane eller ikkje (sjå Stevens 2001 og framover). I norsk natur har vi representantar for Pinaceae, furufamilien (heimlege og framande artar), i Pinales og familiane Cupressaceae, sypressfamilien (én heimleg og fleire framande), Araucariaceae, kranstrefamilien (éin framand) og Taxaceae, barlindfamilien (éin heimleg og éin framand), alle desse tre siste familiane i Cupressales.

Nakenfrøingane er ikkje ei komplett evolusjonslinje, men må inkludere dekkfrøingane for å bli ei slik linje. Nakenfrøingane er difor rekna som ei parafyletisk gruppe i moderne systematikk.

Kjelder

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Stevens PF (2001 onwards). Angiosperm Phylogeny Website. Version 14, July 2017. http://www.mobot.org/MOBOT/research/APweb/.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Nakenfrøingar Pinophyta. www.artsdatabanken.no/Pages/304046. Lasta ned <dag.månad.år>.