Kjempetuja vart frå førstninga innført til Noreg som produksjonstre. Arten vart òg planta i arboret og i nokre parkar, men er nokså sjeldan nytta som prydtre i mindre hagar av di han raskt veks seg for stor. Han frøforvillar seg i Noreg, men er ikkje vanleg som forvilla. Han kjem frå vestlege Nord-Amerika.

Kjempetuja kan bli eit svært stort tre, her eit middelstort tre i Lunde arboret i Balestrand.

Kjenneteikn

Kjempetuja kan bli eit svært stort tre, opptil 45–60 m, unntaksvis 75 m høgt. Han er sambu, med hann- og hoblomar på same planten. Han har skott med motsette, skjelforma, taklagte blad i fire rekkjer, éi rekkje med om lag flate blad utan kjøl på kvar flatside og éi rekkje med samanfolda blad med kjøl i kvar kant. Kvistane er flate, på oversida med blad som er blankt grøne, på undersida med blad som har blåkvite flekkar med spalteopningar, og grøne kantar. Blada langsmed midten på oversida er utan eller berre med ein utydeleg kjertel. Blada langsmed kanten av kvisten har rett topp. Konglene er avlangt eggforma, opptil 18 mm, og vender oppover på kvisten. Dei har oftast 8–12 tørre og nokså flate, samanvaksne kongle- og dekkskjel, og oftast ber seks av dei frø. Kjempetuja spreier pollenet om våren eller forsommaren og er vindpollinert. Frøa har to vengjer og blir spreidde med vind.

Kjempetuja har eit flatt greinverk som er noko hengande. Det er mørkare grønt enn hos tuja.

Her er kjempetuja frøforvilla i skog ved Øverland arboret i Bærum.

Blada på undersida av skotta hos kjempetuja har blåkvite flekkar med spalteopningar.

Konglene hos kjempetuja er avlangt eggforma før dei opnar seg, og kan vera svært dekorative som opna.

Blada hos kjempetuja er skjelforma. Dei på oversida av skotta er flate og utan ein tydeleg kjertel, dei på sida av skotta er folda saman og har ein kjøl.

Kromosomtal

Kjempetuja er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.

Økologi og utbreiing

Kjempetuja er innført som skogstre og prydtre. Han har vore i bruk i hagar sidan kring 1870 og er planta forstleg sidan kring 1910, men vart først rapportert som forvilla i 1994. Han er naturalisert i næringsrik skog, skogkantar, på berg og skrotemark, og han er no bufast og i auke. Kjempetuja er kjend forvilla i Østfold, Akershus, fleire stader på Vestlandet frå Rogaland til Møre og Romsdal, og i Sør-Trøndelag, og han er funnen frå boreonemoral til sørboreal sone.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg langs kysten i vestlege Nord-Amerika frå søraustlege Alaska sørover til nordvestlege California, men strekkjer seg òg inn i Rocky Mountains frå British Columbia til Idaho og vestlege Montana.

Kommentarar

Kjempetuja produserer frø frå ca. 20 års alder, men han kan òg formeire seg med senkarar. På grunn av problem med frostskadar på unge tre, viltskadar, høgt krav til sommarvarme og angrep av nokre soppsjukdomar, vart han ikkje ein suksess for skogbruket, korkje her i landet eller elles i Nord-Europa. Auka sesonglengde og nedbør kan favorisere dette treet.

Forvekslingar

Kjempetuja kan bli forveksla med tuja Thuja occidentalis, men han kan òg bli forveksla med nutkasypress Callitropsis nootkatensis og lawsonsypress Chamaecyparis lawsoniana. Hos tuja er blada på undersida av skottet jamt grågrøne eller gulgrøne, medan blada på undersida av skottet hos kjempetuja har blåkvite flekkar. Nutkasypress og lawsonssypress har trinne skott med liten skilnad mellom blada på midten og dei i kanten av skottet, då kantblada ikkje er samanfolda og har trinn rygg, medan både kjempetuja og tuja har meir avflata skott med tydeleg skilnad mellom blada på midten og dei i kanten av skottet, då kantblada er samanfolda og har kjøl.

Kjelder

Chambers KL (1993). Thuja Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 410–411.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Kjempetuja Thuja plicata Donn ex D.Don. www.artsdatabanken.no/Pages/285866. Lasta ned <dag.månad.år>.