Einer er utbreidd i heile Nord-Amerika og Eurasia og er truleg den vidast utbreidde nakenfrøingen i verda. Han har globalt minst fem rasar, tre av desse i Europa og to i Noreg. Einer er den einaste arten i sypressfamilien som er heimleg i Noreg.

Kjenneteikn

Einer er særbu, dvs. med særskilde hann- og hoplantar. Han er ein busk eller eit lite tre med ei rekkje vekstformer. Einer kan vera breitt buskforma, treforma eller søyleforma. Dei fleirårige nålene sit i kransar på 3. Nålene har eit breitt, lyst band av spalteopningar på oversida. Dei har eit ledd ved grunnen og er ikkje nedløpande på kvisten. Hannkonglene er gule. Hokonglene sit på eit ørlite kortskott ved grunnen av nålkransane, inne på kvisten. Frøa sit i ei litt saftig bærkongle av tre samanvaksne dekkskjel og kongleskjel, og blir kalla eit “einebær” på folkemunne (og i krydderhylla). Bærkongla er grøn første året og blir gråblå andre året når ho er mogen. Einer spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Bærkongla blir spreidd med dyr, særleg med fugl.

Nålene hos einer sit tre i kvar krans, og kvar nål har eit ledd ved grunnen.

Bærkongla hos einer er samanvaksen frå tre dekkskjel og tre kongleskjel, og har eit trekanta merke i toppen.

Bærkongla hos einer er grøn første året og blir blå andre året, når ho er mogen. Elles ser ein klomsekorn, gall av einergallmyggen.  

Kromosomtal

Einer er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.

Økologi og utbreiing

Einer veks i tørr skog, hei og beitemark både i låglandet og i fjellet. Han er lite næringskrevjande og er vanleg i heile landet. Einer veks frå nemoral til subarktisk sone og går i fjellet opp til mellomalpint belte. Den kjende høgdegrensa er på 1730 moh. i Lom i Oppland. Låglandsrasen er funnen opp i lågalpint belte, medan fjellrasen ikkje er uvanleg opp i mellomalpint belte.

Einer er utbreidd i tempererte, boreale og lågarktiske soner i heile Eurasia, Nord-Amerika og på Grønland.

Kommentarar

Einer er sirkumboreal og -polar, og det er mange namnsette varietetar og underartar. Det er truleg tre underartar i Nord-Amerika: subsp. depressa (Pursh) A.E.Murray i storparten av USA og Canada, subsp. nana i delar av Alaska, og ein førebels truleg ikkje namnsett underart i vestlege fjell nord til sørlege Alaska. I Europa og Asia er det minst tre underartar, to i Noreg: bakkeeiner subsp. communis og fjelleiner subsp. nana, som går jamt over i kvarandre i fjellskogen. Ein tredje underart, subsp. hemisphaerica (J.Presl & C.Presl) Nyman, er kjend frå fjell i Sør-Europa og aust til Vest-Asia.

Einebær har vore mykje bruk, både som krydder i brennevin (genever, gin), øl og mat og som medisin og anna. Treverket er uvanleg haldbart på grunn av eit høgt innhald av terpentinar.

Forvekslingar

Einer liknar ikkje på nokon annan heimleg plante i Noreg, men han liknar på dei innførte artane kinaeiner Juniperus chinensis og himalayaeiner Juniperus squamata. Kinaeiner har nålforma blad på unge skott, men skjelforma og motsette blad på utvaksne skott, medan einer har berre nålforma blad. Ein annan skilnad er at einer har eit ledd ved grunnen av nåla og at nåla difor ikkje er nedløpande på kvisten, medan korkje kinaeiner og himalayaeiner har noko ledd nedst på nåla, og nåla er difor noko nedløpande på kvisten. Bærkonglene sit ved grunnen av nålkransane hos einer, i spissen av kvistane hos dei to andre.

Kjelder

Adams RP (1993). Juniperus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 412–420.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Einer Juniperus communis L. www.artsdatabanken.no/Pages/285863. Lasta ned <dag.månad.år>.