Svartsurbær er ein framand art frå Nord-Amerika som er dyrka som pryd- og bærbusk. Ein god del av det som har vore marknadsført som svartsurbær, syner seg å tilhøyre den kunstig frambrakte hybriden storsurbær Sorbaronia mitschurinii. Svartsurbær krev kryssbefruktning og er mindre spreiingsviljug enn storsurbær som set frukt utan befruktning. Svartsurbær er førebels berre dokumentert nokre få stader langsmed kysten av Sør-Noreg.

Kjenneteikn

Svartsurbær er ein opptil 2 m høg busk som set rotskott (ein skilnad mot ×Sorbaronia). Blad, blomestandakse, underbeger og begerblad er snaue eller om lag snaue. Blada sit skruestilte, som elles i rosefamilien, og er oftast omvendt eggforma med svært små, men tydelege tenner, om lag alltid med ein svartraud kjertel i spissen, og kjertelen utgjer ein betydeleg del av tanna. Langsmed oversida av midtnerven og ofte litt ut på sidenervane sit det talrike, svartraude og tappforma kjertlar, ein spesiell karakter som skil Aronia (og ×Sorbaronia) frå andre buskar både i rosefamilien og elles. Blomane er kvite og sit i nokså diffuse halvskjermar. Fruktene (bærepler) er relativt små, det vil seie om lag 0,5 cm (opptil 0,7 cm) i diameter, og dei er snaue, blanke og om lag svarte som mogne. Frøa vert spreidde med fugl som et dei saftige bærepla.

Blada hos svartsurbær har oftast tydelege kjerteltenner i bladkanten.

Fruktstanden er meir diffus hos svartsurbær (samanlikna med storsurbær). Blada er dessutan oftast breiast ovanfor midten.

Kromosomtal

Arten er truleg hovudsakleg diploid med grunntal x = 17 og kromosomtal 2n = 34. Plantar med tetraploide teljingar på 2n = 68 har molekylære markørar med innslag frå raudsurbær Aronia arbutifolia og kan difor heller vere hybridar mellom dei to artane, dvs. purpursurbær Aronia ×prunifolia. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Svartsurbær er innført og vert dyrka som pryd- og bærplante. Arten forvillar seg i noko næringsrik skog, skogkantar, kratt og i vegkantar, men førebels berre i liten grad. Han er knytt til nemoral til boreonemoral sone. Arten blei først dokumentert i naturen i 2001 frå Sarpsborg (Østfold) og er seinare funnen i Ås (Akershus), Kristiansand (Vest-Agder), Rennesøy (Rogaland), Askvoll (Sogn og Fjordane) og nord til Ålesund og Aukra (Møre og Romsdal). Utbreiinga er truleg ikkje godt dokumentert av di ein har hatt ei feilaktig oppfatning av slekta i Noreg fram til sommaren 2023.

Svartsurbær kjem opphaveleg frå austlege Nord-Amerika, liksom den andre arten og hybridarten i slekta, og han er den arten som går lengst nord.

Kommentarar

Inntil nyleg har ein trudd at det forvilla materialet av surbær i Noreg i hovudsak tilhøyrde to artar i slekta Aronia, nemleg svartsurbær Aronia melanocarpa og hybridarten purpursurbær Aronia ×prunifolia (sjå Elven mfl. 2022). Begge desse veks naturleg i Nord-Amerika saman med raudsurbær Aronia arbutifolia, den andre foreldrearten til purpursurbær. Ein revisjon av materialet har vist at vi ikkje har påliteleg dokumentert materiale av korkje raudsurbær eller purpursolbær i norsk natur, og at den mest spreiingsviljuge arten er den apomiktiske og kunstig framstilte hybriden storsurbær ×Sorbaronia mitschurinii (Elven og Hegre 2023). Svartsurbær er berre sikkert påvist eit par handfull gonger.

Forvekslingar

Buskar med skruestilte, tanna blad med dei karakteristiske tappforma kjertlane på midtnerven, og stundom på sidenervene, kan ikkje vere noko anna enn surbær i vid forstand (Aronia eller ×Sorbaronia). Svartsurbær og dei andre Aronia-taksaene skil seg frå storsurbær i bladtanninga som er tett (med svært små tenner) og om lag alltid med ein om lag svart kjertel i enden, medan storsurbær har grøvre tenner og ofte utan kjertel i enden, og der kjertelen om han finst – utgjer ein mykje mindre del av tanna. Svartsurbær har ein meir diffus blomestand og mindre frukter enn storsurbær. Blada er omtrent alltid breiast ovanfor midten hos svartsurbær, ikkje kring midten som hos storsurbær. I tillegg set Aronia-artane rotskott, noko storsurbær ikkje gjer.

Svartsurbær skil seg frå både raudsurbær og purpursurbær i hårklednad. Blad, blomestandsakse, underbeger og begerblad er snaue eller om lag snaue hos svartsurbær, medan dei er tetthåra hos raudsurbær og grisse håra hos purpursurbær. Mogne frukter er blanke, svarte og snaue hos svartsurbær, medan dei er raude, blanke og håra hos raudsurbær og mørkt purpurfarga, matte og grisse håra hos purpursurbær.

Kjelder

Brand MH, Obae SG, Mahoney JD og Connolly BA (2022). Ploidy, genetic diversity and speciation of the genus Aronia. Scientia Horticulturae 291, 110604.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Hegre H (2023). Surbær i Norge har vært misforstått. Blyttia 81: 99–111.

Hardin JW (1973). The enigmatic chokeberries. Bulletin of the Torrey Botanical Club 100: 178–184.

Leonard PL, Brand MH, Connolly BA og Obae SG (2013). Investigations into the origin of Aronia mitschurinii using amplified fragment length polymorphism analysis. HortScience 48: 520–524.

Mahoney JD, Hau TM, Connolly BA og Brand MH (2019). Sexual and apomictic seed reproduction in Aronia species with different ploidy levels. HortScience 54: 642–646.

Pankhurst RJ (2014). Aronia Medikus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.), Flora of North America North of Mexico 9. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=1&taxon_id=102649

Sennikov AN og Phipps JB (2013). Atlas Florae Europaeae notes, 19–22. Nomenclatural changes and taxonomic adjustments in some native and introduced species of Malinae (Rosaceae) in Europe. Willdenowia 43: 33–44.

Skvortsov AK og Maitulina YuK (1982). On distinctions of cultivated black-fruited Aronia from its wild ancestors. Bjull. Glavn. Bot. Sada AN SSSR 126: 35–40. [På russisk.]

Skvortsov AK, Maitulina YuK og Gorbunov YN (1983). Cultivated black-fruited Aronia: Place, time, and probable mechanism of formation. Bjull. MOIP. Otd. Biol. 88: 88–96. [På russisk, omset av I. Kadis 2011.]

Stalažs A (2021). ×Sorbaronia mitschurinii: from an artificially created species to an invasion in Europe: repeating the fate of invasive Amelanchier ×spicata, a review. Journal of Plant Research 134: 497–507.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Svartsurbær Aronia melanocarpa (Michx.) Elliott. www.artsdatabanken.no/Pages/366662. Lasta ned <dag.månad.år>