Dei vitskaplege namna står sentralt for å kunne kommunisere og samarbeide om artar på tvers av landegrensene. For å standardisere bruken av namn og system for namn, er Artsdatabanken involvert i fleire internasjonale samarbeid. Dette er også nyttig for å få innblikk i korleis andre land handterer namnedata.

Pan-European Species directories Infrastructure (PESI)

Artsdatabanken er norsk node og leverandør for PESI (Pan-European Species directories Infrastructure). PESI er eit EU-prosjekt som presenterer standardisert og autorativ taksonomisk informasjon. Dette blir gjort ved å integrere og sikre dei taksonomiske autoritative artsnamnregistera og namnedatabasar i Europa for å støtte forvalting av biologisk mangfald i Europa.

Artsdatabanken har eit godt og tett samarbeid med den norske noden av GBIF – Global Biodiversity Information Facility. GBIF sin dataportal vidareformidlar Artsdatabanken sitt namneregister til internasjonale brukarar.

LifeWatch og INSPIRE

Artsdatabanken leverer også data frå namneregisteret til den europeiske infrastrukturen for forsking på biodiversitet og økosystemer, LifeWatch, og til INSPIRE, som er ein digital infrastruktur for stadfesta artsinformasjon i Europa.

Havsulene hekkar i koloniar, ofte på fleire hundre par. Reira blir plasserte på bakken eller i ein fjellskrent.

Rynka kulegullveps Omalus biaccinctus er ein sjeldan art som berre er påvist to gongar i Noreg, i Hole i Buskerud og på Asmaløy i Østfold. Arten parasitterer på vedlevande små graveveps.