Som heimleg har barlind ei sørleg og vestleg utbreiing i Noreg, med spreidde førekomstar eit stykke innover på Austlandet, men ho er nokså vanleg i kyst og dalstrøk til Molde i Møre og Romsdal. Ho er òg mykje dyrka som prydtre og er ofte forvilla både innanfor og noko utanfor den heimlege utbreiinga.

Ei halvstor barlind i brattlende i Hamrekleiva i Øvre Eiker. Den mørkgrøne barlinda stikk seg ut i furuskogen.

Kjenneteikn

Barlind er ein busk eller oftare eit tre på opptil 15 m, og stammen kan bli over 1 m i diameter. Unge kvistar er grågrøne. Knoppane har knoppskjel med rund rygg. Nålene sit i to tydelege, sidestilte rekkjer, særleg på eldre kvistar der nålverket er avflata. Nålene er mørkgrøne på oversida og noko bleikare grøne på undersida. Hannkonglene (hannblomane) er lysgule og sit i tette klasar. Dei er kuleforma med skjoldforma pollenblad. Hokonglene (hoblomane) er grøne og sit enkeltvis. Dei har nokre få taklagde kongleskjel, det øvste med eitt frøemne med ein ring av samanvaksne kongleskjel ved grunnen. Ringen veks ut til ei raud, saftig frøkappe, arillus, kring nedre delen av frøet. Frøet er 6–7 mm langt. Med unnatak for frøkappa, er heile busken giftig. Barlind spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa blir spreidde med fugl på grunn av den saftige frøkappa.

Nålene hos vår heimlege barlind står oftast ut til to sider på kvisten, er mørkgrøne på oversida, og svært blanke.

Dei tre samanvaksne kongleskjela som utgjer den saftige frøkappa, har ei trekanta opning i toppen. Her ser ein det harde frøet inni. Heile planten er giftig, sett bort frå frøkappa. Kongla med frøet blir spreidd med fugl.

Nålene hos barlind er noko meir gulgrøne på undersida. Her frå ein hannplante med hannkongler.

Kromosomtal

Barlind er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Barlind veks i berglendt skog, oftast på næringsrik jord. Arten finst oftast som spreidde individ, men han kan danne mindre bestandar. Han går inn i ei lang rekkje naturtypar og kan nå ein monaleg høg alder, mykje meir enn dei vel 200 år som er fastslege for nokre norske tre. I Storbrittania er det kjent fleire barlind-tre som er over 1000 år gamle, og kanskje nokre meir enn 2000 år gamle («The oldest yew in the UK is said to be the Fortingall yew in Perthshire. It’s estimated to be between 2,000 and 3,000 years old, although some believe it could be 5,000 years old.», sjå Woodland Trust). I Noreg veks barlind på Austlandet frå Eidsvoll i nordre Akershus og sørover eit breitt belte til Agder. På Vestlandet er ho nokså sjeldsynt i Rogaland, men med ein hovuddel av si utbreiing i Hordaland og innover Hardangerfjorden. Nordover går ho i eit smalare belte langsmed vestkysten til Molde. Høgdegrensa er på om lag 610 moh. i Etne i Hordaland. Barlind er knytt til nemoral til boreonemoral sone.

Globalt er barlind utbreidd frå Spania i sør til Noreg i nord og til Himalaya i aust.

Kommentarar

Barlind og hybridbarlind Taxus ×media, som er krysningar med japanbarlind Taxus cuspidata, blir innførde til landet og er mykje i bruk i hagar og parkar. Barlind er difor ein regionalt framand art fleire stader i landet. Det er ein risiko for genetisk forureining av heimleg barlind både ved kryssing med innført barlind og med hybridbarlind. Moderne dyrka barlind kan vere med eller utan genetiske innslag frå japanbarlind. I seinare tid har det vorte gjort mange funn av barlind på stader der ho ikkje er kjend frå tidlegare, og dette gjeld i særleg grad i byar, tettstader og annan busetnad på Austlandet og Sørlandet. Det er rimeleg å anta at slike observasjonar gjeld innført barlind og hybridbarlind.

Forvekslingar

Det er vanskeleg å skilje barlind frå hybridbarlind. Barlind har nåler i to tydelege, sidestilte rekkjer på eldre skott og får difor eit nokså flatt nålverk, medan hybridbarlind har nåler i mindre tydelege rekkjer, dei sit meir kring heile kvisten. Barlind har nåler som er meir grågrøne til klårt grøne på undersida, og unge kvistar er grågrøne. Hybridbarlind har nåler som er gulgrøne på undersida, og unge kvistar er gulgrøne. Knoppskjela hos hybridbarlind har ein kjøl på ryggen, medan barlind har knoppskjel med om lag rund rygg. Japanbarlind skil seg mellom anna i at ho har spisse knoppskjel med markert rygg og nåler som er endå meir gulgrøne på undersida.

Det er ikkje uvanleg å forveksle edelgran Abies alba og barlind. Barlind har spisse nåler med grøne undersider, utan synlege striper eller band av spalteopningar. Dette skil barlind frå alle artar av edelgran. Edelgran har som oftast butte eller utranda nålspissar, med unnatak for gresk edelgran Abies cephalonica. Alle edelgranartar har to gråkvite eller kvite band med spalteopningar på undersida av nålene.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. The coast plants. 134 s.

Franco, J do Amaral (2003). Taxus L. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Lindmo S, Salvesen PH og Skogen A (1991). Verneverdige forekomster av barlind og kristtorn i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Univ. Bergen, Bot. Inst. Rapp. 50: 1–125.

Woodland Trust. What are the UK’s oldest trees? https://ati.woodlandtrust.org.uk/what-we-record-and-why/what-we-record/oldest-trees-in-uk Lasta ned 15/11/2023.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Barlind Taxus baccata L. www.artsdatabanken.no/Pages/285861. Lasta ned <dag.månad.år>.