Stenothoe marina sit på ein art hydroide (botnlevande polyppdyr) i slekta Tubularia. Foto: Lill Haugen. Lisens: CC BY-SA 4.0

Fleire grupper marine virvellause dyr har det vi kallar «underutvikla taksonomi» - altså at det som vi i dag forstår som éin art eigentleg er to eller fleire artar. Den genetiske kartlegginga av amfipodar dei siste åra har vist at dette også gjeld her. Prosjektet MADAM skal kartleggje desse skjulte artane for utvalde grupper av amfipodar som lever i norske farvatn.

Amfipodar er ein artsrik orden av krepsdyr med over 10600 artar. Dei kan vere frå 1 - 350 mm store, men dei fleste er mindre enn 60 mm. På norsk blir amfipodane vi kan finne i fjøresona ofte kalla «tanglopper». Dei er for det meste frå slekta Gammarus, og det er nok desse folk flest kjenner til.

Dei fleste amfipodane lever i saltvatn, og oftast er dei knytt til botnen eller organismar som stikk opp frå botnen. Det finst òg amfipodar i ferskvatn, i fuktig jord og sand, og i underjordiske grotter og hòlesystem. I Noreg er det så langt funne 544 ulike artar av amfipodar, fordelte på mange familiar. Dei aller fleste av desse lever i det marine miljø, men det finst òg nokre få i ferskvatn, og ein art er funnen på fuktig sand.

Basert på genetiske data frå fleire tidlegare artsprosjekt (NorAmph, NorAmph2, VentSeep og HABFA) har vi valt ut seks amfipode-familiar der det er mange indikasjonar på større genetisk diversitet enn vi har moglege artsnamn. Vi vil undersøkje familiane Amphilochidae, Calliopiidae, Caprellidae, Melitidae, Pleustidae og Stenothoidae, og planlegg å beskrive eventuelle nye artar som blir avdekte. Vi skal bruke ein kombinasjon av morfologibasert identifisering og genetiske data, såkalla integrativ taksonomi, for å freista å løyse opp i desse problema. I tillegg vil vi inkludere informasjon om mikrohabitat; kva artar amfipodane lever assosierte med.

Amfipodane i dei utvalde familiane lever frå heilt grunt vatn til djuphavet, og fleire av dei ser ut til å leve på, eller med, andre virvellause dyr. Det er sterke indikasjonar på at fleire amfipodeartar er spesifikt knytt til mikrohabitata sine. Dette kan likevel vere ei utfordring å dokumentere. MADAM vil samle inn nytt materiale med metodar som eignar seg for å dokumentere desse assosiasjonane mellom amfipodar og andre dyregrupper. Tilknytt prosjektet er òg ekspertar på nokre av dyregruppene som oftast fungerer som heim for dei utvalde amfipodefamiliane. MADAM håpar å kunne bruke det vi finn ut om desse assosiasjonane til å kunne seie meir om både gamle og nye amfipodeartar. Forhåpentleg vil dette gi forbetra forståing av den genetiske variasjonen både innan artar og mellom artar. Det vil òg kunne gi oss detaljert informasjon om mikrohabitat, og meir informasjon om kvar artane finst geografisk.

Prosjektet inviterer studentar til å gjere bachelorprosjekt og masteroppgåver på amfipodane sin  systematikk og taksonomi. På denne måten vil vi kunne auke kompetansen på denne artsrike gruppa. Det vil òg bli arrangert ein workshop der amfipode-ekspertar vil dele kunnskapen sin med studentar og kvarandre.

MADAM tek for seg seks familiar av amfipodar som vi veit har ubeskriven artsdiversitet, og skal utforske denne diversiteten saman med ekspertar og studentar.