Småvassoleie er ein meterlang, flytande og heimleg vassplante med små kvite blomar. Arten tilhøyrer vassoleie-gruppa (underslekt Batrachium).

Kjenneteikn

Småvassoleie er ein fleirårig vassplante med stenglar som ofte er meterlange og flytande. Undervassblada er mørkgrøne og findelte, og skaftet stikk tydeleg ut av bladslira. Dei er oftast meir enn 4 cm lange, frå noko kortare enn til jamlange med ledda på stengelen. Dei fell penselforma saman når dei kjem opp frå vatnet. Flyteblad manglar. Blome- og fruktskaft er middels til lange (4-10 cm), granne og lite bøygde. Blomane er nokså små, 10–20 mm breie. Kronblada er kvite og når ikkje kvarandre i kanten. Nedst har dei ei halvmåneforma nektargrop. Talet på pollenberarar er frå 10 til 25. Fruktfestet er håra. Smånøttene har tverr-ribber og er oftast håra med tydeleg nebb.

Undervassblad er findelte, og skaftet stikk tydeleg ut av bladslira. Flyteblad manglar.

Kromosomtal

Arten er oftast tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Mange rapportar for kromosomtal i Batrachium er upålitelege av di taksonomien og artsavgrensinga er vrien.

Økologi og utbreiing

Småvassoleie veks i sjøar, stille elvar og på ferskvasstrand, hovudsakleg i sørboreal til mellomboreal sone, men òg i nemoral sone og i nordboreal sone heilt nord til Subarktis. Arten er mest vanleg i innlandsstrøk frå Austlandet og indre Vestlandet til Troms (Lenvik), meir sjeldsynt vidare til Aust-Finnmark. Småvassoleie har ei lite kjent utbreiing både i Noreg og elles, men er truleg vidt utbreidd i Europa, Nord-Afrika, Asia, Nord-Amerika, i Andes i Sør-Amerika og i søraustre Australia. Dette er truleg den vassoleia som har den vidaste utbreiinga globalt.

Kommentarar

Hybridar mellom småvassoleie og storvassoleie R. peltatus er svært vanlege, ofte meir utbreidde enn foreldra i mange vassdrag. Ein kjennar att dei på blomar i mellomstorleik, flyteblad med nokre trådforma flikar, og manglande fruktsetjing. Dei er funne mange stader i Sør-Noreg, mest på Austlandet, men finst truleg overalt der foreldra veks saman, og det kan vere at storparten av plantane på Austlandet og i Trøndelag høyrer til slike hybridar. Småvassoleie kryssar seg truleg med kystvassoleie R. aquatilis, men desse to artane er så like at det er svært vanskeleg å identifisere hybridar. Hybridar vil truleg vere sterile på grunn av ulike kromosomtal.

Forvekslingar

Småvassoleie kan verte forveksla med dei andre vassoleiene; artane er vanskeleg å skilje, og plantar utan blome eller frukt let seg ofte ikkje namnfeste. Arten liknar mest på kystvassoleie R. aquatilis utan flyteblad, men dei kan skiljast på kronblada som er 3,5–6 mm lange og smale slik at dei ikkje når kvarandre i kantane hos småvassoleie, men 5–10 mm lange og så breie at dei når kvarandre i kantane hos kystvassoleie, og ikkje minst på forma på nektargropa som er halvmåneforma hos småvassoleie og skålforma hos kystvassoleie.

Kjelder

Dahlgren G og Jonsell B (2001). Ranunculus L. (p.p.) I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 259–269.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Småvassoleie Ranunculus trichophyllus Chaix ex Vill. www.artsdatabanken.no/Pages/286392. Lasta ned <dag/månad/år>.