Norsk raudliste for artar 2015 viser at 48 % av dei truga artane lever i skog, og at det har vore ein reell nedgang i talet på truga artar i skog. Dette skuldas blant anna at vi har fått meir kunnskap om artane, og også ein auke i mengda død ved.

Skog er ein naturtype med stor variasjon i struktur og livsmiljø, og difor med eit stort mangfald av artar. Arealet av skog i Noreg utgjer ca. 120 000 km2 (38 % av landarealet), og av dette er ca. 90 000 km2 produktiv skog (Stokland mfl. 2014). Vi reknar med at omkring 60 % av dei 44 000 artane i Noreg finst i skog, og kvart år blir nye artar registrerte. Det finst ikkje nokon full oversikt over alle artar som lever i skogen.

Store endringar i kategoriar

Som følgje av at fleire artar er vurderte, er talet på truga og nær truga artar i skog nærmast uendra frå 2010 til 2015. Det har likevel skjedd store endringar, hovudsakleg i positiv retning.

Fleire artar som tidlegare blei vurderte å vere i nedgang har no anten gått ut av Raudlista eller har fått ein lågare kategori som følgje av at nedgangen har minka eller stansa. Av dei reviderte artane er 349 skoglevande artar vurderte til ein lågare kategori i 2015 enn i 2010. Dette inneber at dei er vurderte å ha ein lågare risiko for utdøying. 117 av dei reviderte artane har fått ein høgare kategori. Vidare er 177 raudlisteartar frå 2010 no vurderte som livskraftige, og står ikkje på Raudlista. Til samanlikning er 53 artar som blei vurderte som livskraftige i 2010, no inne på Raudlista.

Framleis mange truga artar i skog

Av alle truga artar på Raudlista 2015 finst 48 % (1122) i skog. Det er flest truga skogartar innan gruppene soppar (353 artar), biller (230 artar), tovengar (128 artar) og lav (124 artar). Dette er artsgrupper med ei stor mengd skogsartar generelt. Mange av artane er spesialistar, gjerne knytte til eitt eller eit fåtal livsmiljø, som f.eks. liggjande død ved, gadd av ulike treslag, grove eller hole edellauvtre. Nokre av livsmiljøa i skog er sterkt konsentrerte til bestemte skogtypar. Kalklindeskog har særleg mange spesialistar og nærare 60 kalklindesoppar står på Raudlista. 61 % av mykorrhizasoppane på Raudlista finst i edellauvskog (Brandrud 2007). Sjølv om edellauvskog utgjer berre 1 % av det produktive skogarealet i Noreg, har denne skogtypen eit høgt tal truga artar.

Alm Ulmus glabra og ask Fraxinus excelsior har hatt ein betydeleg bestandsnedgang som følgje av sjukdom, og begge er no vurderte som truga. Somme lavartar og soppar som veks i og på alm og ask blir indirekte påverka ved at vertstrea døyr.

Flest truga artar i gammalskog

For omlag 1074 truga skoglevande artar har vi informasjon om kva aldersklasse av skog dei lever i. Heile 84 % av dei truga artane i skog er knytte til gammalskog. Her blir gammalskog brukt om skog med høg biologisk alder og som i liten grad er påverka av hogst. Eit anna omgrep er naturskog (Rolstad mfl. 2002) som også omfattar skog med liten grad av menneskeleg påverknad. 

I følgje Rolstad og Storaunet (2015) er 75 % av naturskogen avverka og erstatta med kulturskog, og 19 % av naturskogen er hogd dei siste 15-20 åra. Dette er ei stor utfordring for artar som i hovudsak har naturskog som leveområde, og som truleg vil ha problem med å oppretthalde levedyktige populasjonar i produksjonsskog. Eit godt eksempel er lappkjuke Amylocystis lapponica. Arten opptrer fyrst og fremst i skog utan hogstpåverknad og med lang kontinuitet av dødved. Lappkjuke er vurdert til sterkt truga EN i Raudlista 2015. Mange av soppane i skog er raudlista fordi dei har ein avgrensa populasjonsstorleik, som er antatt å vere i nedgang, samtidig som populasjonsstrukturen er ugunstig med mange små, fragmenterte delpopulasjonar. Fragmenterte populasjonar og redusert kvalitet på leveområda er også årsak til at ei stor mengd biller og tovengar er raudlista.

Mange av dei truga artane som lever i gammalskog finst også i eldre skog. Av dei truga artane finst 61 % i eldre skog, 15 % i yngre skog og 15 % i open fase. Grensa mellom yngre skog og eldre skog svarer til grensa mellom hogstklassene III (yngre produksjonsskog) og IV (eldre produksjonsskog). Skogstatistikk syner at skogarealet er jamt aukande for aldersklassene 120-159 år og 160 år og eldre (Stokland mfl. 2014). For mange skoglevande artar kan tilvoksteren i desse aldersklassene ha ein positiv effekt på lengre sikt.

Flest truga dødvedartar på middels nedbroten lauvtreved

I følgje ny skogstatistikk (Storaunet og Rolstad 2015) har mengda død ved i produktiv skog auka med nærmare 50 % i løpet av dei siste 30 åra. Framleis er mengda død ved låg, samanlikna med tilstanden i naturskog. Storaunet mfl. (2015) viser til dømes til at det er 3 til 6 gonger meir død ved (m3/ha) i urskog eller skog lite påverka av gran, enn i skog tilsvarande hogstklasse 5. Auken i mengda død ved har for eksempel ført til at duftskinn Cystostereum murrayi og gammalgranskål Pseudographis pinicola no har gått ut av Raudlista.

For 1097 av dei truga artane i skog finst det informasjon om kva livsmedium dei er knytte til. Mange av dei truga artane i skog lever på eller i død ved. Det er flest truga vedbuande artar på middels nedbroten død ved av bartre (116 artar), borealt lauvtre (87 artar), og edellauvtre (91 artar). Samla sett er det dermed fleire truga artar som lever i og på middels nedbroten ved av lauvtre, enn som lever i tilknyting til sterkt nedbroten ved (78 artar). Det er også eit høgt tal truga artar knytt til gadd av bartre (73 artar), borealt lauvtre (61 artar) og edellauvtre (71 artar). 52 truga artar er knytte til hol eik og 61 truga artar til andre hole edellauvtrær.

Ny kunnskap er ofte årsak til endring i kategori

For dei fleste artane blir ny kunnskap eller ny tolking av eksisterande data oppgitt som årsak til endring av kategori. Auka kartlegging har ført til mange nye funn av raudlisteartar og mange populasjonar er dermed større enn tidlegare antatt.

For tovengar har ny kunnskap om utbreiing og habitatkrav gjennom kartlegging i regi av Artsprosjektet ført til endringar i kategori for mange av artane. Dette syner at det framleis er eit stort behov for å auke kunnskapen om truga artar i skog, og at eit betre kunnskapsgrunnlag gir grunnlag for meir presise vurderingar. Målretta satsing på kunnskapsinnhenting er viktig for at Raudlista skal kunne utviklast vidare og bli eit enda betre grunnlag for avgjerder og prioriteringar.

For berre 20 artar er reell endring i populasjonen oppgitt som årsak til endring av kategori. Eit godt eksempel er tusseslørsopp Cortinarius borgsjoeënsis og raudnande vokssopp Hygrophorus secretanii knytt til eldre lågurt- og blåbærgranskog, ein skogtype som er i auke.

Referansar

Brandrud TE (2007) Rødlistearter av sopp knyttet til edelløvskog; habitatkrav, "hotspot" habitater og utbredelsesmønstre. Agarica 27: 91-109

Gundersen VS, Rolstad J (1998) Truete arter i skog. En gjennomgang av rødlistearter i forhold til norsk skogbruk. NISK oppdragsrapport nr. 6/98

Rolstad J, Storaunet K O (2015) Vedlevende rødliste-sopper og norsk skogbruk. En kritisk gjennomgang av Norsk Rødliste for arter 2010. Oppdragsrapport 05/2015. Norsk institutt for bioøkonomi, Ås

Rolstad J, Framstad E, Gundersen V, Storaunet KO (2002) Naturskog i Norge. Definisjoner, økologi og bruk i norsk skog- og miljøforvaltning. Aktuelt fra skogforskningen 1-2002, 53 s.

Stokland JN, Eriksen R, Granhus A (2014) Tilstand og utvikling i norsk skog 1994-2012 for noen utvalgte miljøparametere. Oppdragsrapport 03/2014. Norsk institutt for skog og landskap

Storaunet K O, Rolstad J (2015) Mengde og utvikling av død ved i produktiv skog i Norge. Med basis i data fra Landskogstakseringens 7. (1994-1998) og 10. takst (2010-2013). Oppdragsrapport 06/2015 Norsk institutt for bioøkonomi, Ås

Sida blir sitert som

Henriksen S og Hilmo O (2015) Status for truga artar i skog. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <http://www.artsdatabanken.no/Rodliste/StatusSkog>. Nedlastet <dag/månad/år>.