Ei raudliste er eit viktig grunnlag for ei kunnskapsbasert forvalting av naturmangfald. Raudlista identifiserer artar som har ein uheldig bestandssituasjon – anten fordi bestandane er svært små eller fordi dei er i nedgang. Det betyr at også talrike artar som har hatt ein betydeleg reduksjon i bestandane kan hamne på Raudlista.

Omfattande bestandsnedgang er årsaka

Totalt står 373 artar på Raudlista sjølv om dei framleis har store bestandar. Desse artane er raudlista på grunn av ein omfattande bestandnedgang i løpet av dei siste 3 generasjonane til arten (minimum 10 år), det såkalla A-kriteriet. Artar med ein bestandsnedgang på 15-30 % i løpet av denne perioden blir vurderte som nær truga NT. Er nedgangen over 30 % blir arten vurdert som truga (kritisk truga CR, sterkt truga EN eller sårbar VU). Det er eit viktig prinsipp at slike vurderingar ikkje skal omfatte bestandendringar som blir antatte å vere del av ein naturleg variasjon.

Sjøfuglar og fuglar på fjellet i nedgang

A-kriteriet er i særleg grad nytta for artsgrupper der vi har god kunnskap om bestandsendringar. Dette gjeld nokre fugleartar og kommersielle marine fiskeartar. Også mange karplanter, lav og soppar er raudlista med bakgrunn i A-kriteriet. Eksempel på dette er treartane ask og alm som no er vurderte som truga på grunn av ein rask tilbakegang som følgje av sjukdom (askeskotsykje, almesykje).

Om vi ser nærmare på fugl er vel 20 av dei talrike artane våre raudlista på grunn av betydeleg nedgang i hekkebestand dei siste tre generasjonane. Dette omfattar åtte sjøfuglartar, av dei er lunde den mest talrike, med vel 1,5 millionar reproduserande individ, og sju fugleartar som er vanlege i fjellet, dei fleste med hekkebestandar i storleik 200 000 til 600 000 reproduserande individ. Fem fugleartar i jordbrukslandskapet, blant andre songlerke, stare og gulsporv, med hekkebestandar over 200 000 reproduserande individ er også raudlista på grunn av ein betydeleg bestandsnedgang.

Jaktbare artar på Raudlista

Dei fire jaktbare artane hare, lirype, fjellrype og ærfugl er blant artane som no er raudlista fordi det dei siste 10-15 åra er registrert ein betydeleg nedgang i bestandane. Desse artane er no vurderte som nær truga.

Hare og dei to rypeartane kan av naturlege årsaker ha betydeleg naturleg variasjon i reproduserande bestand innanfor relativt korte tidsperiodar (gjerne 3-5 år mellom bestandstoppar), men kan også ha lengre periodar med bestandsnedgang. Grunnen til at dei no er vurderte som nær truga er at bestandsnedgangen har gått føre seg over ein lang tidsperiode, og ein ser den same utviklinga i store delar av Fennoskandia.

I tillegg er det registeret betydeleg bestandsnedgang for fleire andre fugleartar innanfor leveområda til rypene. Dette er teikn som tyder på at delar av den registrerte nedgangen ikkje er del av ein naturleg variasjon.

Eit grunnlag for forvaltingsprioritering

Det er ingen direkte samanheng mellom ei raudliste og eventuelle tiltak eller reguleringar som blir sette inn for dei artane som er med på ei slik liste. Ansvar for areal- og artsforvalting ligg hos grunneigarar, arealforvaltarar i kommunar og regional og nasjonal miljøforvalting.

Når ei Raudliste rapporterer om at ein art har ei negativ bestandsutvikling, er dette også eit signal om at ein bør finne ut meir om mogelege årsaker til denne bestandsnedgangen. Raudlister er med andre ord eitt av fleire grunnlag for prioritering av tiltak, og gir grunnlag for innhenting av meir kunnskap om årsaker til registrert bestandnedgang og vurdering av tiltak for å stoppe uønskt bestandsutvikling.

Sida blir sitert som

Kålås JA (2015) Kvifor er rype og hare på Raudlista? Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <http://www.artsdatabanken.no/Rodliste/RypeOgHare>. Nedlasta <dag/månad/år>.