Arealendringar er framleis den faktoren som påverkar flest truga artar. Samtidig er klimaendringar og spreiing av framande artar påverknadsfaktorar som får stadig større betyding for at artar hamnar på Raudlista.

Det er i hovudsak lite endring sidan 2010 når det gjeld kor stor del av dei truga artane som blir påverka negativt av dei ulike påverknadsfaktorane. Arealendringar er framleis den faktoren som påverkar klart flest truga artar. Det er likevel ein betydeleg auke i den delen av truga artar som blir påverka negativt av klimaendringar og framande artar. Sjølv om dette framleis gjeld relativt få artar, er det grunn til å vere merksam på denne utviklinga.

Klimaendringar gjer seg mest gjeldande i fjellet

Klimaendringar er angitt som negativ påverknadsfaktor for 87 av dei truga artane i Noreg. Dette er ein auke frå 61 artar i 2010. Det er flest karplanter (27 artar), mosar (20 artar) og lav (14 artar) som er antatte å vere negativt påverka av klimaendringar. Av desse 87 artane er 43 knytte til fjellet. Det er også 17 artar som er knytte til berg, ur og grunnlendt mark. Svært mange av artane på Raudlista er insekt. Det er likevel berre 10 insekt som blir påverka negativt av klimaendringar. Det lave talet har truleg samanheng med at mange insekt er varmekjære artar, og at eit varmare klima potensielt kan ha ein positiv effekt. Det same kan seiast om artar som lever i skog. Det er mange slike på Raudlista, men berre 13 skoglevande artar er antatte å vere negativt påverka av klimaendringar.

Generelt har vi lite kunnskap om omfanget og effektane av klimaendringar på raudlisteartane. For ein stor del av raudlisteartane er dessutan vurderingsperioden for kort (10 år) til at klimaendringar er ein påverknadsfaktor som fører til raudlisting. Effekten av klimaendringar kan derfor vere underestimert.

Fleire truga artar blir påverka negativt av framande artar

Framande artar er antatte å ha negativ påverknad på 58 truga artar. Sjølv om talet framleis er lågt, representerer dette likevel ein markant auke sidan 2010, då berre 20 truga artar var antatte å vere negativt påverka av framande artar. Påverknad frå framande artar kan for eksempel innebere både konkurranse, overføring av patogen eller parasittar, samt påverknad på leveområdet.

Blant dei truga artane er det flest soppar (18 artar) og karplanter (9 artar) som blir påverka negativt av framande artar. Det er i skogen vi finn flest artar (27 artar) som blir påverka negativt av framande artar, men også 14 artar som lever på berg, ur og grunnlendt mark blir antatte å vere negativt påverka.

Eit varmare klima kan føre til raskare spreiing og større utbreiing av framande artar. Det er derfor sannsynleg at betydinga av framande artar vil auke i framtida. Sjukdomar som påverkar viktige vertsartar, som for eksempel treslaga ask og alm, kan også raskt påverke mange raudlisteartar som er avhengige av vertane.

Alm Ulmus glabra og ask Fraxinus excelsior har hatt ein betydeleg bestandsnedgang som følgje av sjukdom forårsaka av framande soppartar. Begge er no vurderte som truga. Nokre lavartar og soppar som veks på alm og ask blir indirekte påverka ved at vertstrea døyr, og det er truleg at alme- og askesjuke er årsak til at fleire artar er raudlista enn det statistikken viser. I Sverige er det anslått at halvparten av dei om lag 100 artane som er knytte til ask og alm er raudlista som følgje av dette (Sandström mfl. 2015).

Referansar

Sandström J, Bjelke U, Carlberg T, Sundberg S (2015) Tillstånd och trender för arter och deras livsmiljöer – rödlistade arter i Sverige 2015. ArtDatabanken Rapporterar 17. ArtDatabanken, SLU. Uppsala

Sida blir sitert som

Henriksen S og Hilmo O (2015) Klimaendringar og framande artar aukar i betydning. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <http://www.artsdatabanken.no/Rodliste/Klimaendringer>. Nedlastet <dag/månad/år>.