Dei fleste framande artar er knytt til natur som er prega av oss menneskje, men ein del gjer òg skade på trua naturtypar. Oftast påverkar den einskilde framande arten berre ein liten del av naturtypen, men den samla effekten av alle framande artar i naturtypen kan verte stor.

Ein framand art kan påverka naturen på ulike vis. Til dømes kan han føre til gjengroing av ope landskap, at det vert danna eit nytt busksjikt i skogen, eller òg at næringsstatus i vatn eller jord vert endra. I arbeidet med Framandsartlista 2023 har vi derfor vurdert den økologiske effekten framande artar har på naturtypen dei har etablert seg i, eller kan kome til å etablere seg i.

Det er viktig å vera klar over at det ikkje berre blir teke omsyn til økologiske effektar tidlegare og no, men òg effektar som ut frå kunnskapen vi har er venta dei neste 50 åra, eventuelt dei neste fem generasjonane for arten (det av tala som er størst vert brukt). Det er berre effektar som kan dokumenterast som skal leggjast til grunn. Men at effektar blir sannsynleggjort ut i frå erfaring frå andre land, eller artar som er i nær slekt, vert godteke som dokumentasjon.

Framande artar i 42 trua naturtypar

Framande artar er ofte knytte til det vi kallar sterkt endra natur. Dette er område med høg grad av menneskeleg påverknad, som vegkantar, industriområde og hamnebasseng - for å nemne nokre. Over 700 av dei 2280 framande artane i Framandartslista har meir enn 75 % av førekomstarealet sitt i sterkt endra natur.

Men, framande artar finst ikkje berre i sterkt endra natur. Slike artar er knytt til heile 343 naturtypar, og 42 av desse er vurdert til å vere trua i Raudlista for naturtypar 2018 (det vil si kategoriane kritisk trua, sterkt trua eller sårbar).

Nesten 600 framande artar har etablert seg i ein eller fleire av dei trua naturtypane, eller er venta å gjere det i tida framover. Vel ein tredjedel av desse påverkar naturtypane negativt. I mange tilfelle er det samansetninga av artar som endrar seg i naturtypen, og det heng ofte saman med endringar i andre faktorar. Til dømes så vil spreiing av hagelupin Lupinus polyphyllus på ei elveslette endre næringsinnhaldet i jorda slik at forholda for artane som høyrer heime der vert mindre optimale. På same vis vil dei kjemiske tilhøva i eit vatn verte endra om ein får oppbløming av til dømes vasspest Elodea canadensis.  

Dei tre trua naturtypane som vert påverka av flest framande artar er open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone, semi-naturleg eng og sterkt kalkrike pyttar, dammar og små innsjøar.

Open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone

Denne naturtypen er ein av Regjeringa sine utvalde naturtypar, som er eit sentralt og tungtvegande verkemiddel for å ta vare på trua natur. Naturtypen finst i hovudsak rundt Oslofjorden, og er levestaden for nokre av dei mest sjeldne planteartane i Noreg. Naturtypen ligg i eit pressområde der nedbygging har redusert arealet av typen mykje dei siste 50 åra. Dette har skjedd samstundes som areala vert invaderte av mange ulike framande artar. Attgroing med framande arter er ein medverkande årsak til at naturtypen er sterkt trua. Over 50 framande artar er vurdert å bidra til at naturtypen vert endra. Det er gjort ei rekkje tiltak for å fjerne artar som til dømes syrin Syrin vulgaris, taggblåhegg Amelanchier spicata, ulike mispelartar Cotoneaster spp. og gravberknapp Phedimus spurius.

Semi-naturleg eng

Semi-naturleg eng omfattar gras og urterike enger som blir haldne opne ved beiting og slått. Naturtypen er mellom dei mest artsrike økosystema i Norden og er vurdert til kategorien sårbar VU i Raudlista for naturtypar 2018. Når konkurransesterke framande artar spreier seg inn i slike område vil dette redusere mangfaldet av dei heimehøyrande artane. Faktisk er heile 211 av dei vurderte framande artane rapportert frå denne naturtypen. Dessutan trur ekspertane at fleire av dørstokkartane på sikt vil kolonisere seminaturleg eng (23 artar). Nær 35 av dei risikovurderte artane vil påverke seminaturleg eng negativt, mellom dei platanlønn Acer pseudoplatanus som koloniserer store areal i kulturmark.

Sterkt kalkrike pyttar, dammar og små innsjøar

Slike små vatn er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet, som til dømes landbruk og ulike fysiske endringar. I tillegg er godt over 30 framande artar òg rapportert å ha ein negativ effekt, no eller fram i tid. Mange av desse framande artane er krepsdyr som ein i dag finn innandørs i akvarium, eller utanfor Noregs grenser. Men nokre er allereie godt etablerte slik som vasspest Elodea canadiensis og vassaloe Stratiotes aloides.

Andre naturtypar

Ein annan trua naturtype som mange framande artar koloniserer er flaumskogsmark. Slik skog er påverka av flaum når elver og innsjøar går over sine bredder, som under snøsmeltinga eller om det kjem store mengder nedbør. Regulering av vassdrag, flaumsikring og andre inngrep langs vassdraga har gjort at denne typen natur er vurdert til sårbar VU. I flaumskogsmarkene som er mest utsette for erosjon veks mandelpil Salix triandra og doggpil Salix daphnoides var. norvegica. Dei vart vurdert til å vere nær trua og sårbar i Raudlista for artar 2021. Frå Åkersvika naturreservat er det rapportert at den framande arten alaskakornell Swida cericea truleg påverkar rekrutteringa til desse to raudlista artane. Totalt 25 framande arter er vurdert å ha ein negativ økologisk effekt i flaumskogsmark.

Den samla effekten av framande artar

Når den økologiske effekten av ein framand art blir vurdert oppgjev eksperten både kva for endring arten kan føre til i ein naturtype og kor stor del av arealet som blir påverka.

Sjølv om talet på artar som påverkar ein trua naturtype kan vere høgt, er størrelsen på arealet som blir påverka oftast lågt. For dei fleste framande artane har ekspertane sagt at dei påverkar mindre enn 2 % av arealet i ein naturtype. Likevel, sidan mange framande arter kan påverke same naturtype, kan den samla effekten av dei framande artane bli stor.

Talet på artar som er vurdert til å ha ein negativ påverknad i trua naturtypar, fordelt på dei seks hovudøkosystema (Raudlista for Naturtypar 2018). Den vurderte arten kan vera observert i naturtypen i dag, eller den er venta å kolonisere naturtypen i framtida. Éin art kan vera i fleire naturtypar, og summen av artar kan derfor overstige talet på vurderingar. Merk at eit lavt tal på observasjonar i en naturtype kan skyldast at naturtypen er dårleg kartlagt, eller at data frå kartlegging som er gjort ikkje er tilgjengeleg.

Siteres som:

Artsdatabanken (2023). Trua naturtypar vert negativt påverka av framande artar. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343221 Nedlastet dag/måned/år