Genforureining er ein av faktorane ekspertane tar i betraktning når dei risikovurderer framande artar. Kva er eigentleg genforureining, og kva er effekten av det?

Kryssing mellom artar vert kalla hybridisering. Individer fra populasjoner innan same art kan også hybridisere.

Resultatet av ei slik hybridisering er ein hybrid som har ei blanding av genmateriale frå dei to foreldra. Dersom hybriden er fruktbar (fertil), kan han krysse seg tilbake med den eine eller begge foreldra. Slik kan fertile hybridar bidra til å spreie genar frå ein art eller populasjon inn i ein annan art eller populasjon. Dette vert kalla introgresjon.

Genetisk forureining

Hybridisering har vore ein viktig mekanisme i den naturlege utviklinga av det biologiske mangfaldet. Utfordringa i dag er at vi flyttar artar mellom område, noko som opnar opp for kontakt mellom artar/populasjonar som tidlegare har vore isolerte frå kvarandre. Slik kontakt kan på kort tid øydelegge den genetiske eigenarten som har utvikla seg over tusenvis av år. Hybridisering med introgresjon mellom ein framand art og ein heimehøyrande art kallar vi heretter “genforureining”.

Kva skjer ved hybridisering?

I mange tilfelle er resultatet av kryssingar mellom to artar, til dømes ein framand og ein heimehøyrande art, ein steril hybrid som ikkje kan reprodusere seg vidare. Historia stoppar då på mange måtar der, og dei to foreldra har “kasta bort” kjønnscellene til inga nytte.

Dersom hybriden derimot er i stand til å reprodusere seg vidare, kan det skje fleire ting. Hybriden kan krysse seg tilbake med den heimehøyrande foreldrearten, og slik overføre genar frå den framande arten til denne. Då blir den genetiske samansetjinga hos den heimehøyrande arten endra – vi får altså genforureining. Ein veit sjeldan kva ei slik endring i gensamansetjing fører med seg. Hybriden kan òg utvikle seg til ein ny hybridart, som kan konkurrere ut den eine eller begge foreldra.

Innavl og liten genetisk variasjon vert ofte sett på som eit problem («innavlsdepresjon»), og i slike tilfelle kan hybridisering og introgresjon verke positivt for å auke genetisk variasjon. Men populasjonar med lite genetisk variasjon og innavl kan òg ha ei særskilt tilpassing til det miljøet dei veks i, og ei slik tilpassing kan bli øydelagd dersom framande genar kjem inn i populasjonen («utavlsdepresjon»).

Hybridisering under radaren

Stundom kan det vere mykje genetisk variasjon mellom populasjonar innan same art. Hybridisering og genforureining mellom populasjonar innan ein art går ofte under radaren, men er ikkje mindre viktig av den grunn. Tvert om er det meir sannsynleg at slik hybridisering gjev ein fertil hybrid, sidan foreldra er av same art. Det kan derfor vere like problematisk å flytte materiale innan ein art. Dersom slike populasjonar ikkje er namnsette som underartar eller varietetar vert dei i all hovudsak ikkje risikovurderte innanfor rammene til Artsdatabanken.

Ei omdiskutert hybridisering kan inntreffe når oppdrettslaks rømmer frå merdene sine og møter villaks. Oppdrettslaksen er ein heimehøyrande, men domestisert art, som er framavla blant anna for rask vekst og auka motstandskraft mot sjukdom. Samansetjinga av genar er derfor annleis enn hos villaks. Mange oppdrettslaks overlever ikkje utanfor merdene, men dei som gjer det kan gyte saman med villaksen, og på den måten overføre genane sine til villaks-populasjonar. I påfølgjande generasjonar kan dette gje genetiske endringar hos villaksen. Ein ser ikkje på oppdrettslaks som ein framand art, og han er derfor ikkje risikovurdert. Men dette er eit godt døme på genforureining innan ein art.

Distanseeffekt

Genforureining kan òg inntreffe gjennom det vi kallar distanseeffekt. Det vil seie at til dømes ein framand plante kan spreie frø eller pollen frå der den vert dyrka og ut i naturen. Altså ein negativ økologisk effekt utan at den framande arten har spreidd seg ut i naturen. Dette gjeld til dømes ei rekkje landbruksplanter. Mange av desse har nære slektningar i naturen rundt, og kan derfor overføre genane sine til desse over lang distanse.

Distanseeffekt kan inntreffe frå hageplanter, til dømes kan kultivarar med reine hannplantar av hybridbarlind Taxus ×media spreie pollen til heimehøyrande barlind Taxus baccata. Skjørpilkultivaren Salix euxina ‘Bullata’ er eit anna eksempel på det same. Kultivaren har i Noreg berre hannplantar, og den kan følgjeleg ikkje spreie seg ut i naturen med frø. Den kan likevel genetisk forureine heimleg istervier Salix pentandra gjennom spreiing av pollen.

Økologisk effekt av genforureining

I risikovurdering av framande artar blir dei økologiske effektane av ein art målt ved hjelp av seks ulike kriterium. Eit av dei er genforureining. Nesten 100 framande artar er rapportert å kunne føre til genforureining av raudlistevurderte artar. Dei fleste av desse er karplantar (sjå tabellen under).

Effekten av genforureining blir vurdert ut i frå om ein trua/nøkkelart blir påverka, og ut i frå omfanget av denne effekten. Graden av påverknad deles i stor, middels, liten eller ingen effekt:

Stor effekt vert nytta til dømes i vurderinga av den framande arten hageeple M. domestica som hybridiserar med, og kryssar tilbake med, store delar av populasjonen av den trua arten villeple Malus sylvatica.

Om ein raudlistevurdert art som ikkje er trua blir genforureina, vert effekten vurdert som mindre alvorleg – middels eller liten avhengig av omfanget av effekten. Til dømes er den framande arten sitkahjort Cervus nippon, som kan genforureine vår heimehøyrande hjort, vurdert til å ha ein middels effekt sidan omfanget av effekten kan verte stor. Stripegås Anser indicus, som kan genforureine heimehøyrande grågås Anser anser, er derimot vurdert til å ha liten effekt sidan omfanget er avgrensa.

Oversikt som syner talet på framande artar, delt på artsgrupper, som er rapportert å føre til genforureining av ein heimehøyrande art (har ein effekt) og der genetisk forureining er utslagsgivande kriterium (er utslagsgjevande) og dermed avgjer risikokategorien. Tala gjeld artar framande for Fastlands-Noreg med havområde. Tala inkluderer også dørstokkartane.

 

Genforureining

Artsgruppe

har ein effekt

er utslagsgjevande

Karplantar

61

53

Fuglar

16

16

Fiskar

8

5

Pattedyr

3

2

Amfibium og reptil

3

0

Terrestriske invertebratar

2

1

Marine invertebratar

1

0

Av dei 94 framande artane som kan føre til genforureining er 33 dørstokkartar – det vil seie at dei ikkje reproduserer utandørs i Noreg enno, men at vi reknar med dei vil gjere det på sikt. Ein av dei er amerikansk ål Anguilla rostrata. Det er dokumentert at arten kan genforureine europeisk ål Anguilla anguilla, som er sterkt trua, om den spreier seg til dei same områda.

Effekt på trua artar

Vurderingane i Framandartslista syner at 20 framande artar kan føre til genforureining av 16 ulike trua artar, til dømes skjeand Spatula clypeata, hummer Homarus gammarus, åkerrødtopp Odontites vernus og marianøkleblom Primula veris, i tillegg til europeisk ål og villeple. Genetiske undersøkingar av villeple har vist at ein større del av førekomstane enn det ein har trudd er forureina av hageeple. I Raudlista 2021 er genforureining av hageeple nemnd som årsak til at bestanden har gått tilbake og at arten er vurdert som trua.

I nokre tilfelle kan litteratur og andre kjelder ha informasjon som indikerer om to artar gjev fertile hybridar, og såleis kan føre til genforureining. Ein veit likevel ikkje alltid om slik genforureining faktisk inntreff, og det er sjeldan vi faktisk veit kva denne genforureininga kan føre med seg. I risikovurdering av framande artar vert det oppgjeve ein slik effekt om ein veit at hybriden er fertil, og det er sannsynleg at den framande og heimehøyrande arten kan kome i kontakt med kvarandre.

Siteres som:

Artsdatabanken (2023). Genforureining som økologisk effekt. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343220 Nedlastet dag/måned/år