Ein vegkant som lyser lilla av lupinar, ein brunskogsnigel i salatbedet, eller ei harlekinmarihøne i den nyinnkjøpte planta frå hagesenteret. Mange framande artar er forholdsvis lette å få auge på med ein gong dei har kome til landet. Men kva med dei framande artane vi ikkje ser?

Mange artar er for små til at dei kan sjåast med det blotte auge, eller også har dei eit levevis som gjer at vi ikkje kan sjå dei – vi ser berre effektane dei har på andre artar. Dette gjelder mange skadegjerarar på både dyr og planter.

Veldig mange er høgrisikoartar  

I Framandartslista 2023 finn vi 137 slike "usynlege" parasittar, fordelte på artsgruppene eggsporesoppar, soppar, rundormar og flatormar. Her er det snakk om både dyre- og planteparasittar, parasittar som bruker få vertar og parasittar som er mindre kresne på vertskapet. Nokre av dei trivst på innsida av verten, mens andre nøyer seg med å henge på utsida av verten.

Om vi ser på alle dei risikovurderte framande artane under eitt, endar ca 20 % opp i dei to mest alvorlege risikokategoriane (høg risiko og svært høg risiko). For dei “usynlege” parasittane derimot er det 35 % som endar opp i dei to alvorlegaste kategoriane. For gruppene eggsporesoppar, rundormar og flatormar er dette talet ca. 50 %. Her er det altså snakk om artar som kan ha mykje større effekt på norsk natur enn dei fleste andre framande artane. 

Prosentdelen av artar som er vurdert til kvar av dei fem risikokategoriane. Dei lyse søylene til venstre viser prosentdelen av alle vurderingane, dei mørkare søylene til høgre viser prosentdelen av dei utvalde parasittane.

Spreier seg med infiserte vertar 

Kva er det då som gjer slike “usynlege” artar særleg skumle? I hovudsak det at dei kan gå heilt under radaren. Større framande artar kan ein lett sjå i naturen. Hageplanter som forviller seg ved hjelp av frøspreiing, eller plantedelar som blir kasta og slår rot, mink som har rømd frå fangenskap og funne seg til rette på eiga hand – det er enkelt å sjå at dei er på ville vegar. Men den typen veldig små artar det her er snakk om er enda vanskelegare å kontrollere. Vi ser dei ikkje før skaden har skjedd. Fellesnemnaren for dei fleste av dei er at dei kan spreiast med infiserte vertar. Furuvednematode Bursaphelenchus xylophilus, som har ført til enorme skogskadar i fleire land i Asia samt i Portugal, blir lokalt spreidd med biller (furebukkar) i slekta Monochamus (over lengre avstandar blir nematoden spreidd i infisert trevirke). Arten er vurdert til svært høg risiko i Framandartslista, men er så langt ikkje observert i Noreg. Nokre parasittar blir også spreidd med infisert jord eller vatn. Då vil sjølv litt jord på ein tursko vere ein spreiingsvektor.   

I 2009 blei det dokumentert smitte av greindreper Phytophthora ramorum på blåbær Vaccinium myrtillus i Noreg, truleg spreidd frå infisert Rhododendron (Herrero m.fl. 2010). Greindreper er ein eggsporesopp som kan gjere skade på ei rekkje vertsplanter og har i Noreg status som karanteneskadegjerar. Det betyr at det er forbode både å introdusere og spreie arten i Noreg, uavhengig av kva den måtte vekse på.

I 2022 blei det påvist smitte av eggsporesoppar i slekta Phytophthora i 17 av 60 jordprøvar, tekne frå rotklumpen på ulike nyplanta bytre i Oslo (Pettersson m.fl. 2022). Etter som fleire av desse veldig små og usynlege parasittane kan danne kvilesporar eller liknande, er det ikkje mogeleg å sjå om ei plante eller jorda den står i er smitta utan å bruke spesialiserte metodar. Sporar eller egg hos nokre artar kan liggje inaktive i jorda i tiår. Det betyr altså at om ein infeksjon fyrst har skjedd, kan det ta veldig lang tid å bli kvitt den igjen – om det i det heile teke er mogeleg!

Ein gammal kjenning 

Eit eksempel på ein slik “usynleg art” er eggsporesoppen Aphanomyces astaci, også kalla krepsepest, som er vurdert til å utgjere svært høg risiko. Denne arten har kome til Noreg via smitta signalkreps, som sjølv er ein framand art.  Om krepsepest spreier seg frå signalkreps til vår norske edelkreps kan dette medverke til å redusere bestanden av den allereie trua edelkrepsen. Parasitten kan gi opp imot 100 % dødelegheit for infiserte edelkreps. Signalkreps blir ikkje sjuk av krepsepest og kan derfor bere parasitten langt. Krepsepest er heller ikkje så kresen i val av vert – den treng ikkje eingong ein levande vert. Det betyr at for eksempel tropiske reker i akvarium kan ha parasitten, og ta denne med seg ut i naturen om akvarievatnet blir tømt i ein bekk eller innsjø – også sjølv om reka døyr av kulde med ein gong.

Nye spelarar på bana 

Av desse 137 usynlege framande artane er 71 dørstokkartar. 53 av desse er enno ikkje registrert i Noreg, verken innandørs eller utandørs.

52 av artane har ikkje vore risikovurdert tidlegare, men langt dei fleste av nykomarane er slektningar til artar som er vurderte tidlegare, for eksempel nye artar i slekta Phytophthora, som  òg i 2018 vekte uro. To av nykomarane på lista er P. chlamydospora og P. inundata, begge vurdert til svært høg risiko. Sistnemnde er allereie rapportert frå naturen og fører til rotròte, særleg på treaktige planter.

- Eggsporesoppane i slekta Phytophthora er nokre av dei viktigaste plantepatogene på globalt nivå, seier forskar Martin Pettersson ved Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). 

Pettersson forskar på plantehelse og soppsjukdomar, særleg Phytophthora. Han er ein av ekspertane som på oppdrag frå Artsdatabanken har risikovurdert framande artar for Framandartslista 2023.

- Tusenvis av vertsplanteartar har ulike sjukdomar på grunn av Phytophthora, inkluderte tre, prydplanter og landbruksvekstar.

Ein ny speler på bana er brunròtesoppen Monilinia fructicola, som er registrert som karanteneskadegjerar av Mattilsynet (Monilinia fructicola | Mattilsynet). Den er vurdert til svært høg risiko i Framandartslista 2023, men er så langt ikkje påvist i naturen. Monilinia fructicola er derimot funne i frukt importert til Noreg, ved eit høve. Andre artar frå Monilinia-slekta finst allereie i Noreg som stadbundne artar, blant andre grå monilia M. laxa og epleknollbeger M. fructigena, men brunròtesopp blir sett på som ein større trussel då den veks raskare og har større tilpassingsevne enn slektningane sine – i USA har den allereie konkurrert ut grå monilia.

Varmare klima gjer ting verre 

Det er ei kjend sak at mange framande artar har ein større negativ effekt no enn tidlegare på grunn av dei pågåande klimaendringane. Om lag 36 % av alle artane som er vurdert for Framandartslista 2023 ville ha blitt vurdert til å ha eit lågare invasjonspotensial eller lågare økologisk effekt dersom det ikkje var klimaendringar. For dei usynlege parasittane, isolerte sett, er dette talet 71 %. Dette indikerer at slike skadegjerarar kan bli eit større problem i framtida i takt med at vi får eit varmare klima.

Phytophthora-arter er primære plantepatogener, som vil seie at dei angrip levande planter, og dei fleste av dei er framand for Noreg. Ofte høyrer dei heime på varmare stader i andre delar av verda. Derfor er vi redde for at eit varmare klima i framtida vil vere gunstig for desse skadegjerarane, avsluttar Pettersson.

Kilder:

Herrero, M.L., Toppe, B. & Fløistad, E. 2010. Phytophththora ramorum, også på blåbær. Norsk Hagetidend 125(6):74.

Pettersson m.fl. (2022), Analyse for Phytophthora i jordprøver fra nyplantede bytrær i Oslo 2022, NIBIO Rapport 8 (168)

Eggsporesoppen Aphanomyces astaci, også kalla krepsepest, kan redusere bestanden av den raudlista norske edelkrepsen. Den er innført gjennom symptomfrie signalkreps. Den kan òg innførast med tropiske reker som blir brukte i akvarium. A. astaci kan smitte etter verten sin død – det betyr at om ei tropisk infisert reke døyr av kulde, om den blir sloppen ut, kan den likevel smitte andre artar. Vurdert til å utgjere svært høg risiko SE.

Siteres som:

Artsdatabanken (2023). Framande artar som går under radaren. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343162 Nedlastet dag/måned/år