I Framandartslista 2023 er 13 artar såkalla regionalt framande ferskvassfisk risikovurdert. Fleire av desse utgjer ein stor økologisk risiko i vatn og elvar der dei ikkje naturleg høyrer heime.

Artar som høyrer heime i Noreg, men som har blitt flytta (introdusert) til nye stader i landet der dei ikkje naturleg høyrer til, vert rekna som regionalt framande.

Det er registrert over 3000 introduksjonar av fiskeartar i norske ferskvatn dei siste 50 åra, men mørketala er mest truleg store. Ei rekkje ulike artar er flytta, og dei fleste er framande i vassdraget dei blei flytta til.

Flytting av fisk - ein risikosport

Nokre introduksjonar av regionalt framande fisk skjer umedvitent, til dømes når artar blir feilbestemt sånn at feil art vert flytta (altså utilsikta). Dei fleste tilfella skjer likevel målretta, med varierande motivasjon. Gjedde Esox luscius, gjørs Sander lucioperca og abbor Perca fluviatilis har til dømes blitt flytta til nye vatn fordi dei er attraktive sportsfiskar. Dette er rovfiskar som har ein klar negativ effekt på faunaen der dei blir introduserte, ved at dei et ei rekkje andre artar. Gjedde, gjørs og abbor er difor vurderte til å utgjere svært høg risiko SE.

Dei såkalla "fôr-fiskane" er ei gruppe som er overrepresentert i oversikta over regionalt framande fisk. Dette er artar som flire Blicca bjoerkna, sørv Scardinius erythrophthalmus, krøkle Osmerus eperlanus og ørekyt Phoxinus phoxinus, som vert overført til nye vatn fordi dei blir brukte som agn, eller for å auke mattilgangen til attraktive sportsfiskar.

Spesiell ørekyt har hatt ein stor ekspansjon i Noreg, samtidig som dei økologiske effektane er godt kjent. Arten konkurrerer med aure om næringa, og er difor vurdert til å utgjere svært høg risiko SE i Framandartslista 2023.

Andre fôr-fisk, som dei små karpefiskane mort og sørv, kan endre heile økosystemet ved å beite i mudderbotnen for så å gjere frå seg i dei frie vassmengdene. Dette blir gjødsel til planteplankton, noko som gir eutrofiering av vatnet. Desse artane er difor vurderte til å utgjere respektivt høg HI og svært høg risiko SE.

Eksplosiv vokster med store konsekvensar

Krøkle Osmerus eperlanus har vorte overført til nye innsjøar av menneska i den tru at det vil auke næringsgrunnlaget for annan fisk som til dømes aure. Krøkle et i hovudsak zooplankton og vil difor konkurrere med andre fiskeartar som et plankton (aure og sik). Krøkle har og vorte brukt som agn ved aurefiske og det har óg ført til at arten har dukka opp i områder der den ikkje høyrer naturleg til.

Det er lett å tenkje at ein norsk, men regionalt framand art, ikkje utgjer like høg risiko som ein framand art frå eit anna land eller verdsdel. Dessverre er ofte det motsette tilfelle, noko me kan sjå av at heile 11 av 14 regionalt framande ferskvassfisk har enda opp i kategoriane høg HI eller svært høg risiko SE.

Regionalt framande artar er gjerne betre tilpassa norske forhold, enn artar frå andre land. Dette gjer dei konkurransesterke i høve til artane som høyrer til dit deg kjem. Når dei blir introduserte til nye vatn der det lever heimehøyrande artar under allereie marginale forhold kan det føre til at desse døyr ut lokalt på grunn av aukande konkurranse. Eksempelvis er røye Salvelinus alpinus tilpassa ein snever nisje med næringsfattig og kaldt vatn utan mange konkurrentar. Arten har gong på gong vist seg å bli fortrengt når nye konkurrentar dukkar opp, som til dømes regionalt framand sik Coregonus lavaretus.

Når ein art som er heimehøyrande i delar av Noreg blir spreidd til eit område der den ikkje høyrer til vil bestanden av arten ofte få ei eksplosiv auke i bestandsstorleik, noko som igjen kan endre heile økosystemet.

Eit nyleg eksempel på dette finst i Storsjøen i Østerdalen, der krøkle blei introdusert rundt 2008. Etter dette har krøkle-populasjonen eksplodert, og dette har hatt negative effektar på bestandane av røye og sik av di dei har fått auka konkurranse om mat og leveområde. I tillegg er det observert ei auke i førekomsten av parasittar som gjeddemark i kjøtet til auren som beiter på krøkla. Tilsvarande effekt kan me også vente oss ved spreiing av lagesild Coregonus albula. Krøkle og lagesild vert difor i Framandartslista vurderte til å utgjere respektivt høg HI og svært høg risiko SE.

Det er også spesielt høg risiko ved utsetjing av fisk i fisketomme vatn. Slike lokalitetar har ofte ein unik økologi som er svært sårbar om det blir introdusert fisk. Til dømes risikerer amfibium å bli utrydja om det kjem fisk til.

Aure - eit særtilfelle

I Noreg har det skjedd ei storstilt utsetjing av aure Salmo trutta til vatn der arten ikkje høyrer heime naturleg, og dette utgjer ein svært høg økologisk risiko. Kunnskapsgrunnlaget tyder på at regionalt framand aure var etablert i fleire vatn ved år 1800. Av den grunn blir ikkje arten risikovurdert, jamfør retningslinjene. Like fullt er den pågåande utsetjinga av arten til nye vassførekomstar svært problematisk for heimehøyrande fauna. Spreiinga er også så omfattande over tid at det nærmast er ei umogeleg oppgåve å definere kvar arten er regionalt framand.

Regionalt problem på nasjonalt nivå

Det er størst sjanse for spreiing av regionalt framande artar i dei sørlege delane av Noreg, men risikoen er i aller høgste grad også til stades nord i Noreg. Vi har framleis mange vassystem i Noreg som er relativt lite påverka av menneske. Dette er biologiske system som er intakte, og difor har stor verdi. Det er viktig å redusere skadane som følgjer med regionalt framande fiskeartar, og dette blir gjort best ved å forhindre spreiing av slike artar i fyrste omgang.

Regionalt framande ferskvassfisk som er risikovurdert

Norsk namn

Vitskapleg namn

Risikokategori

Flire

Blicca bjoerkna

Svært høg risiko SE

Karuss

Carassius carassius

Høg risiko HI

Lagesild

Coregonus albula

Svært høg risiko SE

Sik

Coregonus lavaretus

Låg risiko LO

Kvitfinna steinulke

Cottus gobio

Låg risiko LO

Gjedde

Esox lucius

Svært høg risiko SE

Vederbuk

Leuciscus idus

Høg risiko HI

Krøkle

Osmerus eperlanus

Høg risiko HI

Abbor

Perca fluviatilis

Svært høg risiko SE

Ørekyt

Phoxinus phoxinus

Svært høg risiko SE

Mort

Rutilus rutilus

Høg risiko HI

Gjørs

Sander lucioperca

Svært høg risiko SE

Sørv

Scardinius erythrophthalmus

Svært høg risiko SE

I tillegg er aure behandla i Framandartslista, men ikkje risikovurdert.

Siteres som:

Bærum K M (2023). Regionalt framande ferskvassfisk. Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343153 Nedlastet dag/måned/år