Framandartslista 2023 har identifisert ei rekkje høgrisikoartar blant dørstokkartane, og desse kan gjere stor skade i naturen. Sjølv om størsteparten av dei framleis er utanfor Noreg sine grenser har mange teke steget over grensa, og derfrå kan vegen vere kort til naturen.

Talet på framande artar som kjem til Noreg aukar, og stadig fleire spreier seg ut i naturen. Eit varmare klima gjer også sitt til at stadig fleire framande artar kan få fotfeste hos oss. Korleis skal vi møte utfordringane?

Fleirtalet av dei framande artane er uproblematiske, men nokre har store konsekvensar - økonomiske så vel som økologiske. I regjeringa sin tiltaksplan for å hindre at framande artar spreier seg vert det peika på at ein tidleg innsats er det mest effektive for å redusere skadeomfanget av framande artar, og det mest effektive av alt er å stoppe framande artar frå å kome til landet i fyrste omgang, eller også frå å spreie seg utanfor produksjonsareala.

Problemet so langt har vore at vi berre i liten grad har visst noko om artar som er på veg hit. Derfor har Artsdatabanken i arbeidet med Framandartslista 2023 hatt ei stor satsing på dørstokkartar. Dette er artar som ikkje reproduserer sjølvstendig ute i Noreg enno. Dei fleste er framleis utanfor landet sine grenser eller berre innandørs i Noreg. Somme kan leve utandørs også, men då har dei enno ikkje begynt å reprodusere sjølvstendig.

Mange høgrisikoartar i vente

I løpet av arbeidet med Framandartslista 2023 har Artsdatabanken funne 1086 dørstokkartar for Fastlands-Noreg med havområde. Som for framande artar generelt er dei fleste av desse uproblematiske, ut i frå den kunnskapen vi har no. Men det finst ein god del unnatak.

So mange som 157 av dei vurderte dørstokkartane er vurderte til risikokategoriane høg risiko og svært høg risiko, og er dermed det vi kallar høgrisikoartar.

Talet på vurderte dørstokkartar for Fastlands-Noreg fordelt på dei fem risikokategoriane, frå ingen kjend risiko NK til svært høg risiko SE.

Kva er problemet med høgrisikoartar

Som andre framande artar kan også dørstokkartane ha ein negativ økologisk påverknad. Om dei etablerer seg i naturen kan dei fortrengje heimlege (stadeigne) artar eller dei kan føre til at naturtypen endrar seg. Dørstokkartane kan også vere berarar av sjukdomar som kan overførast til heimlege artar og/eller dei kan krysse seg med heimlege artar og slik føre til genetisk forureining. I mange tilfelle er det ofte ikkje ein enkelt årsak som gjer at ein framand art kan skade naturen. Biletet er ofte samansett.

Fortrengjer artar - endrar natur

Dei fleste av dørstokkartane i høgrisikogruppa er forventa å ha ein negativ påverknad på heimlege artar, både trua artar og/eller andre artar. Kinaullhandskrabbe Eriocheir sinensis, som framleis er vurdert som dørstokkart, vil for eksempel kunne konkurrere ut den heimlege edelkrepsen vår om den etablerer seg på same lokalitet. Edelkreps er vurdert til sårbar i Raudlista 2021.

Fleire akvarieplanter er i 2023 risikovurderte for fyrste gong som dørstokkartar. To av desse er Myriophyllum aquaticum og Cabomba caroliniana. Fyrstnemnde blir rekna som ei av dei mest problematiske framande vassplantene i Vest-Europa. I dag vil den truleg ikkje kunne overvintre i Noreg. Men når klimaet blir varmare vil den ha høve til å etablere seg i naturen, fortrengje heimlege vassplanter og endre vassmiljøet. Cabomba caroliniana har allereie spreidd seg til ferskvatn i Sverige og Danmark, der den utkonkurrerer heimlege artar og reduserer sirkulasjonen av vatnet. Arten er enno ikkje påvist i Noreg, men det er sannsynleg at den vil kome hit.

I Framandartslista 2023 er Myriophyllum aquaticum vurdert til å utgjere svært høg risiko, mens Cabomba caroliniana er vurdert til høg risiko.

Nemnast må òg dei "usynelege" parasittane, dei vi knappast ser før skaden har skjedd. Mange av parasittane kan føre til at verten døyr. Nærare 30 av dei "usynelege" parasittane er dørstokkartar vurderte til høg eller svært høg risiko.

Eit av dei mest alvorlege skadedyra globalt sett, brunmarmorert breitege Halyomorpha halys, høyrer også til blant dørstokkartane. Arten fører til betydelege skadar på landbruksvekstar (frukt og grønsaker) i Europa. Om den kjem til Noreg kan den, i tillegg til å skade planter i landbruket, også skade ville treslag som hassel, ask, lind, alm, bjørk og rogn. Brunmarmorert breitege er vurdert til kategorien høg risiko.

Nesten 40 dørstokkartar i høgrisikogruppa er forventa å ha ein negativ påverknad på trua naturtypar. I dei fleste tilfella skuldast dette at den framande arten fører til endra artssamansetjing i naturtypen.

Overføring av sjukdomar og parasittar

Over 30 dørstokkartar er vurdert til å utgjere ein høg eller svært høg økologisk risiko fordi dei kan vere infiserte med sjukdomar og parasittar, som også bruker heimlege vertar. Når for eksempel infiserte planter blir planta i hagar, parkar o.l. kan sjukdomen bli overførd til andre planter, både til ville artar i naturen og til produksjonsartar i landbruket.

Phytophthora (eggsporesoppar) er ei slekt med nokre av dei mest alvorlege planteskadegjerarane vi kjenner til. Det er i Noreg gjort funn av fleire slike framande eggsporesoppar og då helst på forveda hageplanter (f.eks. på dørstokkarten japanpieris Pieris japonica som blir importert som prydbusk). Blåbærlyng er dei siste åra blitt hardt angrepet av Phytophthora-arter i Storbritannia, og det er også rapportert funn av denne planteskadegjeraren på blåbær i Noreg.

Genetisk forureining

I nokre tilfelle kan dørstokkartane også føre til genetisk forureining av heimehøyrande artar. Det skjer dersom den framande arten kryssar seg med ein heimleg art, og avkommet igjen kryssar seg med ein av foreldreartane. Japanbarlind Taxus cuspidata er eit godt eksempel på dette. Arten er vurdert til risikokategorien høg risiko, nett fordi den kan krysse seg med den heimlege barlinda vår, Taxus baccata, som er ein raudlista art vurdert til sterkt trua.

Om vi ser på alle dei økologiske effektane samla (slik som konkurranse, predasjon, parasittering, hybridisering, og overføring av patogener og sjukdomar) er det forventa at dørstokkartane i høgrisikogruppa vil ha ein negativ effekt på 29 ulike trua artar. Nær halvparten av dei trua artane vil påverkast negativt av to eller fleire høgrisikoartar.  For eksempel vil ni ulike framande høgrisikoartar ha negative økologiske effektar på den heimlege arten ål Anguilla anguilla. Effektane frå desse ni artane omfattar konkurranse om mat og plass, parasittering, hybridisering og overføring av framande parasittar.

For å finne kor stor økologisk effekt ein art utgjer i naturen blir arten vurdert etter seks kriterium. Figuren viser fordelinga av antal  høyrisikoartar på kriteria der kriteria fangar opp ein effekt (skåren er høgare enn 1).

Kvar er dørstokkartane no?

Når dørstokkartar blir risikovurdert får vi samstundes kunnskap om kvar dei er. Er dei framleis utanfor Noreg sine grenser, eller er dei innandørs i Noreg? Kanskje har dei teke steget ut i naturen? Sjølv om det siste skulle vere tilfellet er dei framleis dørstokkartar så lenge dei ikkje reproduserer sjølvstendig utandørs. Denne kunnskapen vil vere viktig for forvaltinga i arbeidet med å gjere ein tidleg innsats for å hindre at nye framande artar får etablert seg i norske økosystem.

Godt over halvparten av dørstokkartane er framleis utanfor Noregs grenser. Mange av dei høyrer opphavleg heime i andre verdsdelar, men ein god del har allereie eit godt fotfeste i Europa, og kanskje til og med i våre nærmaste naboland. Dette aukar sjølvsagd risikoen for at dei skal kome til Noreg, fordi avstanden til Europa er kort, og vi har meir handel med Europa enn med andre verdsdelar. Det er også verdt å merkje seg at mange av dørstokkartane som allereie er i Noreg faktisk kan overleve vinteren utandørs.

Historia har vist oss at dørstokkartar fort kan endre status, frå å vere ein dørstokkart til å opptre som sjølvstendig reproduserande i Noreg og etter kvart etablert i naturen. Fleire av artane som var rapporterte som dørstokkartar i 2018, er no rapportert som sjølvstendig reproduserande i Framandartslista 2023. Eksempelvis dei to marine artane japansk sjøpung "havnespy" Didemnum vexillum og muslingen Rangia cuneata, samt hageblåbær Vaccinium corymbosum.

Fordelingen av antallet arter på de ulike etableringsstadiene fra "Forekjem ikkje i Noreg" til "Overlev vinteren utandørs"

Ei tredobling av talet på dørstokkartar

I Framandartslista 2023 blir over 1000 dørstokkartar risikovurdert – ei unik satsing også i internasjonal samanheng. Dermed er talet på vurderte dørstokkartar tredobla samanlikna med dei 319 artane som blei vurderte til Framandartslista 2018. Den omfattande vurderinga av dørstokkartar gir oss mykje betre kunnskap om kven dei er, kvar dei er, korleis dei spreier seg og sjølvsagd i kva grad dei kan blir ein trussel i naturen.

Å risikovurdere dørstokkartar byr likevel på utfordringar på grunn av mangel på nok kunnskap. Her må ekspertane i hovudsak nytte seg av kunnskap om arten utanfor landet sine grenser eller kunnskap om andre artar i same slekt. Om det er lite kunnskap å byggje risikovurdringa på vil det vises att i større grad av uvisse i vurderingane, som til dømes for Vespa velutina, ein stor stikkeveps frå Asia, som er vurdert til potensielt høg risiko, men med uvisse både til låg og høg risiko.

Neocaridina davidi er ikkje observert i natur i Noreg i dag. Arten si utbreiing er avgrensa av vasstemperatur, men den vil kanskje reprodusere i Agder-fylka og i Telemark i løpet av eit 50-års perspektiv. Arten er vurdert til å ha stor økologisk effekt. Den er berar av bl.a. Aphanomyces astaci, som forårsakar krepsepest. Krepsepest kan føre til opp mot 100 % dødelegheit i smitta bestandar av edelkreps. Vurdert til å utgjere svært høg risiko SE.

Siteres som:

Artsdatabanken (2023). Kva slags framande artar har vi i vente? Fremmede arter i Norge - med økologisk risiko 2023. www.artsdatabanken.no/pages/343129 Nedlastet dag/måned/år