Blomemispel er ein av mange framande mispelartar som vert innførte og dyrka til pryd. Planten er nokså storvaksen og vert ein busk eller eit lite tre på tre til fem meter. Som artsepitetet multiflorus hintar om, er dette ein riktblømande art; på engelsk heiter han «many-flowered cotoneaster». Blomemispel kjem opphaveleg frå Sentral-Asia.

Blomemispel er ein riktblømande art som ein kan forstå at vert dyrka til pryd. Her frå Stensparken i Oslo.

Kjenneteikn

Blomemispel er ein busk eller eit lite tre som blir 3–5 meter høgt. Planten har bogne greiner, og kvistane er litt vortete. Som unge er kvistane strihåra. Som i slekta elles er blada enkle, heile og skruestilte, sistnemnde òg det vanlege i rosefamilien som arten og slekta tilhøyrer. Blomemispel har sommargrøne, tynne blad som er (2–)3–5 cm lange. Dei kan vere frå breitt eggforma til om lag runde og kan vere frå tilspissa på bladskott til breitt elliptiske og om lag butte på blomeskott. Blada er lysgrøne og grissent håra på undersida og har ei matt bladoverside. Blomane sit 10–20 saman i opne kvastar på lange blomeskaft. Krona er open (ein viktig skilnad mellom dei to underslektene i Cotoneaster; sjå under), 9–11 mm brei, og med kvite kronblad. Frukta, eit bæreple som hos alle artane i slekta, er om lag kulerund, 8–11 mm i diameter, raud og snau, og ho vert spreidd med fugl. Frøformeiringa hos arten er ukjønna.

Blomane er opne og kvite og sit 10–20 saman i opne kvastar på lange blomeskaft. Dei kjem samstundes i kvar blomestand.

Bladoversida er matt, og blada på blomeskotta er ofte nokså butte.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntall x = 17. 2n = 68. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Blomemispel er innført og vert dyrka som prydplante. Arten blei først funnen i naturen i 1984 og er no bufast og naturalisert i open lauv- og blandingsskog og på grunnlendt kalkmark. Han er hovudsakleg knytt til nemoral og boreonemoral sone. Arten er særleg i auke i Oslo-området frå 1990-talet. Han er funnen spreidde stader på Austlandet i Moss (Østfold), Oslo, Nesodden, Bærum og Asker (Akershus), inn til Hamar (Hedmark) og i Drammen (Buskerud). Arten er òg funnen i Kristiansand og Søgne (Vest-Agder). Blomemispel kjem opphaveleg frå Sentral-Asia.

Kommentarar

Mispelslekta Cotoneaster er ei stor og taksonomisk komplisert slekt. Ein monografi over slekta omhandlar ca. 400 beskrivne artar. Det er to heimlege artar i slekta i Noreg – dvergmispel Cotoneaster scandinavicus og svartmispel Cotoneaster niger – og fleire titals framande artar som er innførte som prydplantar og som forvillar seg. Viktige karakterar i slekta er vekseform, blomeutforming og -farge, fruktfarge og -form, bladform og behåring både på blad, underbeger og frukt. Ein treng eigentleg plantar både i bløming og i frukt for sikker namnsetjing av dei fleste mispel-artane.

Storparten av artane i slekta (ca. 90 %) set frø utan befruktning. Slike planter treng inga hjelp frå andre for å lage avkom, og små endringar i arvestoffet (mutasjonar) vil kunne gje opphav til stabile einingar som kan gjenkjennast som eigne sokalla småartar. Skilnadene mellom slike småartar kan derimot vere nokså små og berre synleg for eit svært trena ekspertauge. Dei seksuelle, utkryssande artane har gjeve opphav til hybridar og kultivarar som er i handelen. Forvilling av slike gjer ikkje namnsetjing og identifisering av misplar der ute enklare. Truleg vert òg ein god del misplar selde under namn som ikkje er riktige.

Blomemispel tilhøyrer underslekta Chaenopetalum som har sprikjande kronblad som er sirkelrunde og oftast kvite. Pollentrådane er oftast kvite. Alle blomane kjem samstundes i kvar blomestand. Blada er sommargrøne eller meir eller mindre vintergrøne. Den andre underslekta, Cotoneaster, er den mest artsrike underslekta i Noreg og er kjenneteikna ved å ha noko opprette eller innbøygde kronblad som er omvendt eggforma og raude eller rosa (sjeldan reint kvite). Pollentrådane er oftast raude eller rosa. Blomane kjem suksessivt (ikkje samstundes) i kvar blomestand, og blada er sommargrøne.

Blomemispel står nær eit par andre apomiktiske småartar, breibladmispel Cotoneaster latifolius, som er kjend med eitt funn frå Noreg og bestemd av eksperten Bertil Hylmö, og Cotoneaster przewalskii, som førebels ikkje er kjend frå Noreg (men som er forvilla i Sverige), og som nemnte ekspert meiner ofte vert seld under namnet Cotoneaster multiflorus. Vi kan difor ikkje vere sikre på kva som gøymer seg av nærskylde småartar i det materialet vi førebels namnset som blomemispel, og truleg er det berre eit fåtal ekspertar som er i stand til å skilje dei. Omtalen her gjeld difor blomemispel Cotoneaster multiflorus i litt vid forstand.

Forvekslingar

Blomemispel har ingen opplagde forvekslingsartar. I underslekta Chaenopetalum har vi elles i Noreg i hovudsak to andre innførte og forvilla prydplantar: vintermispel Cotoneaster dammeri og pilemispel Cotoneaster salicifolius. Ingen av desse kan i grunnen forvekslas med blomemispel; vintermispel har ein heilt annan vekseform, og pilemispel har heilt andre blad og har dessutan fleire blomar i blomestanden. I bløming er det med andre ord ikkje så mykje blomemispel kan verte forveksla med. Det gjeld eigentleg òg elles i sesongen: bladformen og den matte bladoversida er spesiell for blomemispel.

For sikker namnfesting av blomemispel er det naudsynt med bilete av blada saman med blome- eller fruktstand.

Pilemispel høyrer til same underslekt som blomemispel, og har dermed dei same karakteristiske, opne blomane som kjem samstundes i kvar blomestand. Skilnadene er derimot mange: pilemispel har lange, smale, meir tilspissa og mørkare grøne blad og dessuten mange fleire blomar i blomestanden (meir enn 20).

Vintermispel tilhøyrer same underslekt som blomemispel og har òg opne, kvite blomar med sprikjande kronblad.

Vintermispel kan derimot ikkje forvekslas med blomemispel av di både vekseform, blad og blomestand er ulik: Vintermispel er ein krypande til mattedannande busk, medan blomemispel er ein høgvaksen busk. Vintermispel har små, mørkgrøne, lêrfaste og blanke blad, medan blomemispel har store, lysgrøne, tynne og matte blad. Vintermispel har oftast berre to eller tre blomar saman, medan blomemispel har mange blomar saman i opne kvastar.

Blankmispel Cotoneaster lucidus representerer her den andre underslekta, underslekt Cotoneaster, med meir opprette eller innbøygde kronblad som ofte er litt raudlege. Blomane i kvar blomestand opnar seg suksessivt.

Dvergmispel Cotoneaster scandinavicus er ein heimleg art som absolutt ikkje kan forvekslas med blomemispel; dei to tilhøyrer ulike underslekter. Den matte bladoverflata kan kanskje vere litt snarlik, men sjå på fruktene som sit einskilde eller i eitt par hos dvergmispel! Bladundersida hos dvergmispel er dessutan kvitt filthåra.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fryer J og Hylmö B (2009). Cotoneasters: A comprehensive Guide to Shrubs for Flowers, Fruit, and Foliage. Timber Press, Portland/London. 344 s.

Hylmö B (1993). Oxbär, Cotoneaster, i Sverige. Svensk Botanisk Tidskrift 87: 305–330.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.