Smørblomen engsoleie, fjellfanten mogop, giftbomben prakthjelm og vårteiknet blåveis er alle i same familie, soleiefamilien. Mange av desse blomane er kjende og kjære, nokre veks i hagar, andre på dei høgaste fjell. No kan du bli kjend med dei alle i Arter på nett!

Vi kan ramse opp mange kjende artar i soleiefamilien, men han har òg meir sjeldsynte og meir ukjende artar. Anten dei er vanlege eller sjeldsynte, heimlege eller framande, iaugefallande eller usjålege, så finn du no informasjon om dei i Artsdatabankens teneste Artar på nett. Heile 91 artar og seksten underartar har fått fyldig omtale og flotte bilete, og digital bestemmingsnøkkel til artane er òg på plass.

Det er Hanne Hegre og Reidar Elven som står bak tekstane til soleiefamilien, medan fleire fotografer har bidrege med bilete, aller flest har Eli Fremstad teke. Charlotte Sletten Bjorå leder arbeidet frå Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo si side.

I alle typar natur og hagar med

Issoleie veks høgt til fjells, og i det ho ikkje er så giftig som mange andre soleier, er ho ein populær beiteplante for rein.

Tysk ranke er ein innført plante som vert dyrka som prydplante og er funnen forvilla nokre få stader i låglandet i Sør-Noreg.

Dei fleste av oss tenkjer kanskje på soleier som vanlege i eng og skog, men familien er representert i mange typar natur.

- På fjellet kan ein treffe på små soleier som fjellfrøstjerne og dvergsoleie, eller den meir iaugefallande issoleia som faktisk er blitt funne nesten på toppen av Galdhøpiggen, på heile 2370 meter over havet. Og på fuktige stader i låglandet finst soleihov. Seks vassoleier er òg funne i Noreg og alle er kvite, står eller flyt i vatn og er vanskelege å ta til art. Hybridar førekjem òg. Vassoleier er ei retteleg utfordring for dei som treng noko å bryne seg på, inkludert meg sjølv, fortel Hanne Hegre.

Det er òg mange artar i soleiefamilien som står i hagar rundt om i Noreg, til dømes klematis, akeleier, riddarspore og hageballblom.

- Rankeslekta Clematis er i Noreg truleg mest kjend som flotte hageplantar, og nokre av desse har forvilla seg. Mindre kjend, men ikkje desto mindre spanande, er det at vi òg har ein heimleg art i slekta, nemleg skogranke. Denne arten gøymer seg bort i skuggerike bekkekløfter i eit lite område i Gudbrandsdalen, seier Reidar Elven.

Giftige plantar

I familien finn vi òg plantar som er særs giftige. Til dømes prydplanten storhjelm, som inneheld nervegifta akonitin, den heimlege slektningen tyrihjelm, tiggarsoleie og artane i juleroseslekta.

- Familien inneheld mange giftige vekster som òg har vore nytta medisinsk. Det er ein god regel å ikkje beite på vekster som ein ikkje er heilt sikre på kva er, seier Hanne Hegre.

Eit formidabelt arbeid ligg bak

Plantar er ikkje like enkle å ta til art i alle stadium. Stundom finn ein dei med berre blad, og andre gonger står dei med frø eller er visne. Og mange er vanskelege å namnfeste sjølv om ein har heile planten med blad og blome.

- Vi har beskrive ulike karakterar som er viktige for å kunna namnfeste artane. Eli Fremstad og eg har og tråla land og strand på jakt etter både unge og gamle planter slik at så mange som mogleg av plantane og karakterane er illustrerte med bilete. Det held nemleg ikkje å berre ha bilete av planta i blomstring, helst skal det òg vere bilete av fruktstanden til plantane. For ikkje å gløyme bilete av alle andre viktige kjenneteikn som skil artane frå kvarandre, fortel Reidar Elven.

I Artsdatabanken er det Kristin Odden Nystuen som trekk i trådane for å få floraen på plass i Artar på nett.

- Det er fleire forfattarar bak floraen, og dei har snart fleire familiar klare for publisering i Artar på nett. Tidleg i haust ventast orkideane å vere klare, og meir kjem utover hausten og vinteren. Målet er å på sikt få informasjon om, og nøklar til, alle karplantane, men med fleire tusen artar, vil det ta tid. Akkurat no manglar bilete av nokre artar, og nøkkelsystemet vårt skal òg utviklast vidare, men forbetringar kjem på plass litt no og da. Det er berre å fylgje med, seier Kristin Nystuen.

Trollbær er ein heimleg plante som veks over det meste av landet. Dei svarte bæra er kjende som giftige for både menneske og dyr.