Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til rankeslekta Clematis

Berre éin art i rankeslekta er heimleg i Noreg (skogranke C. sibirica), medan sju artar er funne som framande, anten som forvilla hageplantar eller komne inn med til dømes ballastjord. Storparten av artane i rankeslekta Clematis er klengjebuskar med samansette blad, men det er unnatak frå begge desse trekka. Stivklematis C. recta er ein stivt opprett urt. Klokkeklematis C. integrifolia har heile, enkle blad. Viktige trekk å sjå etter er difor om blada er samansette eller ikke, om planten er ein klengjebusk eller ein urt, om det finst ei bikrone (av kronblad) innanfor dei større blomeblada (begerblad), og farge på blomen.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.