Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til symreslekta Anemone

Symreslekta er mangfaldig og fell kanskje i framtida frå kvarandre i fleire slekter, eller ho blir ei mykje større slekt ved at både kubjølleslekta Pulsatilla, kanadasymreslekta Anemonidium og blåveisslekta Hepatica går inn i ho. Slik ho no er avgrensa inneheld ho sju artar i Noreg, to heimlege og fem framande, forvilla hageplantar. Alle artane har grunnstilte blad i ein form for rosett, eller dei kjem opp som einskilde blad frå ein krypande jordstengel, tre kransstilte blad på blomeskafta, og blomeblad i éin krans. Sikker identifisering krev ofte at ein veit korleis dei underjordiske delane er (knollforma, kort krypande eller langt krypande). Andre viktige karakterar er farge og tal på blomeblad og om dei er snaue eller håra på utsida.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.