Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til underslekta vassoleier Batrachium

Vassoleiene er ei underslekt av Ranunculus med seks norske artar. Desse artane har kvite blomar, veks i vatn eller på svært våte stader, og har ofte blad-dimorfi, det vil seie to heilt ulike typar blad: trådflika, mørkgrøne undervassblad og breiflika, grøne flyteblad. Nokre artar har berre éin av typane, andre artar har begge på same planten. Viktige kjenneteikn elles ligg i storleik på blomen, formen på blomeblada (kronblad) og om dei overlappar eller ikkje, formen på nektargropa ved grunnen av blomeblada (sterk lupe!), og formen og hårklednaden på smånøttene. Variasjonen i gruppa er sterkt prega av hybridisering, og det er mogleg at storparten av dei plantane vi finn i norsk natur, er hybridar. Slike hybridar har oftast eller alltid fruktabort (frukthovudet utviklar seg ikkje til smånøtter) og ofte blad som er mellomformer mellom flyteblad og undervassblad, det vil seie flyteblad med frå nokre til mange trådforma flikar saman med dei breie flikane.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.